3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart
Post 01 Driftsutgifter
Ein nærare gjennomgang av budsjettet til Havarikommisjonen for sivil luftfart viser at det er nødvendig å auke løyvinga for havariundersøkingar. Dei samla utgiftene til havariundersøkingar i 2000 er no rekna til om lag 2,4 mill. kr, mot opphavleg budsjettert 0,8 mill. kr. På grunn av forseinka innflytting i nybygg kan Havarikommisjonen omdisponere 0,7 mill. kr til havariundersøkingar innafor den vedtekne løyvinga. Det er dermed nødvendig med ei løyving på ytterlegare 0,9 mill. kr.
Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1314, post 01, med 0,9 mill. kr frå 9,6 mill. kr til 10,5 mill. kr. Auken blir dekt inn ved å redusere løyvinga på kap. 1301, post 21, jf. omtale under kap. 1301.
Luftfartsverket - statsrekneskapen 1999
I samband med Riksrevisjonens revisjon av statsrekneskapen for 1999 kom det m.a. fram at driftsresultatet for Luftfartsverket ført opp i St.meld. nr. 3 (1999-2000) Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999, var om lag 25,4 mill. kr lågare enn rapportert i Samferdselsdepartementets forklaringar til statsrekneskapen for 1999, jf. også Dok. nr. 1 (2000-2001). Det riktige talet som er 94 mill. kr, går fram av departementets forklaringar til statsrekneskapen og er i samsvar med Stortingets vedtak, jf. St.prp. nr. 67/Innst. S. nr. 236 (1998-99). Avviket har oppstått ved eit byte på debet og kredit for posteringane som blei gjort på Luftfartsverkets kap./post/underpost 2450.24.14 og kap./post 5603.81 - Renter av mellomrekneskapen. I samsvar med rundskriv R-9/98 frå Finansdepartementet skal feilføring av beløp over 1 mill. kr leggjast fram for Stortinget. Samferdselsdepartementet ber med dette om samtykkje frå Stortinget til at den nemnde differansen blir korrigert i den sentrale statsrekneskapen over konto for forskyvingar i balansen.
Vidare er det, som omtalt i St.prp. nr. 1 (2000-2001), s. 55, avdekt feil i likvidbehaldninga i Del C i Kassarapporten - Behaldningsoppgåve pr. 31.12.99, på om lag 13,3 mill. kr. Luftfartsverket har no korrigert feilen og gjennomført tiltak for å hindre at liknande feil oppstår igjen.
I tillegg har Samferdselsdepartementet avdekt eit avvik innafor omløpsmidlar under Luftfartsverkets balanse. Dette avviket er no retta opp i Luftfartsverkets balanse pr. 31.12.1999, sjå korrigert balanse pr. 31.12.1999 etter kontantprinsippet i tabell 1.1 på neste side. Korrigeringane verkar ikkje inn på føringane i den sentrale statsrekneskapen.
Tabell 1.1 Balanse pr. 31.12.1999 for Luftfartsverket
Eigedelar | Kroner | Gjeld og eigenkapital | Kroner | |
Omløpsmidlar | Kortsiktig gjeld | |||
Kassebehaldning og innskot | 628 325 474 | Kortsiktig gjeld | 57 706 157 | |
Kortsiktige plasseringar | - | Mellomvære med statskassen | 148 116 895 | |
Kortsiktige fordringar | 1 257 592 | Sum kortsiktig gjeld | 205 823 052 | |
Varelager, varer i arbeid | - | |||
Sum omløpsmidlar | 629 583 066 | Langsiktig gjeld | ||
Statens renteberande kapital | 631 048 000 | |||
Anleggsmidlar | Anna langsiktig gjeld | - | ||
Langsiktige fordringar | - | |||
Aksjar og andelar | 916 580 000 | Sum langsiktig gjeld | 631 048 000 | |
Utlån og obligasjonar | 2 565 835 258 | |||
Driftsmiddel, eigedomar | 7 198 511 212 | Eigenkapital | ||
Sum anleggsmidlar | 10 680 926 470 | Reguleringsfondet | 416 120 011 | |
Eigenkapital elles | 10 057 518 473 | |||
Sum eigenkapital | 10 473 638 484 | |||
Sum eigedelar | 11 310 509 536 | Sum gjeld og eigenkapital | 11 310 509 536 |
Aktivering av regionale lufthamner i Luftfartsverkets balanse
Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2000-2001), s. 55, har Riksrevisjonen teke opp spørsmålet om aktivering av dei regionale lufthamnene i Luftfartsverkets balanse, jf. også Dok. nr. 1 (2000-2001). Samferdselsdepartementet har i denne samanhengen, m.a. ved hjelp av ein ekstern analyse frå Deloitte & Touche, vurdert nærare om og eventuelt korleis verdien av dei flyplassane som Luftfartsverket overtok frå kommunane skal visast i balansen. Deloitte & Touche har konkludert med at den rekneskapsmessige verdien kan oppretthaldast til kr 0,- i og med at Luftfartsverket ikkje har betalt vederlag for overtakinga av lufthamnene, og at nødvendig tilleggsinformasjon blir gitt i notar til Luftfartsverkets rekneskap. På grunnlag av desse vurderingane vil departementet leggje opp til at verdien av dei regionale lufthamnene framleis blir ført til kr 0,- i Luftfartsverkets balanse og at nødvendige korrigeringar blir omtalte i Luftfartsverkets rekneskap for 2000.