3 Lokalpolitisk behandling
Eit opplegg for finansiering av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes gjennom innkrevjing av bompengar i sambandet Årsnes - Gjermundshamn blei lagt fram for lokalpolitisk behandling i 2006. Tiltaka blei planlagt gjennomførte innafor ei samla kostnadsramme på 60 mill. 2006-kr. Det blei føresett ei statleg løyving på 20 mill. kr i perioden 2006-2009, i tråd med fastsett handlingsprogram. Saka blei behandla av Kvinnherad kommunestyre 20. april 2006. Kommunestyret fatta følgjande vedtak:
Kvinnherad kommunestyre søkjer med dette om løyve til innkrevjing av bompengar på ferjesambandet Årsnes-Gjermundshamn for å delfinansiere dei tiltak som er omtalt i vedlagde søknad.
Kvinnherad kommunestyre legg til grunn at låneopptak og nedbetaling med bompengeinntekter blir administrert av eit eige selskap der kommunen og fylkeskommunen inngår på eigersida. Det blir seinare fremja eiga sak om dette.
Oppgåver knytt til sjølve innkrevjinga av bompengane vil bli løyst i eit samarbeid mellom ferjeselskap om bompengeselskap.
Det er framleis ein føresetnad for Kvinnherad at den første delen av byggjeprosjektet er å omleggja/utbetra vegen Løfallstrand-Årsnes parallelt med byggjing av ferjestøet. Vegen må vera ferdig til opning av ferjestøet.
Hordaland fylkesting behandla saka 10. oktober 2006. Følgjande vedtak blei fatta:
Fylkestinget går inn for opplegget med bompengefinansiering av ny ferjekai på Årsnes og opprustinga av vegstrekninga rv 48 Løfallstrand-Årsnes, slik det ligg til grunn i vedtaket i Kvinnherad 20. april 2006 og i vedlagde bompengesøknad, datert 31. mars 2006.
Fylkestinget viser til nytteprinsippet og går i tillegg til bompengeinnkreving på Årsnes-Gjermundshamn også inn for innkrevjing på ferjesambandet Årsnes - Varaldsøy.
Spørsmålet om også å krevje inn bompengar i ferjesambandet Årsnes – Varaldsøy blei behandla av Kvinnherad kommunestyre 30. august 2007. Følgjande vedtak blei fatta:
Kvinnherad kommunestyre viser til Fylkestinget sitt vedtak den 10. oktober 2006 og går i tillegg til bompengeinnkrevjing på Årsnes-Gjermundshamn også inn for tilsvarande innkrevjing på ferjesambandet Varaldsøy - Årsnes.
I tråd med nytteprinsippet i staten sine retningsliner for bompengeprosjekt, skal det ikkje krevjast inn bompengar på ferjesambandet Varaldsøy-Gjermundshamn.
Etter ein ny kostnadsgjennomgang hausten 2007 blei kostnadsoverslaget oppjustert. Årsaka er mellom anna auka kostnadsnivå i anleggsbransjen. Nytt kostnadsoverslag blei rekna til 80 mill. kr. Som følgje av kostnadsauken blei saka behandla på nytt i Kvinnherad kommunestyre 7. februar 2008. Kommunestyret fatta følgjande vedtak:
Kvinnherad kommune aksepterer utsetjing frå 2009 til perioden 2010–2013 med refusjon av 20 mill. kr i tidlegare forskotterte midlar til riksveg 551 Austrepollen-Løfallstrand.
Vilkåret er at midlane i 2009 blir stilte til disposisjon for fullfinansiering av nye Årsnes ferjekai og utbetring av riksvegen mellom Løfallstrand og Årsnes.
Kvinnherad kommune ber om at Folgefonntunnelen AS aksepterer overtaking av slik reforskottering som det her blir lagt opp til.
Til utbetring av riksvegen Løfallstrand-Årsnes aksepterer Kvinnherad kommune også bruk av heile eller deler av dei 5,5 mill. kr som kommunen saman med Fusa kommune, Fusa kraftverk og Frank Mohn Fusa AS alt har fått løyve til å forskottere på riksveg 551 Austrepollen-Løfallstrand. Unytta midlar blir å bruke til vidare vegutbetring mellom Sundal og Kroka i Mauranger.
Kvinnherad kommune ber om at Hordaland fylkeskommune godkjenner dette reviderte finansieringsopplegget, og at Staten omgåande handsamar og godkjenner den omsøkte bompengeordninga for delfinansiering av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av riksvegen frå Løfallstrand til Årsnes.
Hordaland fylkesutvalg behandla saka 13. mars 2008, og fatta følgjande vedtak:
Fylkesutvalet har merka seg at kostnadsoverslaget i prosjektet bygging av Årsnes ferjekai og utbetring av riksvegen mellom Løfallstrand og Årsnes har auka og tek dette til etterretning.
Fylkesutvalet syner til tidlegare godkjent forskottering for prosjektet riksveg 551 Austrepollen-Løfallstrand på 20 mill. kr med planlagt refusjonstidspunkt i 2009. I samsvar med vedtak i Kvinnherad kommunestyre går fylkesutvalet inn for at denne refusjonen blir utsett til 2010-2013, og at kostnadsauken på prosjektet bygging av Årsnes ferjekai og utbetring av riksvegen mellom Løfallstrand og Årsnes blir dekka med inntil 20 mill. kr på riksvegbudsjettet i 2009.
Vedtaka inneber at den statlege løyvinga til prosjektet blir auka frå 20 mill. kr til 40 mill. kr. Dei opphavlege 20 mill. kr i statlege midlar er i handlingsprogrammet for perioden 2006-2009 føresett løyvde i 2009. I Statens vegvesen sitt forslag til statsbudsjett for 2009 er det ikkje funne rom for å foreslå statlege midlar til prosjektet. Dette skuldast mellom anna kostnadsauke på fleire igangsette prosjekt på øvrig riksvegnett i Hordaland. Budsjettforslaget medfører derfor at føresette statlege midlar må løyvast i perioden 2010-2013. Hordaland fylkesting vurderte dette i samband med uttale til Statens vegvesen sitt forslag til riksvegbudsjett for 2009. Fylkestinget fatta 10. juni 2008 følgjande vedtak:
Fylkestinget ber om at Stortinget får framlagt bompengesøknad for rv 551 Løfallstrand-Årsnes m/ferjekai snarast råd. Fylkestinget vil prioritere tilstrekkeleg med midlar til prosjektet som ein del av det regionale vegnettet, for å sikre rasjonell anleggsdrift også etter 2009.