4 Programkategori 21.30 Vegformål
Kap. 1322 Svinesundsforbindelsen AS
Post 92 Opptrekksrenter
Den nye Svinesundsforbindelsen blei opna for trafikk i juni 2005. Det har i 2006 vore utbetalingar til etterarbeid på anlegget. Dette er dels dekt gjennom bompengeinntekter og dels gjennom låneopptak, ved at det er trekt på overførte midlar frå løyvinga til lån i 2005. Hittil i år er det trekt i alt 18 mill. kr på låneramma. Det skal i tråd med låneavtalen mellom Samferdselsdepartementet og selskapet reknast opptrekksrenter på det beløpet som selskapet trekkjer på låneløyvinga. I budsjettet for 2006 er slik løyving til opptrekksrenter ikkje teke med. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at post 92 Opptrekksrenter, blir oppretta på nytt og med ei løyving på 500 000 kr. Det kan også bli aktuelt med ytterlegare trekk på låneramma, då sluttoppgjer for anlegget framleis ikkje er endeleg.
Kap. 4322 Svinesundsforbindelsen AS
Post 90 Avdrag på lån
Utbetaling til etterarbeid i 2006 er dels dekt gjennom bompengeinntekter. Dette har medført at selskapet vil betale 5 mill. kr mindre i avdrag enn det som tidlegare var lagt til grunn, jf. St.prp. nr. 66 (2005-2006).
Utpostering av postar frå Statens vegvesens rekneskap
Ved revisjonen av rekneskapen for 2004 og 2005 tok Riksrevisjonen opp manglande utpostering av saldi på to postar som ligg i balansen i Statens vegvesens rekneskap. Postane kjem fram i balansen, men dei representerer ikkje reelle fordringar eller gjeld. Det står no igjen saldi som netto utgjer -1 396 779,60 kr. Den eine posten gjeld m.a. feil behandling av kreditnotaer og feilføring ved utbetaling av eit tilbakehalde beløp som skriv seg frå 1990-talet. Dette har ikkje medført feilutbetalingar. Då Statens vegvesen i 2003 gjekk over frå 20 rekneskapseiningar til ei samla rekneskapseining, blei inngåande balanse for 2003 sett lik utgåande balanse frå 2002, noko som medførte at feilføringar mv. blei førte over i den nye ordninga. Til saman utgjer desse feilføringane mv. 4 081 573,71 kr.
Den andre posten gjeld feilføringar og differansar som oppsto i Statens vegvesens rekneskap i 1994-1998 og ved overgangen til nytt økonomisystem i 1998. Om lag halve beløpet gjeld tilbakehalde beløp som blei handtert feil ved overgangen til nytt økonomisystem i 1998. Resten gjeld differansar som det ikkje har vore mogleg å finne ut av. Til saman utgjer dette -5 478 353,31 kr.
Departementet legg opp til at nemnde saldi, til saman -1 396 779,60 kr blir utpostert i Statens vegvesens rekneskap mot konto for forskuvingar i balansen.
E16 Wøyen - Bjørum
Prosjektet er m.a. omtalt i St.prp. nr. 64 (2004-2005), side 3-4, og i St.prp.nr.1 (2006-2007), side 71.
Etter den eksterne kvalitetssikringa blei styringsramma for prosjektet fastsett til 915 mill. kr og kostnadsramma til 1 030 mill. kr, omrekna til 2006-kr. Som omtalt i St.prp. nr. 64 (2004-2005), er desse rammene vesentleg lågare enn overslaga frå Statens vegvesen.
Kostnaden for prosjektet har auka sterkt, og prognosen for sluttkostnaden er høgare enn fastsett kostnadsramme. Det er derfor gjort ei ny vurdering av kostnadene, og denne gir ei styringsramme på 1 080 mill. 2006-kr. Revidert kostnadsramme er rekna til 1 120 mill. 2006-kr.
Kostnadsauken har fleire årsaker. Ei av dei er at grunntilhøva for veg i dagen er vesentleg dårlegare enn tidlegare undersøkingar viste. Vidare har det har vore nødvendig med grunnforsterking med kalk/sementpelar som ikkje var føresett. Omlegging av kablar og leidningar har fått eit auka omfang. I området er det dessutan treft på forureina massar som krev særskilde tiltak. Desse tiltaka har også gitt seinare framdrift i arbeidet med hovudentreprisen.