2 NVEs innstilling av 22. mars 2002
2.1 Innledning
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) la frem sin innstilling i saken overfor Olje- og energidepartementet 22. mars 2002. Innstillingen er svært omfattende, og følger derfor denne proposisjonen som utrykt vedlegg. Søknaden følger i sin helhet som vedlegg til NVEs innstilling. I tillegg har NVE inntatt et sammendrag av de innkomne høringsuttalelser i sin innstilling. I Innstillingen inngår NVEs godkjennelse av konsekvensutredningen etter plan- og bygningsloven.
Departementet gjengir NVEs vurderinger i denne proposisjonen. Nedenfor i punktene 2.2 og 2.3 følger NVEs oppsummerende vurdering og konklusjon i sin helhet.
2.2 NVEs vurdering
2.2.1 Omsøkte utbyggingsalternativ
Kraftutbygging i Kjøsnesfjorden vart teken inn i Samla plan ved første gongs utarbeiding av planen gjennom St.meld. nr. 63 (1984-85), og er vidareført i rulleringane med plassering i kategori 1, jf. St.meld nr. 60 (1991-92). I sistnemde stortingsmelding er det føresett at ei konsesjonshandsaming skal avklare kva for utbyggingsløysing som er mogeleg å realisere i forhold til Jostedalsbreen nasjonalpark.
Alternativ 1 i foreliggande søknad er basert på Samla plan alt. VA2, og er i søknaden det mest omfattande med inngrepsområder frå Dvergsdalsdalen/Fagredalen i vest til Litlebredalen innerst og nordaust i Kjøsnesfjorden.
Søkjar har ikkje prioritert alternativet, og ser på det nærmast som uaktuelt å bygge ut. Grunngjevinga er mange og spreidde inngrepsområde med negative konsekvensar særleg for friluftsliv og naturvern. Trollavatnet og Langevatnet er planlagt regulert med 40 m og 20 m. Alternativet føreset vegbygging både i Lundedalen og Fagredalen. Årleg produksjon vil bli ca. 238 GWh til ein utbyggingspris på 2,52 kr/kWh.
I høyringsfråsegnene er alternativ 1 drøfta, men ingen har tilrådd eller prioritert alternativet.
Alternativ 2 er det nest største og redusert i høve til alternativ 1 ved at inntaket i Fagredalen med tilhøyrande hjelpeanlegg går ut. Reguleringa av Langevatnet vert redusert frå 20 m til 2 m og anleggsvegen er foreslegen flytta frå Lundedalen til Søgnesandsdalen. Ved alternativ 2 blir det relativt store inngrep ved Trollavatnet og i Søgnesandsdalen med bygging av anleggsveg, damanlegg og deponering av tunnelmassar. Alternativet gjev 229 GWh til ein utbyggingspris på 2,30 kr/kWh.
Alternativ 2 er primæralternativet til søkjar, og har lokal tilslutnad med kommunestyret sitt einstemmige vedtak om å gå inn for alternativet.
Alternativ 3 har ingen overføringar. I høve til alt. 1 er reguleringa av Trollavatnet redusert til 30 m, medan den er uendra for Langevatnet. Inngrepsområde avgrensar seg til indre delar av Lundedalen og Søgnesand. Søkjar vil ikkje byggje ut etter dette alternativet på grunn av den høge utbyggingsprisen på 3,66 kr/kWh. Årleg produksjon er knapt 91 GWh.
Alternativ 3 har tilslutnad frå DN, Riksantikvaren og delvis fylkesmannen. Frå desse høyringsorgana blir det særleg lagt vekt på avgrensa konflikter med nasjonalparken, naturvern og kulturminne-interesser. Alternativet får ein fastkraftkostnad på ca. 30 øre/kWh, og NVE vurderer denne som høg på bakgrunn av at den ligg 7 øre/kWh over gjennomsnittleg fastkraftkostnad for attverande tilgjengeleg vasskraft.
Søkjar priorterer alternativ 4 på andre plass. Anleggsteknisk og reguleringsmessig har alternativ 4 dei same løysingane som alt. 2, men overføringstunnelen og inntaka vest for Søgnesanddalen er utelate. Omfanget av inngrepet i Søgnesandsdalen vert redusert fordi trongen for massedeponi vert vesentleg mindre. Ved Trollavatnet og Langevatnet er inngrepa identiske med alternativ 2. Energiproduksjonen i underkant av 178 GWh gjev ein utbyggingspris på 2,33 kr/kWh.
