2 Omtale av utbygginga
Hardangerbrua er planlagt som tofelts hengebru med gang- og sykkelveg. Brua får eit hovudspenn på 1 310 m og totallengde på 1 380 m. Brutårna får ei høgd på 186 m over fjorden. Prosjektet omfattar også 2,4 km tunnel og 0,8 km veg i dagen. I tillegg skal det byggjast 0,9 km gang- og sykkelveg fram til brua. Hardangerbrua vil bli den lengste hengebrua i Noreg. Seglingshøgda er planlagt til 55 m.
Frå nord startar prosjektet med bygging av ei rundkøyring i den eksisterande Vallaviktunnelen på fellesstrekninga mellom rv 7 og rv 13. Frå rundkøyringa blir det bygd tunnel fram til brustaden vest for Vallavik. Her kryssar tunnelen over eksisterande tunnel på fylkesvegen til Tjoflot før vegen går direkte over i brua. På sørsida går vegen direkte inn i tunnel under Buplatået. Også denne tunnelen får ei rundkøyring. Frå denne vil trafikken gå sørover mot Ullensvang/Odda på rv 13 og austover mot Eidfjord på rv 7. Etter opning av Hardangerbrua vil ferjesambandet Bruravik - Brimnes bli nedlagt.
Prosjektet omfattar tiltak i kommunane Ulvik og Ullensvang. I tillegg er det aktuelt å plassere overskotsmassar i Eidfjord kommune, slik at arealplanane omfattar tre kommunar. Konsekvensutgreiinga og reguleringsplanane for prosjektet blei godkjende hausten 2004.
Hardangerbrua blir synleg i eit stort område og vil påverke opplevinga av det eigenarta fjordlandskapet. Det er store utfordringar i å finne gode utformingar med minst mogleg nye inngrep i det bratte landskapet. Det blir små terrenginngrep der brua møter land fordi vegen går nesten direkte inn i tunnel på begge sider av fjorden. Lokalt medfører tiltaket relativt små inngrep i naturmiljøet, og der det er inngrep er dette i natur med lokal verdi. Tiltaket vil påverke eit landskap med store kulturhistoriske verdiar, og kulturminnestyresmaktene meiner at tiltaket vil ha negative konsekvensar. Eit kort stykke av den gamle, lokalt verdifulle grendavegen må leggjast om. Vidare har tiltaket nærføring til det verneverdige tunet Vallavik, og brua kan vere eit forstyrrande element for opplevinga av kulturmiljøet. Kva konsekvensar bygging av Hardangerbrua vil få for tilstøytande vegnett er omtalt i kapittel 5. Der er også konsekvensar for villreinen på Hardangervidda omtalte.