4 Andre saker
Noregs representasjon i palestinsk omåde
Etter ei samla vurdering har Regjeringa kome fram til at hovuddelen av det norske representasjonskontoret i Gaza bør flyttast til Ramallah på Vestbreidda. Det vil samstundes bli oppretthalde eit redusert nærvere i Gaza. Overføringa av hovuddelen av representasjonskontoret frå Gaza til Ramallah er i første rekkje gjort ut frå omsynet til det pågåande utviklingssamarbeidet, men også av omsyn til kontaktane med palestinske styresmakter som i større grad oppheld seg i Ramallah. Utgiftene i samband med flyttinga vil bli dekka innanfor løyvinga under kap. 0142 NORADs administrasjon av utanriksstasjonane.