Fylkeskommunen tilrår alternativ 4.
Jølstravatnet/Kjøsnesfjorden vert i dag regulert 1,25 m for kraftproduksjon i Stakaldefossen og Brulandsfoss kraftverk. Samla produksjon i desse to kraftverka i eit midlare år er omkring 117 GWh. Etter alternativa 2 og 4 vil ei utbygging i Kjøsnesfjorden auke produksjonen i desse kraftverka med totalt ca. 4,8 GWh.
NVE vurderere verknadane ved anleggsveg opp Lundedalen og dei relativt omfattande reguleringane av både Trollavatnet og Langevatnet til å vere samanfallande i alternativa 1 og 3. På bakgrunn av at det er alternativa 2 og 4 som er omsøkt, vil NVE i det etterfølgjande drøfte og vurdere ulike tilhøve knytt opp mot desse to alternativa.
2.2.2 Vassføring
Frå høyringspartar vert endra og sterkt redusert vassføring i fleire elvar vurdert som svært negativt for landskapsopplevelsen og naturmiljøet.
Utbyggingsprosjektet er dimensjonert slik at det enkelte bekkeinntak kan ta unna 95 % av årleg tilsig til inntaket. Sidan det ikkje er kalkulert med minstevassføring forbi inntaka vil det bli overløp ved desse berre i flaumsituasjonar. Det er dermed avrenninga frå restfelta som blir avgjerande for vassføringane i elvane som inngår i prosjektet.
Med omsyn til tilsig for kraftproduksjon er det området mellom Litlebredalen og Sandbetneflatene i Søgnesandsdalen som har størst verdi. I alternativ 2 vil i underkant av 4/5 av driftsvatnet til kraftverket kome frå dette området, medan det utgjer 100 % i alt. 4.
Eit av kjenneteikna med elvenaturen i Kjøsnesfjorden er mange og tidvis sterkt markerte forgreiningane av elveløpa i øvre delar av nedbørfeltet. Utbyggingsplanen med bekkeinntak inneber at mellom 2 og 4 forgreiningar i kvar hovudelv vert teken inn på overføringstunnelen over kote 1003. Restavrenninga til Kjøsnesfjorden gjennom dei naturlege elveløpa for alternativ 2 og 4 utgjer høvesvis 52 % og 63 % av den totale avrenninga. Etter vår oppfatning vil det i store delar av sommarhalvåret framleis vere vassføring i elvane som munnar ut i Kjøsnesfjorden.
2.2.3 Minstevassføring
Både i regionale og lokale høyringsfråsegner blir det sett fram krav om slepping av minstevassføring i dei største elvane enten heile eller deler av året.
Søkjar har ikkje lagt til grunn slepping av minstevassføring forbi inntaka og dammen i Langevatnet og grunngjev dette med tap i kraftproduksjon og at avrenninga frå restfeltet vil sikre variasjon i vassføringa. Tapt kraftproduksjon i alt. 2 er estimert til 4,2 GWh dersom ein slepper minstevassføring tilsvarande alminneleg lågvassføring, dvs. 5-6 % av midlare vassføring, heile året i Lundeelva, Søgnesandselva og Sægrova. Tilsvarande tal for perioden mai - september er 1,6 GWh.
NVE ser på minstevassføring som eit mogleg avbøtande tiltak i utbyggingsprosjektet, fordi det har verdi for landskapsopplevinga og naturmiljøet langs dei utbygde elvane. Dei berørte elvane utanom Lundeelva og Sægrova er typiske flaumelvar med lita sjølvregulering. Den alminnelege lågvassføringa er difor låg.
I dette prosjektet vil ei minstevassføring tilsvarande alminneleg lågvassføring ha avgrensa verdi for naturopplevinga av Sægrova og Søgnesandselva ettersom desse elvane vanlegvis blir teke i augesyn på noko avstand. Øvre delar av elvane er synlege frå dalbotenen og minstevassføringa vil landskapsmessig ha størst verdi i øvre delar av restfeltet.
