St.prp. nr. 14 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002)

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002), i samsvar med eit vedlagt forslag.