1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om bygging og finansiering av ny ferjekai på Årsnes i Kvinnherad kommune i Hordaland. Ferjekaia vil erstatte noverande ferjekai på Løfallstrand i sambanda til Gjermundshamn og Varaldsøy. I tillegg til bygging av ferjekai på Årsnes vil det bli gjennomført utbetringstiltak på rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes.
Det er lagt opp til anleggsstart våren 2009. Ferjekaia er planlagt opna for trafikk hausten 2010. Utbetringstiltaka på riksvegen mellom Løfallstrand og Årsnes vil bli gjennomførte parallelt med bygginga av ferjekaia.
Tiltaka er føresett finansierte med statlege midlar og bompengar. Bompengeinntektene vil komme frå auka takstar i ferjesambanda. Delar av finansieringa er basert på utsett statleg refusjon av tidlegare forskotterte midlar frå Kvinnherad kommune.
Prosjektet er omtalt i St.prp. nr. 1 (2005-2006), side 129.