For Lundeelva vil minstevassføring like nedanfor dammen i Langevatnet ha verdi ettersom turstien opp Lundeskaret kryssar elva nedanfor damstaden.
2.2.4 Sedimenttransport
Det blir stilt spørsmål kva ei endring av slamtilførsel og -tidspunkt til Kjøsnesfjorden vil få å seie for vassmiljøet.
Omtrent halvparten av det totale nedbørfeltet til kraftverket utgjer brefelt i begge dei omsøkte alternativa, og Kjøsnesfjorden får særleg på ettersommaren og hausten tilført store mengder sediment frå breelvane. Spesielt framstår Lundeelva som masseførande.
Eit stort innslag av leirpartiklar i sedimenta vil medføre redusert siktedjupn og lystilhøve i vatnet ettersom leira kan halde seg flytande i vassmassane i lenger tid, og m.a. vil straumtilhøve ha stor betydning for kva tid leirpartiklane sedimenterer. Endring i desse parametarane vil få verknad for planktonproduksjonen.
Med ei utbygging vil mykje av sedimenta bli overført til Trollavatnet om sommaren med tilsvarande reduksjon til Kjøsnesfjordbassenget. Sedimenttilførselen om sommaren vil kome frå restfelta og inntaka på den vestlege overføringstunnelen som blir tekne direkte inn på tilløpstunnelen til kraftverket.
Gjennom tappinga om vinteren, og truleg spesielt frå erosjon i magasinet i samband med senking, vil sedimenta bli vidareført til Kjøsnesfjorden. Det oppstår ei sesongmessig endring i sedimenttilførselen, men mengde sediment vil variere over tid avhengig av avsmeltingsforhold i brefelta.
Erfaringar frå andre utbyggingar viser at sedimenttilførselen i samband med senking under naturleg vasstand kan vere stor dei første driftsåra for deretter å minke. Vi finn det sannsynleg at dette må påreknast også ved ei ev. utbygging i Kjøsnesfjorden.
2.2.5 Forholdet til Jostedalsbreen nasjonalpark
I mange av fråsegnene vert det framhalde at utbygginga kjem i sterk konflikt med Jostedalsbreen nasjonalpark ettersom den vil medføre tyngre tekniske inngrep delvis inn i og nær inntil nasjonalparken. Det vert også hevda at utbyggingsplanane vil vere eit brot på natuvernlova sine reglar om nasjonalparkar.
For Jostedalsbreen nasjonalpark er det i St.meld. nr. 60 (1991-92) gjeve ei avklaring på at regulering av Trollavatnet i samband med utbygging av kategori 1 prosjekt vil vere i samsvar med vernereglane for nasjonalparken, og dette er nemnt i både DN og fylkesmannen sine uttalar til søknaden. Det går fram av verneforskrifta at landskapet sitt vern mot m.a. regulering av vassdrag
«ikkje er til hinder for regulering av Trollavatnet (988 moh) som ligg delvis innafor vernegrensa i Jølster kommune, i samband med eventuelle utbyggingstiltak utanfor nasjonalparken dersom dette vassdragsprosjektet blir plassert i kategori I i Samla plan for vassdrag»,jf. forskrifta kap. IV pkt. 1.1 og 1.2. I denne samanheng er det viktig å merke seg at Trollavatnet i naturtilstand ligg utanfor nasjonalparkgrensa, og først vil kome i kontakt med nasjonalparken ved oppdemming, slik at delar av reguleringssona kjem innanfor grensa. I den sørlege delen av Trollavatnet, der reguleringssona vil kome i kontakt med nasjonalparken, er det skrånande fjellgrunn opp mot ei mindre bretunge. Etter vår meining er det eit relativt lite areal av reguleringssona innanfor nasjonalparkgrensa som vil framstå som vegetasjonslaus og negativ for landskapsbiletet.
I uttalen frå DN er det m.a. referert til førearbeidet i samband med opprettinga av Jostedalsbreen nasjonalpark, og i Stortingsmeldinga er det lagt til grunn at nasjonalparken
«ikke skal hindre utbygging av felt med naturlig drenering til Kjøsnesfjorden som plasseres i kategori 1 i Samla plan».
