5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn
Post 01 Driftsutgifter
Den regjeringsoppnemnde granskingskommisjonen etter togulykka på Rørosbanen 4. januar 2000 har i brev 12. september 2000 til Samferdselsdepartementet kome med tilråding om straks å setje i gang eksterne granskingar av signalanlegg NSI 63 på jernbanen utan å vente på den endelege rapporten frå kommisjonen. Bakgrunnen for dette er at det er viktig å sikre seg mot at feil som er oppdaga i signalanlegget på Rørosbanen, NSB-87, også ikkje finst i NSI 63.
Samferdselsdepartementet har bedt Statens jernbanetilsyn om å vurdere og følgje opp tilrådingane frå kommisjonen. Statens jernbanetilsyn har kome til at signalanlegget NSI 63 bør granskast og har alt starta dette arbeidet. Til dette arbeidet er tilsynet avhengig av å leige inn eksterne konsulentar. Jernbanetilsynet ønskjer m.a. å få utført ei vurdering av tidlegare utførte analysar, og eventuelt etterpå å få utført utfyllande analysar. I tillegg ønskjer tilsynet å gå inn i det statistiske materialet som ligg føre, for å finne ut kva for moglege tekniske problem signalanlegget kan ha. Jernbanetilsynet vil også følgje opp det arbeidet som Jernbaneverket gjer i samband med ein konstruksjonsgjennomgang (reengineering) av NSB-87-anlegga. Til dette trengst også ekstern ekspertise, men truleg ikkje før i 2001.
For 2000 er det rekna med at arbeidet med å følgje opp tilrådingane frå kommisjonen vil koste om lag 1 mill. kr. Samferdselsdepartementet gjer av den grunn framlegg om å auke løyvinga på kap. 1354, post 01, med 1 mill. kr frå 11,74 mill. kr til 12,74 mill. kr. Auken blir dekt inn ved å redusere løyvinga på kap. 1301, post 21, jf. omtale under kap. 1301.
Kap. 5611 Renter av lån til NSB BA med dotterselskap
Post 80 Renter av lån til NSB BA
Renteperioden for lån til NSB BA er for tida 6 månader. Siste betaling for 2000 var i august i år. Rekneskapen for 2000 viser at betaling av renter til NSB BA er over 12 mill. kr høgare enn budsjettert. Departementet gjer derfor framlegg om å auke kap. 5611, post 80 Renter av lån til NSB BA, med 12 mill. kr frå 124 mill. kr til 136 mill. kr.
Post 81 Renter av lån til NSB Gardermobanen AS
NSB Gardermobanen AS er etablert med eit statslån på 1 118 mill. kr. Lånet skal innfriast seinast 2. desember 2001, jf. St.prp. nr. 52/Innst. S. nr. 237 (1999-2000). NSB Gardermobanen AS og staten ved Samferdselsdepartementet har inngått ein avtale som gjeld frå 1. januar 2000. Renter på det statlege lånet til NSB Gardermobanen AS skal reknast med utgangspunkt i NIBOR (interbankrenta). For 2000 er rentene rekna til 73 mill. kr. Den faktiske rentebetalinga vil vere avhengig av den generelle renteutviklinga og selskapet sitt val av renteperiode.