2 Framlegg til auke
Kap. 0140 Utanriksdepartementets administrasjon av utviklingshjelpa
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve kr 1 600 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 1998.
Kap. 0141 Direktoratet for utviklingshjelp (NORAD)
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve kr 2 570 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 1998.
Kap. 0142 NORADs administrasjon av utanriksstasjonane
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å løyve kr 1 530 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 1998.
Kap. 0143 Utanriksdepartementets administrasjon av utanriksstasjonane
Post 01 Driftsutgifter
I St prp nr 1 (1997-98) vart det foreslått enkelte endringar ved ambassaden i Lagos. I denne samanhengen vart det foreslått at ambassaden skulle leiast av ein chargé d"affaires, og at to stillingar ved ambassaden skulle omdisponerast til den nye ambassaden i Baku. Årsaka til omlegginga var m.a. at nytten ved å vere representert i Nigeria ikkje stod i rimeleg forhold til dei store kostnadane ved å drive ambassaden, og dels ein reaksjon på den interne utviklinga i Nigeria. Situasjonen i Nigeria har no endra seg. Den politiske utviklinga i retning av demokrati og overgang til sivilt styre har teke ei ny og positiv retning som følgje av presidentskiftet. Nye politiske parti blir etablerte i forkant av lokalvala i desember i år, og det vil bli halde val til ny nasjonalforsamling og president komande vinter. Arbeidsoppgåvene ved ambassaden er og endra i den seinare tida, og er no i hovudsak knytta til arbeidet med menneskerettar og demokrati. Med bakgrunn i denne utviklinga ønskjer Regjeringa å vidareføre ambassadørstillinga i Lagos. Meirbehovet for 1998 er rekna til 3,3 mill. kroner, av dette er 1,8 mill. kroner leigeutgifter i 3 år for ny bustad.
I tillegg blir det gjort framlegg om å løyve kr 500 000 som kompensasjon for meirutgifter i samband med lønsoppgjeret for 1998.
Det blir gjort framlegg om ei samla tilleggsløyving på 3,8 mill. kroner på posten.
Kap. 0150 Utviklingshjelp til Afrika
Post 78 Regionløyving for prioriterte land, kan overførast
Ein foreslår å gi tilskot til prosjekt i regi av norske frivillige organisasjonar. Forslaget må sjåast i samanheng med reduksjonsforslaget på kap. 0150, post 79 Regionløyving til andre samarbeidsland, jf. omtale nedanfor.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 5 mill. kroner.
Kap. 0151 Utviklingshjelp til Asia
Post 74 Regionløyving for Asia, kan overførast
Noko av dei ledige midlande under landprogrammet for Nepal, jf. omtale under kap. 0151, post 71 Langsiktig utviklingssamarbeid med Nepal, blir foreslått omdisponert til mineryddingstiltak i Kambodsja.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 4 mill. kroner.
Kap. 0154 Opplysningsarbeid, organisasjonsliv og mellomfolkeleg samarbeid
Post 71 Tilskot via frivillige organisasjonar, kan overførast
Løyvinga for 1998 dekkjer ikkje den store etterspurnaden frå frivillige organisasjonar om auka støtte, m.a. til prosjekt innanfor sosiale sektorar i Afrika. Dette gjer det naudsynt med auka løyvingar.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 20 mill. kroner.
Kap. 0165 Bilateral utviklingshjelp administrert av internasjonale organisasjonar (multi-bi)
Post 72 Tilskot til særorganisasjoner m.m., kan overførast
Noreg har tidlegare gitt stønad til Costa Rica og Guatemala i samband med medlemskap i Felles fond for råvarer. Dei to landa har bede Noreg om ytterlegare stønad for utgifter i samband med medlemskapet i fondet.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 4,8 mill. kroner.
Kap. 0190 Humanitær hjelp ved naturkatastrofar
Post 70 Tilskot, kan overførast
I 1998 har det vore fleire ekstraordinære flaum- og tørkekatastrofer. Dette har representert ei stor belastning på kap.190. Det er behov for hjelp til Mellom-Amerika etter orkanen Mitch. Orkanen er den alvorlegaste naturkatastrofen i området i moderne tid. Nær på to millionar menneske er ramma, vel ti tusen er omkomne, og talet på sakna er om lag det same. Det er gjort store skadar på infrastruktur, og store delar av avlingane er øydelagde.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 37 mill. kroner.
Kap. 0191 Menneskerettar, humanitær hjelp og flyktningetiltak
Post 75 Tilskot til anna flyktninghjelp og menneskerettar, kan overførast
Det auka norske engasjementet for oppfølging av Ottawa-prosessen knytta til humanitær innsats i samband med minerydding, mineoffer m.m. har medført auka utgifter. Det er framleis stort behov for løyvingar til menneskerettar og flyktninghjelp. Etter orkanen Mitch vil særskilte tiltak i Mellom-Amerika bli prioriterte.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 20 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til humanitær hjelp til Afrika, kan overførast
Det har i 1998 vore eit uventa høgt forbruk på grunn av sveltkatastrofen i Sudan. Det er i første rekke behov for ytterlegare hjelp til Sudan. Frå FN ligg det føre høgt prioriterte oppmodingar til Noreg om ytterlegare hjelp for over 50 mill. kroner. Både i denne proposisjonen og i St prp nr 1 (1998-99) er hjelp til Sudan prioritert. I Eritrea er det også behov, og for Vest-Afrika er det oppmoding om hjelp gjennom FN og norske frivillige organisasjonar. I tillegg kan utviklinga i Dem. rep. Kongo skapa nye behov. For delvis å imøtekomme søknader blir det gjort framlegg om tilleggsløyving på 47 mill. kroner.
Post 78 Tilskot til palestinske områder, kan overførast
Det blir foreslått å støtte Betlehem 2000-prosjektet som er svært høgt prioritert av palestinske styresmakter. Midlane vil gå til energisektoren gjennom palestinske styresmakter, til rehabilitering i gamlebyen gjennom UNDP, og til istandsetjing av vegar i regi av Verdsbanken.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 11,5 mill. kroner.
Kap. 0192 Fred, forsoning og demokrati
Post 70 Tilskot til generelle tiltak for fred, forsoning og demokrati, kan overførast
Eit stort engasjement i mange freds- og demokratiprosessar i ulike land har ført til behov for auka løyvingar, m.a. til tiltak i Søraust-Asia og Mellom-Amerika.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 10 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til humanitær hjelp og demokratitiltak i det tidlegare Jugoslavia og ODA-godkjende OSSE-land, kan overførast
I St prp nr 2 (1998-99) la Regjeringa fram forslag om ei tilleggsløyving på 40 mill. kroner til humanitær hjelp i Kosovo. Vidare la Regjeringa i St prp nr 4 (1998-99) fram forslag om tilleggsløyving til dekking av utgiftene i 1998 i samband med den norske deltakinga i OSSEs verifikasjonsnærvere i Kosovo. Ut over dette er det framleis stort behov for humanitær innsats i Bosnia og Hercegovina og Den jugoslaviske føderasjonen.
I denne proposisjonen blir det difor gjort framlegg om ytterlegare tilleggsløyving på 15 mill. kroner.
Kap. 0197 Hjelp til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak
Post 75 Tilskot til prosjektsamarbeid overfor Sentral- og Aust-Europa, kan overførast
Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til dekking av auka utgifter i samband med leveransar av mat og medisinar til Nordvest-Russland.
Det blir gjort framlegg om tilleggsløyving på 10 mill. kroner.