2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.
Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.
Post 21 Utgreiingar vedrørande miljø, trafikktryggleik mv.
Det ser ut til å bli eit mindreforbruk på posten m.a. på grunn av eit lågare aktivitetsnivå enn opphavleg lagt opp til for 2000. Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1301, post 21, med 1,9 mill. kr frå 13,2 mill. kr til 11,3 mill. kr. Reduksjonen vil dekkje auken av løyvingane på kap. 1314, post 01 og kap. 1354, post 01, jf. omtale under kap. 1314 og kap. 1354.