4 ADMINISTRATIVE OG ØKONOMISKE KONSEKVENSAR
Det er ingen direkte nasjonale kvotar i tildelinga av prosjektmidlar. Private organisasjonar, etatar og lokale styresmakter i Noreg kan søkje om delfinansiering av prosjekt med inntil 60 %. Kommisjonen har ansvaret for å vurdere prosjekta og ta ut dei som skal få støtte. Styringsutvalet for programmet, der Noreg tek del på lik linje med medlemsstatane, har høve til å gje Kommisjonen nærare retningslinjer. Kommisjonen kan eventuelt be om at nasjonale styresmakter kjem med ei tilråding av dei prosjekta som det er gjort framlegg om frå vedkomande land.
Avgjerda i EØS-komiteen om å endre protokoll 31 til EØS-avtala vil føre til at EFTA-statane har plikt til å ta del i finansieringa av handlingsprogrammet. Dei operative kostnadene er rekna ut i høve til BNP i den einskilde medlemsstaten. EFTA sin del av totalbudsjettet er 1,58 %. Noreg sin del av dette utgjer 94,21 %, dvs. 1,49 % av totalkostnadane . Dette svarar til om lag 0,5 millionar ECU, eller om lag 4,1 millionar norske kroner for heile programperioden. Tilskotet frå Noreg for 1996 er førebels rekna ut til om lag 500.000 kroner, medrekna administrative kostnadar. Tilskotet for 1997 er førebels rekna ut til om lag 1,7 millionar kroner. Utgiftene vert dekte over budsjettet til Barne- og familiedepartementet.