Når det gjeld bekkeinntak vil inntaka i Litlebredalen og ved Tverrfjellet/Tungenova kome lengst innanfor nasjonalparkgrensa med om lag 250 m, og desse inntaka er med i både alt. 2 og 4. I tillegg vil høvesvis 3 og 1 inntak i dei same alternativa kome innanfor grensa i Søgnesandsdalføret. Inntaksområda i Litlebredalen og Tungenova/Tverrfjellet må karakteriserast som svært vanskeleg tilgjengeleg frå Lundedalen, og er lite brukt i friluftssamanheng.
Bekkeinntaka vil vere mindre betongkonstruksjonar i elveløpa som leier vatnet ned i sjakta som går til overføringstunnelen. Betongskonstruksjonen åleine vil etter vårt syn ikkje bli dominerande eller lett synleg i terrenget dersom dei vert tilpassa omgjevnadene både i form og farge. Vasstrengen si plutselege forsvinning frå elveløpet vil derimot kunne sjåast på lenger avstand og også fange blikket ved gitte synsvinklar. På eit prinsipielt grunnlag kan dei fysiske inngrepa oppfattast uheldig og lite ønskjeleg innanfor nasjonalparken. Vi ser det likevel slik at inntaka si lokalisering har avgrensa negativ effekt på opplevingsverdien av nasjonalparken, og at den relativt stor innbyrdes avstanden mellom inntaka medverkar ytterlegare til å minske ei slik ulempe. Vi legg også vekt på at for alt. 2 er dei 5 inntaka innanfor nasjonalparkgrensa vurdert i Samla plan. Energimessig er inntaka viktige i prosjektet.
Ei mogeleg naudsynt grensejustering pga. bekkeinntaka vil etter vår oppfatning medføre at marginale areal fell utanfor nasjonalparken, som etter utvidinga i 1998 har ei utbreiing tilsvarande 1310 km2.
Inngrepa ved Trollavatnet og Langevatnet i form av dambygging og infrastruktur for anleggsverksemd vil kome svært nær nasjonalparkgrensa. Steinmassar frå overføringstunnelen og sjakter på den austlege overføringstunnelen skal plasserast ved vatnet.
Hovuddammen i Trollavatnet i begge dei omsøkte alternativa får ei lengd på 380 m og største høgde 24 m. Dammen skal byggast av tunnelmassar og får eit volum på 110 000 m3. I tillegg må det oppførast ein sperredam 500 m sørvest for hovuddammen med ei lengde på 145 m og maksimums høgde 18 m. Om lag 57 000 m3 av steinmassane går med til dammen. Eventuelle overskotsmassar frå tunnelen er planlagt plassert i forlenginga av sperredammen.
Ved Langevatnet er det i dei same alternativa aktuelt med ein betongdam med lengde 45 m og maksimumshøgde 5 m.
Frå nasjonalparken vil inngrepa ved Trollavatnet på seinsommaren vere godt synleg frå ryggen som går sørover frå Kvitevardane mot Troget. Dette platået framstår som forbindelseslinje frå hovuddelen av nasjonalparken til den sørvestre delen med Jostefonn og Grovabreen. Inngrepa vil på same måte kome godt til syne frå stien på ruta mellom Lunde og Fjærland på veg opp frå eller ned til Trollavatnet.
NVE vurderer Trollavatnet m.a. ut frå høgdenivået til å vere ein naturleg del av nasjonalparkområdet, og vi meinar inngrepa ved vatnet og inntil nasjonalparken vil bli omfattande med til dels sterk påverknad på landskapet sin karakter. Høgdenivået tilseier også at inngrep i overflata, som er samansett av ei veksling mellom snaufjell og eit tynt morenedekke med torvsjikt, vil trenge lang tid med omsyn til reetablering av vegetasjon. Trollavatnområdet er eitt av «inngangsområda» til nasjonalparken frå sørvest, og vi ser på inngrepa sin nærleik til parken som negativt for dei naturverdiane som er føresett ivaretekne ved opprettinga av nasjonalparken.
2.2.6 Naturvern
Frå fleire interesseorganisasjonar er det sterke innvendingar mot utbyggingsplanane som følgje av reduksjonen i inngrepsfrie naturområde.
