St.prp. nr. 2 (2008-2009)

Om bygging og finansiering av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes i Kvinnherad kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Statlege midlar

Det er lagt til grunn 40 mill. kr i statlege midlar. Det er føresett at 20 mill. kr vil bli stilt til disposisjon i 2009 ved at Kvinnherad kommune utset refusjon av tidlegare forskotterte midlar til rv 551 Austrepollen – Løfallstrand. Midlane blei forskotterte av Kvinnherad kommune og nytta i perioden 2001-2005. Det var opphaveleg lagt opp til statleg refusjon innan 2009. Kommunen har godteke at refusjonstidspunktet blir utsett til perioden 2010-2013, føresett at dei frigjorte midlane i 2009 i staden blir nytta til ny ferjekai på Årsnes og utbetring av rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes. Auka budsjettbinding for staten som følgje av utsett refusjon og omprioritering av midlar, er føresett dekka innafor ramma til øvrige riksvegar i perioden 2010-2013. Det same gjeld for dei resterande statlege midlane til prosjektet på 20 mill. kr. Etter at forvaltningsreforma trer i kraft vil desse midlane til øvrig riksvegnett verte overførte til fylkeskommunen sitt rammetilskot.

Bompengar

Det er lagt til grunn at 40 mill. kr vil bli finansiert med bompengar. I tillegg er det føresett at bompengeselskapet forskotterer inntil 20 mill. kr i statlege midlar som er føresett løyvde i perioden 2010-2013. Bompengeinnkrevjinga vil skje i form av takstauke i ferjesambanda. Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing med ein innkrevjingsperiode på 15 år frå fullføring av prosjektet i 2010.

Det er vidare lagt opp til eit bompengepåslag pr. gjennomsnittsreise på om lag 21 kr. Dette tilsvarar ein auke på fire takstsoner, dvs. frå takstsone 6 til takstsone 10. Det er føresett rabattar i samsvar med rabattordningane i riksregulativet for ferjetakstar.

Dersom økonomien i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet, auke takstane med inntil 20 pst. ut over prisstigninga og forlengje innkrevjingsperioden med inntil fem år.

Andre føresetnader for finansieringsplanen

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning: 4,1 pst. frå 2008 til 2009, deretter 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 0,2 mill. kr

Lånerente på 6,5 pst. føreset at det før anleggsstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innafor denne renta i ein periode på 10-15 år.

Ein eventuell kostnadsauke er føresett dekka i samsvar med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt. Kostnadsoverskridingar på inntil 10 pst. er føresett dekka med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som i finansieringsplanen. Kostnadsauke ut over 10 pst. er føresett dekka innafor den fylkesfordelte investeringsramma til øvrige riksvegar i Hordaland.

Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:

  • Kostnadsauke på 10 pst.

  • Ingen årleg trafikkvekst

  • Takstauke på 20 pst. etter to år.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 16 år.