St.prp. nr. 27 (2006-2007)

Om endring av løyvingar mv. for 2006 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om endring av løyvingar mv. for 2006 på Samferdselsdepartementets område

I

I statsbudsjettet for 2006 blir det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

Kap.PostFormålKroner
1301Forsking og utvikling mv.:
71Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma, kan overførast, blir redusert med1 000 000
frå kr 11 200 000 til kr 10 200 000
1313Luftfartstilsynet (jf. kap. 4313):
01Driftsutgifter, blir redusert med6 200 000
frå kr 141 900 000 til kr 135 700 000
22Flyttekostnader, kan overførast, blir auka med6 200 000
frå kr 59 600 000 til kr 65 800 000
1322Svinesundsforbindelsen AS:
(NY)92Opptrekksrenter, overslagsløyving, blir løyvd med500 000

Inntekter:

Kap.PostFormålKroner
4322Svinesundsforbindelsen AS:
90Avdrag på lån, blir redusert med5 000 000
frå kr 32 000 000 til kr 27 000 000
4380Post- og teletilsynet (jf. kap. 1380):
01Diverse avgifter og gebyr, blir auka med2 661 000
frå kr 173 600 000 til kr 176 261 000

II

Stortinget samtykkjer i at:

  1. stikkordet « kan overførast» blir tilføydd løyvinga under kap. 1310 Flytransport, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, kan nyttast under kap. 1311, post 71.

  2. Samferdselsdepartementet i 2006 kan debitere statskassa sitt mellomvære med Statens vegvesen og kreditere konto for forskuvingar i balansen med 1 396 779,60 kr.