5 Programkategori 21.50 Jernbaneformål
Ekstern kvalitetssikring - nytt dobbeltspor Lysaker-Sandvika
Samferdselsdepartementet viser til omtale av prosjektet i St.prp. nr. 1 (2006-2007), side 97. I omtalen er det vist til at prosjektet nytt dobbeltspor Lysaker-Sandvika er til ekstern kvalitetssikring og at departementet vil kome tilbake til prosjektet når det er ferdig kvalitetssikra. I St.prp. nr. 1 (2006-2007) er prosjektet oppført med ei foreløpig kostnadsramme på 2 941 mill. 2007-kr og ei styringsramme på 2 705 mill. 2007-kr. Det er foreslått å setje av 490 mill. kr til start av prosjektet i 2007.
Den eksterne kvalitetssikringa er no ferdig. Det framgår at prosjektdokumentasjonen er godt gjennomarbeidd og at han gir eit godt grunnlag for å styre utbygginga av nytt dobbeltspor Lysaker-Sandvika. Basert på den eksterne kvalitetssikringa er kostnadsramma for prosjektet fastsett til 3 165 mill. 2007-kr og styringsramma til 2 787 mill. 2007-kr. Den største uvissa i prosjektet er prisane i entreprenørmarknaden.
Forhandlingane om ny rammeavtale med NSB om kjøp av persontransport med tog
Ordninga med statleg kjøp av persontransporttenester med tog og arbeidet med å forhandle fram ei ny rammeavtale med NSB AS som skal gjelde frå 2007, er omtalt i St.prp. nr. 1 (2006-2007), side 103. Forhandlingane mellom Samferdselsdepartementet som oppdragsgjevar og NSB AS som leverandør held fram. Forhandlingane går inn i siste fase og partane drøftar no detaljar som gjeld omfanget av togtilbodet og storleiken på den statlege løyvinga. Samferdselsdepartementet legg til grunn at for 2007 er løyvinga til kjøp av persontransporttenester med tog stor nok til å forbetre togtilbodet.
Rammeavtalen skal gjelde for fire år fram til 2011. Han skal framleis baserast på nettoprinsippet, som inneber at NSB beheld trafikkinntekta frå passasjerane og får ei statleg løyving som tilskot til drifta.
Som oppdragsgjevar og kjøpar av togtenester gjennom rammeavtalen vil departementet drive både resultat- og produksjonsstyring. Produksjonsstyringa skal skje ved at departementet stiller minimumskrav til togtilbodet.
Rammeavtalen vil innehalde ordningar som opnar for at NSB kan få restverdisikring når verksemda skal investere i nytt rullande materiell og gjennomføre oppgraderingar av eksisterande togmateriell. Restverdisikring vil likevel vere avhengig av at det enkelte investeringsvedtak blir lagt fram for departementet, og at departementet gir skriftleg fullmakt til iverksetjing av investeringa. Før investeringsavgjerda blir lagt fram for departementet, skal NSB presentere grunnlaget for investeringa for »Kontaktgruppa for funksjonshemma på tog».
I motsetnad til gjeldande rammeavtale vil den nye avtalen fokusere på løysingar for menneske med nedsett funksjonsevne. Departementet vil stille krav om at NSB i all planlegging og drift av togtilbodet skal ta omsyn til prinsippa som går fram av St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer. Vidare vil det bli stilt krav om at NSB må ha ein plan for tilgjenge for alle reisande. Det blir ikkje stilt krav om at eksisterande materiell skal byttast ut, og omsynet til kostnadseffektive løysingar for å sikre auka tilgjenge i transportsektoren står sentralt i oppfølginga av avtalen.
Prinsippa i dagens rammeavtale om takstar og takstutvikling blir førte vidare ved at NSB vil ha fridom til å redusere takstane, medan det vil vere klare rammer for den årlege takstauken.
For å sikre større lokal innverknad, meir reelle prioriteringar og større lokal deltaking og bidrag i utviklinga i tilbodet til dei reisande blir det i avtalen stilt krav om at NSB skal ha eit program for kvar region for aktiv deltaking i utviklinga av regionen.
Ut over dei minstekrava som departementet har fastsett, vil NSB ha fridom til å endre togtilbodet. Skal NSB gjere endringar som bryt med minstekrava, må departementet godkjenne alle endringar som ikkje gjeld små justeringar i togproduksjonen. Avtalen vil innehalde ordningar som gjer at departementet vil akseptere endringar i stoppmønsteret som NSB har klarert med dei aktuelle fylkeskommunane og som elles ikkje påverkar avtalen.
Regjeringa er og oppteken av at NSB under heile avtaleperioden skal ha interesse av å effektivisere drifta. Departementet vil derfor berre akseptere løyvingar som inneber kontinuerleg effektivisering.
Det blir i avtalen stilt krav om at NSB rapporterer periodisk om utviklinga i drifta og i effektiviseringsarbeidet, og om trafikkutviklinga.
I samband med utarbeidinga av rammeavtalen vil departementet og NSB forhandle fram kjøpsavtalen for 2007.