Det er særleg inngrepa ved Trollavatnet og i Søgnesandsdalen som vil gje endringar i omfanget av inngrepsfrie områder.
Det er ikkje planlagt fysiske inngrep i sona for villmarksprega område, men områda i denne sona vil bli influert og får endra status ettersom inngrep ligg i ein avstand mindre enn 5 km. I alternativa 2 og 4 vert i overkant av 12 km2 villmarksområde endra til såkalla inngrepsfrie område sone 1 og sone 2. Om lag 70 % av dette arealet ligg øverst i Søgnesandsdalen og resten aust for Litlebredalen. Alternativa 2 og 4 vil medføre ei arealendring på 28 km2 og 22 km2 frå sone 1 og 2 til inngrepsnære område dvs. avstand til tyngre tekniske inngrep >1 km.
I ein naturvernsamanheng er utbyggingsområdet vurdert til å ha høg verdi m.a. som randsone og naturleg tilknyting til nasjonalparken, for friluftsliv, for landskapsmessige og dels kvartærgeologiske forhold.
Utbyggingsområdet er i fagrapportane om planteliv og dyreliv ikkje utpeika som særleg viktige vekst- og leveområde for fauna og plantar. Inngreps- og influensområdet inneheld relativt få plante- og dyreartar og det er ikkje registrert trua dyre- eller planteartar.
Sjølv om naturtypen og landskapskvalitetane i tilknyting til vatn, dal og bre i utbyggingsområdet kan opplevast urørt i stor mon både i nabovassdraget og særleg rundt nordvestre delen av Jostedalsbreen, vurderer vi inngrepa både direkte og indirekte til å svekke urørt og villmarksprega natur.
2.2.7 Friluftsliv
Dei negative konsekvensane for det enkle og lite tilrettelagde friluftslivet blir framheva som grunnlag for å gå imot kraftutbygging i Kjøsnesfjorden.
Naturen med breen i indre delar av Kjøsnesfjorden har vore og er viktig for friluftsinteresserte. Historisk har føring av turistar frå Lunde over breen til Fjærland eller rundtur på Jostedalsbreen vore ein del av næringsgrunnlaget for gardsbruk på Lunde. Turen opp Lundeskaret er ei sommarrute, men snøforhold år om anna kan gjere Lundeskaret utilgjengeleg langt utover sommaren. Ruta må karakteriserast som tung og vanskeleg som ikkje appellerer til dei store bruksgruppene, men heller til spesielt interesserte.
Tal personar som har registrert seg i boka i den private hytta ved Trollavatnet har sidan tidleg på 1980-talet vist ein fallande tendens. Sannsynlegvis har seinare års bygging av m.a. støls- og skogvegar medført at tilkomsten til breen/brenære områder er lettare frå fleire stadar enn tidlegare, og litt av tilbakegangen kan truleg tilskrivast at turruta har blitt noko nedprioritert med omsyn til marknadsføring, tilrettelegging og merking. Hytta si plassering eit stykke til sides for sjølve turstien opp til breen kan også gjere sitt til at færre stikk inn om for å skrive seg i boka. Ved ei oppdemming av Trollavatnet som omsøkt må hytta flyttast.
Turstien på ruta frå Lunde til Fjærland vil ikkje direkte blir råka av ei oppdemming av Trollavatnet, men stien passerer Trollavatnet slik at dei tekniske inngrepa vil framstå som framandelement. Vanlegvis vil isen ligge på Trollavatnet til godt ut i juli, og på dette tidspunktet vil vatnet normalt ha fått tilført ein stor del av tilsiget og reguleringssona blir mindre synleg.
Turruta opp Søgnesandsdalen vil bli påverka av anleggsveg og massedeponi. Frå øverst i Søgnesandsdalen er det relativt kort veg nordaustover til Trollavatnet og vidare ned Lundeskaret til riksvegen. Ruta har lokal/regional verdi, og etter vårt syn er det denne turruta som får dei største negative konsekvensane for friluftslivet ettersom denne ligg i kjerneområdet for dei største inngrepa. I alternativ 4 vert turområdet vest for Søgnesanddalen mot Grovabreen skjerma mot inngrep.
