4 Programkategori 21.30 Vegformål
Østfoldpakka - oppføring av bomstasjonar og førebuande arbeid
Stortinget samtykte ved handsaminga av St.prp. nr. 26 (1999-2000) i å starte innkrevjing av bompengar for delvis finansiering av utbygginga av Ev 6 og Ev 18 gjennom Østfold, jf. Innst. S. nr. 111 (1999-2000). I St.prp. nr. 1 (2000-2001) er det gitt nærare omtale av oppstarten på Østfoldpakka. Det er i St.prp. nr. 1 (2000-2001) varsla at departementet ville kome tilbake til saka i ein samleproposisjon hausten 2000.
I tilknyting til Ev 6 skal det setjast opp tovegs bomstasjonar på Ev 6 ved Akershus grense og på fv 311 ved Kambo. Moss kommune har utsett slutthandsaminga av reguleringsplanane for bomstasjonane til etter at Stortinget har handsama St. meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011. Kommunen grunngir vedtaket med at kommunen ikkje kan vere vert for bomstasjonar utan at utbygging av jernbane og hamneveg har fått ei tilfredsstellande og bindande framdrift som Moss by kan akseptere. Det vil såleis ikkje vere mogleg å starte arbeidet på bomstasjonane i 2000, slik det er lagt opp til i St.prp. nr. 1 (2000-2001).
Ev 6 er saman med Ev 18 og jernbanen gjennom Østfold hovudårer i transportsystemet til og frå utlandet og i eit nasjonalt og regionalt perspektiv. Ei lengre utsetjing av utbygginga av Ev 6 vil vere uheldig og i strid med viktige nasjonale interesser. Samferdselsdepartementet ser det som svært viktig at det raskt blir starta innkrevjing av bompengar for delvis finansiering av utbygginga av Ev 6 gjennom Østfold, jf. også omtale i St.prp. nr. 1 (2000-2001), der det er varsla anleggsstart på strekninga Patterød-Akershus grense i januar 2001. Departementet vil derfor vurdere bruk av statleg plan for plassering av bomstasjonane knytte til Ev 6. Tidspunkt for igangsetjing av veganlegget kan bli noko utsett. Arbeidet blir starta når det ligg føre avklaring for bomstasjonane.
På Ev 18 skal det stå einvegs bomstasjonar ved kommunegrensa Askim/Eidsberg og vest for Fossum bru i Spydeberg kommune. Det ligg føre vedtekne reguleringsplanar for bomstasjonane. Det er planlagt å starte arbeidet med bomstasjonane mot slutten av 2000. Bompengeinnkrevjing på Ev 18 vil kunne starte våren 2001. Kostnadsoverslaget for bomstasjonane er 29 mill. kr. Det er lagt til grunn at bompengeselskapet fullt ut stiller til rådvelde midlane til å føre opp bomstasjonane. Lånebehovet i 2000 er om lag 9 mill. kr.
Vidare er det planlagt å setje i gang planlegging, prosjektering og arkeologiske undersøkingar på parsellen Ev 18 Ørje-Eidsberg grense i år. Sjølve utbygginga av parsellen vil ta til i 2001. Arbeidet i 2000 er lagt til grunn utført innafor ei kostnadsramme på 3 mill. kr. Kostnadene er rekna med i prosjektkostnadene som er oppgitte i St.prp. nr. 1 (2000-2001). Dette arbeidet skal også finansierast med bompengelån. Lånebehovet i 2000 er om lag 3 mill. kr.
Lånebehovet i 2000 til oppføring av bomstasjonar på Ev 18 og førebuande arbeid på Ev 18 Ørje-Eidsberg grense er dermed om lag 12 mill. kr. Dette er ei endring frå St.prp. nr. 1 (2000-2001), der det totalt er lagt til grunn eit låneopptak for heile Østfoldpakka i 2000 på 50 mill. kr. Det vil derfor vere behov for eit låneopptak til Østfoldpakka i 2001 på om lag 38 mill. kr utover det lånebehovet som er oppgitt for 2001 i St.prp. nr. 1 (2000-2001).
Delvis bompengefinansiering av forsert kollektivutbygging i Oslo og Akershus (Oslopakke 2)
Ved handsaminga av St.prp. nr. 64 (1999-2000) Om delvis bompengefinansiering av forsert kollektivutbygging i Oslo og Akershus (Oslopakke 2), jf. Innst. S. nr. 239 (1999-2000), blei det vedteke å innføre auka bompengesatsar i Oslo-området (2 kr pr. enkeltbillett). I tillegg blei det lagt til grunn auka trafikantbetaling på kollektivtrafikken (0,75 kr pr. reise).
I St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, blei det vist til at Vegdirektoratet no arbeider med den praktiske gjennomføringa av takstauken til Oslopakke 2.
I vedtaka i Akershus fylkesting 22. februar 2000 og Oslo bystyre 5. april 2000 blei det teke atterhald om revurdering av bompengesatsane sett i lys av den statlege oppfølgjinga. Fylkesutvalet i Akershus gjorde vedtak om saka 19. september 2000 og tilrår å inflasjonsregulere takstane pr. 1. januar 2001 utan Oslopakke 2 (dvs. påslag på 1 kr pr. enkeltbillett). Det blir vidare tilrådd å auke takstane etter prinsippet med Oslopakke 2 når Stortinget har handsama Oslopakke 2. Oslo bystyre gjorde vedtak 27. september 2000 og tilrår å inflasjonsregulere takstane pr. 1. januar 2001 utan Oslopakke 2 (dvs. påslag på 1 kr pr. enkeltbillett). Det blir vidare tilrådd å auke takstane etter prinsippet med Oslopakke 2 når Stortinget har gjort forpliktande vedtak om Oslopakke 2.
Samferdselsdepartementet forstår dette slik at lokale styremakter vil avvente Stortinget si handsaming av dei økonomiske planrammene i St.meld. nr. 46. Forpliktande vedtak blir gjort i dei årlege budsjetta. Det blir lagt opp til ei ny lokalpolitisk handsaming om innføring av auka takst etter prinsippa med Oslopakke 2, etter at Stortinget har handsama St.meld. nr. 46.
På denne bakgrunn har Vegdirektoratet opplyst at det tidlegast vil vere mogleg å innføre auka takstar etter prinsippet med Oslopakke 2 den 1. juli 2001. Takstauke for trafikantbetalinga i kollektivtrafikken vil skje frå same tidspunkt som for dei auka bompengane.
I St.prp. nr. 64 peikte Samferdelsdepartementet på at tidlegast mogleg innføring av auka bompengetakstar og auka takstar på trafikantbetaling i kollektivtrafikken vil styrke den økonomiske ramma. I St.prp. nr. 1 (2000-2001) la departementet til grunn at innkrevjing av bompengar startar i 2001, så snart avtalen med bompengeselskapet og dei praktiske forholda er i orden. Samferdselsdepartementet meiner derfor at det er uheldig at ikkje takstauken blir sett i verk før tidlegast 1. juli 2001. Dette vil svekkje inntektsgrunnlaget for Oslopakke 2. Departementet vil også understreke at det er uvanleg at dei bindande lokale vedtaka ikkje ligg føre før etter at Stortinget har handsama saka, og at dette ikkje er normal prosedyre ved bompengeprosjekt.
Saka blir omtalt til orientering.