St.prp. nr. 2 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av rv 7/rv 13 Hardangerbrua i Hordaland

Til innhaldsliste

4 Bompengesøknad og lokalpolitisk behandling

Bompengeselskapet Hardangerbrua AS blei skipa i 1987. Hovudaksjonæren er Hordaland fylkeskommune. Dei andre eigarane er kommunane Bergen, Kvam, Granvin, Voss, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang.

Ut frå trafikkprognosane i konsekvensutgreiinga utarbeidde Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Statens vegvesen og bompengeselskapet ein førebels finansieringsplan for Hardangerbrua våren 2004. Fylkestinget i Hordaland fatta følgjande vedtak i møte 8. juni 2004:

«1. Fylkestinget godkjenner følgjande opplegg for fullfinansiering av Hardangerbrua utan ordinære statlege stamvegmidlar:

2004-kr
Kommunale tilskot150 mill. kr
Konsesjonskraftinntekter355 mill. kr
Sparte ferjesubsidiar115 mill. kr
Kompensasjonsmidlar5 mill. kr
Bompengeinntekter990 mill. kr
Sum prosjektkostnad1 615 mill. kr

2. Fylkestinget ber om at Hardangerbrua AS utarbeider bompengesøknad med grunnlag i det aktuelle opplegget for fullfinansiering av Hardangerbrua.»

Hardangerbrua AS utarbeidde på dette grunnlaget ein bompengesøknad i samarbeid med Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune. Finansieringsplanen i bompengesøknaden var justert noko samanlikna med den førebelse finansieringsplanen ved fylkestinget si behandling i juni 2004 som følgje av m.a. auke i kostnadsoverslaget og lågare trafikkprognosar ut frå Statens vegvesen sitt arbeid med kvalitetssikring av tala i konsekvensutgreiinga.

Ved behandlinga av bompengesøknaden fatta Ulvik heradsstyre, Ullensvang haradsstyre og Eidfjord formannskap likelydande vedtak. Kommunane viser til at det i bompengesøknaden berre er lagt inn ferjeavløysingsmidlar for eksisterande ferjetilbod. Kommunane meiner det må kompenserast for eit utvida ferjetilbod basert på stamvegstatus. Utover dette hadde ikkje dei tre kommunane merknader til bompengesøknaden, og dei tilrådde at den blir godkjent.

Bompengesøknaden blei behandla i Hordaland fylkesting 15. desember 2004. Finansieringsplanen ved fylkestinget si behandling er noko justert samanlikna med bompengesøknaden. Fylkestinget fatta følgjande vedtak:

  1. «Fylkestinget tilrår bompengesøknaden for Hardangerbrua, der det vert lagt til grunn eit fullfinansiert opplegg utan statlege riksvegmidlar med bompengeinnkreving i ein periode på 17,5 år.

  2. Dersom handsaminga av søknaden på sentralt hald viser at det ikkje er aktuelt med ein bompengeperiode utover 15 år, tilrår fylkestinget at det vert sett av midlar innanfor den fylkesfordelte riksvegramma med inntil 115 mill. kr i perioden 2010-2015.

  3. Fylkestinget gjev simpel garanti for lån inntil 1 300 mill. kr (2004-kr) som Hardangerbrua AS skal ta opp til finansiering av prosjektet.

  4. Fylkestinget godkjenner å gjere bruk av ordninga med betinga refusjonar med inntil 100 mill. kr (2004-kr).

  5. Fylkestinget godkjenner at Hordaland fylkeskommune gjev eit tilskot på 355 mill. kr til bygging av Hardangerbrua. Summen skal finansierast av konsesjonskraftinntekter og stillast til disposisjon for prosjektet i byggetida. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg inntekter frå sal av konsesjonskraft til å dekke summen på 355 mill. kr i byggetida for prosjektet, godkjenner fylkestinget nødvendige forskotteringar.

  6. Det er i søknaden berre lagt til grunn ferjeavviklingsmidlar for eksisterande ferjetilbod. Fylkestinget meiner at når ferjesambandet no er eit stamvegsamband, er det eit ferjetilbod basert på stamvegstatus som må kompenserast.»