For friluftslivet vil opplevinga av urørt natur bli vesentleg redusert særleg ved Trollavatnet og i Søgnesandsdalen. Innanfor området som vil bli påverka av ei utbygging må Trollavatnet og Langevatnet karakteriserast som ein del av eit kjerneområde i friluftssamanheng. Ettersom bruken av områda vanlegvis er størst om sommaren/tidleg haust, vil inngrepa visuelt vere tydlegare og forsterke ei negative naturoppleving. Inngrepa ved Trollavatnet vil kunne sjåast frå fleire utsiktspunkt ovanfor vatnet.
2.2.8 Fisk
Det blir i nokre uttalar stilt spørsmål kva ei utbygging vil få å seie for den viktige aurebestanden i Kjøsnesfjorden, og spesiell merksemd vert retta mot endra tidspunkt for tilføring av breslam.
Aurebestandane i Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet er grunnlaget for eit av dei største næringsfiske i innsjøar i Norge. Oppfiska kvantum ligg mellom 12 og 25 tonn pr. år. Om lag 35 % av den oppfiska mengda kjem frå Kjøsnesfjorden. Undersøkingar viser at bestandane i Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden er genetisk ulike. I motsetning til Jølstravatnet har Kjøsnesfjorden relativt stor naturleg tilførsel av breslam særleg på seinsommaren/tidleg haust. Ei utbygging vil forskyve ein del av slamtilførselen til seinvinteren i samband med nedtapping til LRV i Trollavatnet. Djupvassutsleppet på 20 m vil medverke til å redusere tilførselen til øvre vasslag (produksjonssona), men problemperiodar kan oppstå i samband med den vertikale vassirkulasjonen. Det er lite temperatursjikting i Kjøsnesfjorden og vassirkulasjonen føregår kontinuerleg i perioden desember - mai dersom det ikkje ligg is på vatnet. I tillegg kan sterk austlege vind i Kjøsnesfjorden føre vassmassar vestover og medverke til forsterking av sirkulasjon i vassmassane.
Reproduksjon av aure i Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet foregår på dei grunne områda i sjølve vatnet, og reduksjon i vassføringa i elvane får derfor ikkje større innverknad på dette. Auren gyt i desember/januar, dvs. etter at hoveddelen av breslam har sedimentert. På seinvinteren er Kjøsnesfjorden nedtappa gjennom eksisterande regulering, og bølgjeaktivitet gjev utvasking av sediment frå gyteområda til djupare område.
I inntaksmagasinet Trollavatnet er fiskeinteressene vurdert til å vere av liten verdi ettersom det ikkje foregår naturleg reproduksjon pga. klimatiske forhold. Det same gjeld for Langevatnet.
I høve til dei framlagde utbyggingsplanane må det leggast stor vekt på verdien næringsfisket har for grunneigarar langs Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Det er avgjerande viktig at levevilkåra for fisken ikkje blir forringa nemneverdig ved ei ev. utbygging. I dei svært omfattande granskingane av fisket vert det m.a. peika på at redusert sedimenttilførsel om sommaren gjev betre siktedjupn og og auka planktonproduksjon. Konklusjonen i granskingane er at ei utbygging vil gje uendra til litt postiv verknad for fisken i både alternativ 2 og 4.
Utbygginga vil endre dei naturlege variasjonane for tilføring av sediment som følgjer det årlege avsmeltingsforløpet frå brefelta, og etter vår vurdering er det knytt nokre usikre moment til tilføring og sedimentering av slam på gyteområda om vinteren.
2.2.9 Landskap
Landskapet i Kjøsnesfjorden er kjenneteikna ved ei U-form med svært bratte, blankskurte og vegetasjonslause fjellsider. Søgnesandsdalen bryt dette landskapet med si V-form og ei meir jamn stigning frå elvevifta ved vatnet og opp mot fjell- og breområda.
Dei landskapsmessige endringane kjem lettast til syne frå riksveg 5 gjennom sterkt redusert vassføring i Lundeelva, Søgnesandselva og Sægrova. Særleg sistnemde elv med ein tydeleg foss og relativt jamn vassføring gjennom året frå Vidunderdalsvatnet, er lett synleg frå fleire stadar/grender i området vest for Skei. Etter omsøkt utbygging vil 2/3 av vassføringa i Sægrova bli borte frå elveløpet. Trafikkantar på hovudferdselsårane E39 og riksveg 5 festar lett blikket på elva som er eit markert element i landskapsbiletet.
