4 Trafikkgrunnlag
Årsdøgntrafikken (ÅDT) i ferjesambanda mellom Løfallstrand og Gjermundshamn og mellom Løfallstrand og Varaldsøy var i 2007 på til saman om lag 500 køyretøy. Den årlege trafikkveksten sidan 1998 har i gjennomsnitt vore på i overkant av 3 pst. i ferjesambandet mellom Løfallstrand og Gjermundshamn. I sambandet mellom Løfallstrand og Varaldsøy har den årlege veksten vore på om lag 2 pst.
Dersom Jondalstunnelen blir vedteken utbygd, jf. St.prp. nr. 72 (2007-2008), vil det vere fire alternative ruter frå Odda til området vest/nord for Hardangerfjorden:
Via ferjesambandet Utne – Kvanndal
Via Hardangerbrua (ferjesambandet Brimnes – Bruravik fram til opninga av brua)
Via ferjesambandet Årnes – Gjermundshamn
Via Jondalstunnelen og ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd
At trafikantane har fleire alternativ fører til at det er komplisert å rekne ut fordelinga på dei ulike rutene og dermed trafikkgrunnlaget for sambandet Årsnes – Gjermundshamn. Noko av trafikken som i dag nyttar sambandet til Gjermundshamn som reiseval mellom Odda og Bergensområdet, er venta å velje Hardangerbrua eller Jondalstunnelen etter opninga av desse sambanda. Effekten av Hardangerbrua og Jondalstunnelen på trafikken i sambandet Årsnes – Gjermundshamn er venta å bli dempa noko etter 2016. Då er bompengeinnkrevjinga i Folgefonntunnelen avslutta, noko som er venta å gjere ferja via Årsnes noko meir attraktiv som reiseval mellom Odda og Bergensområdet.
For trafikk til og frå Kvinnherad som nyttar ferjesambandet til Gjermundshamn, og for trafikk i sambandet til Varaldsøy, er trafikkveksten venta å utvikle seg om lag som den generelle trafikkveksten i Hordaland. Avvisningseffekten på trafikken som følgje av bompengepåslaget i dei nye sambanda frå Årsnes er venta å bli liten. Dette skuldast at dei nye sambanda blir plasserte i takstsone 6 i ferjeregulativet før bompengepåslaget, medan dagens ferjesamband er plasserte i takstsone 8. Opplevd prisauke for trafikantane vil derfor vere mindre enn bompengepåslaget.
Samla sett tilrår Statens vegvesen at det blir lagt til grunn ein framtidig årleg trafikkvekst på 1 pst. for begge ferjesambanda. Prognosen er noko lågare enn dei generelle prognosane for trafikkvekst som er utvikla for Hordaland i samband med Nasjonal transportplan 2010-2019.