8 Samferdselsdepartementet si vurdering
Formålet med prosjektet er å betre kommunikasjonane både lokalt for kommunane i indre Hardanger, regionalt og for fjerntrafikken aust-vest (Bergen-Oslo) og nord-sør (Rogaland og Sogn og Fjordane). Prosjektet vil erstatte dagens ferjesamband på rv 7/rv 13 mellom Bruravik og Brimnes. Hardangerbrua er planlagt som tofelts hengebru med gang- og sykkelveg. Prosjektet omfattar også 2,4 km tunnel og 0,8 km veg i dagen.
Prosjektet skal finansierast gjennom bompengar, fylkeskommunale og kommunale tilskot, innsparte ferjetilskot og ordinære statlege midlar. Det er ein føresetnad at finansieringa i hovudsak skal skje gjennom bompengar og lokale tilskot. Fylkestinget har gått inn for å setje av inntil 180 mill. 2006-kr frå ordinære statlege midlar. Dette er gjort for å oppnå at etterskotsinnkrevjinga blir ned mot 15 år. Fylkeskommunen har vidare garantert for opp til 1 300 mill. 2004-kr i låneopptak.
Trafikkprognosane for prosjektet er usikre. Fleire konsulentar har vore engasjerte for å kvalitetssikre trafikkgrunnlaget. Ved den eksterne kvalitetssikringa konkluderer konsulenten med at den årsdøgntrafikken i opningsåret som Statens vegvesen har lagt til grunn, representerer eit nokså nøkternt anslag. Samferdselsdepartementet sluttar seg til dette.
Konsulenten ved den eksterne kvalitetssikringa meiner at prosjektet burde vore vurdert innafor ei større ramme der ulike framtidige samband nord- sør og aust- vest blir sett i samanheng før endeleg vedtak om utbygging. Samferdselsdepartementet viser til at Hardangerbrua både vil inngå i stamvegnettet (rv 13) og øvrig riksvegnett (rv 7). Det er føresett at Hardangerbrua i hovudsak blir finansiert gjennom bompengar og lokale tilskot. I det gjeldande styringssystemet skal dessutan fylkeskommunen sine prioriteringar tilleggjast avgjerande vekt for dei statlege investeringane på øvrig riksvegnett. Hordaland fylkeskommune er villig til å bruke midlar frå ramma til øvrige riksvegar til eit prosjekt som også inngår i stamvegnettet. Samferdselsdepartementet legg vekt på at prosjektet inngår i både eit ferjefritt samband nord - sør og aust - vest, og brua vil tene fleire formål og gi betre kommunikasjonar både lokalt i indre Hardanger, regionalt og for fjerntrafikken.
På bakgrunn av utgreiinga av konsekvensar for villreinen på Hardangervidda, som er anslått å vere ferdigstilt i 2006, vil spørsmålet om miljøtunnelar på Hardangervidda bli vurdert. Viss ei tunnelløysing blir valt, ser Regjeringa det som aktuelt å forlengje bompengeperioden for å bidra til å finansiere dette.