1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m, 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Post og telekommunikasjonar.
Proposisjonen gjeld desse sakene:
Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1301, post 71 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma, med 1 mill. kr.
Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 1313, post 22 Flyttekostnader, med 6,2 mill. kr mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 1313, post 01 Driftsutgifter.
Stikkordet «kan overførast» blir foreslått tilføydd løyvinga under kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter.
Det blir foreslått ei løyving på 500 000 kr på kap. 1322, post 92 Opptrekksrenter, på grunn av at Svinesundsforbindelsen AS har trekt på låneramma i 2006. I tillegg blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, med 5 mill. kr.
Departementet foreslår å utpostere postar frå balansen i Statens vegvesens rekneskap.
Det blir orientert om kostnadsauke ut over kostnadsramma for prosjektet E16 Wøyen - Bjørum.
På grunnlag av gjennomført ekstern kvalitetssikring blir det gjort greie for styrings- og kostnadsramme for prosjektet nytt dobbeltspor Lysaker - Sandvika.
Departementet orienterer om forhandlingane med NSB AS om ny rammeavtale for kjøp av persontransport med tog.
Det blir forslått å auke løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse avgifter og gebyr, med 2,661 mill. kr.