St.prp. nr. 28 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 55/96 av 28. oktober 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i handlingsprogrammet til Fellesskapet på mellomlang sikt om like gode vilkår for menn og kvinner (1996-2000)

Til innholdsfortegnelse

2 NÆRARE OM HANDLINGSPROGRAMMET OM LIKE GODE VILKÅR FOR MENN OG KVINNER

Føremålet med det nye handlingsprogrammet er å støtte arbeidet for å fremje like gode vilkår for menn og kvinner og å fremje samarbeid på alle nivå. Programmet er på linje med konklusjonane frå Verdskvinnekonferansen i Beijing. Handlingsprogrammet skal vere eit viktig supplement til dei tiltaka som vert gjennomførde innafor ramma av Fellesskapspolitikken på andre område, medrekna strukturfonda. Det er difor ikkje meininga å støtte alle tiltak til fordel for kvinner som kan gjennomførast lokalt, og som kan støttast gjennom politikken på andre område.

Programmet tek sikte på å

  • fremje integrering av aspektet om like gode vilkår for menn og kvinner i all politikk og all verksemd

  • mobilisere alle aktørane i det økonomiske og sosiale livet for å skape like gode vilkår for menn og kvinner

  • fremje like gode vilkår for menn og kvinner i ein økonomi i endring, særleg på områda utdanning og yrkesretta opplæring og på arbeidsmarknaden

  • gjere det mogleg for menn og kvinner å kombinere arbeid og familieliv

  • fremje jamvekt mellom menn og kvinner si deltaking i avgjerdsprosessen

  • skape betre vilkår for å utøve retten til likestilling.

Kommisjonen skal gje metodologisk og/eller fagleg og/eller finansiell støtte til prosjekt som tek sikte på å finne fram til og utvikle god praksis og å gjere det mogeleg å utveksle opplysningar og røynsler på likestillingsområdet. I tråd med målsetjingane for programmet kan det gjevast støtte til tiltak på områda integrering, sysselsetjing, avgjerdsprosessen, opplysning og forskning, og statistikk. Det vert lagt vekt på praktisk utviklingsarbeid, spreiingspotensiale og samarbeid over landegrensene. Målet for programmet og kriteria for støtte er fastlagde i retningslinjer.

Eit utval som er samansett av ein representant frå kvar medlemsstat, støttar Kommisjonen i styringa av programmet. Noreg vil ta del i utvalet på lik linje med medlemsstatane.

Totalkostnadene for gjennomføringa av likestillingsprogrammet for perioden 1996-2000, er rekna til 30 millionar ECU, dvs. ca. 243 millionar norske kroner.