3 Framlegg om reduksjonar
Kap. 0150 Utviklingshjelp til Afrika
Post 01 Driftsutgifter
Grunna utfasing av Fredskorpset i si noverande form er det ledige midlar på posten.
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 12 mill. kroner.
Post 73 Langsiktig utviklingssamarbeid med Eritrea, kan overførast
Planlegging og gjennomføring av tiltak er forseinka grunna grensekonflikt med Etiopia. Samstundes er det auka behov for humanitær hjelp. Regjeringa foreslår difor å redusere løyvinga på posten, samstundes som den humanitære hjelpa til Eritrea blir foreslått auka, jf. omtale under kap. 0191, post 76 Humanitær hjelp til Afrika.
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 24,4 mill. kroner.
Post 79 Regionløyving for andre samarbeidsland, kan overførast
Regjeringa foreslår ein reduksjon i løyvinga på posten for å gje rom for andre høgt prioriterte innsatsar. Dette heng m.a. saman med at planlagde tiltak knytta til ein omfattande hjelpepakke til Sentral-Afrika og Dei store sjøane blir utsett på grunn av situasjonen i Dem. rep. Kongo. Frigjorde midlar på posten blir m.a. foreslått omdisponert til bruk under kap. 0150, post 78 Regionløyving for prioriterte land, kap. 0190, post 70 Tilskot, kap. 0191, post 76 Tilskot til humanitær hjelp til Afrika og kap. 0154, post 71 Tilskot via frivillige organisasjonar, jf. omtale på dei respektive postane ovanfor.
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 102,2 mill. kroner.
Kap. 0151 Utviklingshjelp til Asia
Post 71 Langsiktig utviklingssamarbeid med Nepal, kan overførast
Landprogrammet er under oppbygging, og det har vore forseinkingar i planlegginga av to store program.
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 14 mill. kroner.
Kap. 0152 Utviklingshjelp til Mellom-Amerika
Post 01 Driftsutgifter
Grunna utfasing av Fredskorpset i si noverande form er det ledige midlar på posten.
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 2,3 mill. kroner.
Post 70 Langsiktig utviklingssamarbeid med Nicaragua, kan overførast
Blant anna som følgje av orkanen Mitch er det ønskeleg å omprioritere innsatsen i Nicaragua. Det blir gjort framlegg om å omdisponere frå landprogrammet til humanitære strakstiltak i landet, jf. omtale under kap. 0190, post 70 ovanfor.
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 12 mill. kroner.
Kap. 0155 Miljø og naturressursforvalting
Post 70 Tilskot til miljøverntiltak, kan overførast
Grunna sein framdrift for enkelte program og prosjekt gjer ein framlegg om at løyvinga blir redusert med 5 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til utvida miljøvernsamarbeid, kan overførast
Grunna sein framdrift for prosjekt i m.a. Kina gjer ein framlegg om at løyvinga blir redusert med 6,5 mill. kroner.
Kap. 0157 Næringsutvikling og økonomisk utvikling
Sett under eitt kan det frigjerast midlar under dette kapitlet i år. Dette skuldast m.a. forseinkingar i fleire prosjekt i Bosnia.
Post 70 Tilskot til næringslivet sine engasjement i utviklingsland, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 4 mill. kroner.
Post 73 Tilskot til opplæring ved eksport, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 1 mill. kroner.
Kap. 0165 Bilateral utviklingshjelp administrert av internasjonale organisasjonar
Post 01 Driftsutgifter
Det blir mindre driftsutgifter enn venta til ekspertar.
Det blir gjort framlegg om reduksjon på kr 400 000.
Kap. 0197 Hjelp til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak
Post 74 Tilskot til atomtryggingstiltak i Aust-Europa, kan overførast
Regjeringa foreslår å omdisponere 10 mill. kroner av løyvinga på posten til dekking av mat og medisinar i Nordvest-Russland, jf. omtale under kap. 0197, post 75 Tilskot til prosjektsamarbeid overfor Sentral- og Aust-Europa. Ledige midlar kan omdisponerast grunna forseinka framdrift i prosjekt under Handlingsprogrammet for atomsaker. Dette skuldast m.a. uavklarde tilhøve på russisk side i prosjektgjennomføringa.
Det blir gjort framlegg om reduksjon på 10 mill. kroner.