1 Samandrag
I denne proposisjonen blir det foreslått å auke ulike postar på budsjettet for utviklingshjelp for 1998 med 183,8 mill. kroner mot tilsvarande reduksjonar på andre postar. Forslaga blir fremma for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret. Det er store behov for midlar til naudhjelp og humanitære tiltak fleire stader i verda, m.a. til naudlidande i Mellom-Amerika. I denne proposisjonen blir det difor foreslått å auke løyvingane til desse formåla. Midlane er tekne frå område der framdrift og rammevilkår for prosjekt og program av ulike årsaker er endra i høve til opphavlege planar. Det er òg foreslått omprioriteringar i budsjettet. Budsjettet for utviklingshjelp er på 10 318 mill. kroner for 1998, av dette er 375 mill. kroner overførde løyvingar frå 1997. Ved bruk av nye midlar og omprioritering av landprogrammidlar er det lagt opp til å bruke til saman ca 63 mill. kroner til hjelpetiltak etter orkanen Mitch.
Av dette vert 20 mill. kroner omdisponert frå landprogram – og regionalmidlar. I tillegg vil 120 mill. kroner bli nytta frå gjeldsfondsmidlane til eit internasjonalt fond for gjeldslette til Mellom-Amerika i regi av Verdsbanken. Dette krev ikkje omfordeling.
Under kap. 0197 Hjelp til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak blir det foreslått omdisponert 10 mill. kroner til dekking av leveransar av mat og medisinar til Nordvest-Russland.