Nedre delar av Søgnesandselva er godt synleg frå riksveg 5, men i en heller kort augneblink ettersom Søgnesandsdalføret kjem inn i Kjøsnesfjordbassenget frå sør. Om lag 43 % av vatnet i elva er planlagt overført til kraftverket.
Riksveg 5 går langs Lundeelva i 1,5-2 km før tunnelinnslaget til Fjærlandstunnelen. Like ved tunnelpåhogget er det bygd rasteplass som gjev god utsikt både oppover og nedover elva. I dalsida ovanfor rasteplassen er forgreiningane frå Litlebredalen og Tverrfjellet særmerkte i landskapet. Elveløpet fra Trollavatnet drenerer naturleg til Lundeelva. Utbyggingsplanane medfører 69 % redusert vassføring i Lundeelva ved utløpet til Kjøsnesfjorden.
Anleggsvegen i Søgnesandsdalen vil kome lett til syne i landskapet ved ferdsel på rv. 5, m.a. fordi det er lite skog i dalføret. Det same må til ei viss grad påreknast for kraftlinja ut langs sørsida av Kjøsnesfjorden. Andre landskapsinngrep i fjellområda vil bli mest synlege for fjellvandrarar.
Neddeming og særleg tørrlegging av areal kan framstå som skjemmande i landskapet. Magasinfyllingskurva for Trollavatnet og Langevatnet viser at vasstanden i magasina t.d. i månadsskiftet juli/august vil ligge nærmare kote 998 i eit år med midlare tilsig. For fotturistar i området vil dermed reguleringssona bli mindre dominerande, men dammane vil framstå som framandelement i urørt natur.
NVE ser på landskapet i utbyggingsområdet som mangfaldig og innhaldsrikt med ei klar kontrast til naturen elles omkring Jølstravatnet. Landskapet vil få ei endring gjennom at årstidsvariasjonane i elvane blir borte/sterkt endra pga. redusert vassføring. Med omsyn til redusert vassføring framstår Sægrova med Storefossen og Lundeelva som dei elvane som kan gje dei største negative verknadane for landskapsopplevinga. Sægrova med Storefossen er ein viktig og utfyllande del av landskapsbiletet ved inngangen til den meir «ville» Kjøsnesfjordnaturen. I nedbørsrike periodar vil det ved ei ev. utbygging likevel vere mange mindre elveløp og bekkar som vil kome til syne slik at hovudinntrykket av landskapet til ei viss grad vert oppretthalde.
2.2.10 Flaumtilhøve
For grunneigarane i utbyggingsområde er det framheva verdien av å få redusert risikoen for skadeflaumar.
NVE har utført flaumsikringstiltak både i Lundeelva, Søgnesandselva og Sægrova for hindre skade på areal og bygningar. For Sægrova er det i tillegg gjennomført tiltak i utløpet av Vidunderdalsvatnet etter at Grovabreen kalva ned i vatnet i 1974 og forårsaka senking av utløpet med påfølgjande ukontrollert nedtapping av vatnet og skadeflaum for gardane på Sægrov. Endringa i utløpet har såleis medført senking av normalvasstanden.
Ei utbygging etter alt. 2 vil i stor grad eliminere skadeflaumar for Sægrova og Søgnesandelva ettersom Breskardelva er tenkt nytta som flaumavleiande elv for overføringstunnelen vest for Trollavatnet. Lundeelva vil avleie flaumar ved ev. overløp frå Trollavatnet. Etter alt. 4 må flaumvatn i Søgnesandselva, utover kapasiteten til bekkeinntaka, avleiast i det naturlege elveløpet.
Utløpsosen i Vidunderdalsvatnet er innsnevra med det formål å nytte vatnet som flaumdempingsmagasin for Sægrova. I høve til ev. bølgjer ved kalving og påfølgjande vassføringsauke i Sægrova vil eit bekkeinntak ha avgrensa effekt som følgje av store vassmengder på kort tid.
2.2.11 Kraftlinje
Dei fleste av høyringspartane fremjar ønskje om kabling av overføringslinja i Kjøsnesfjorden enten til Sægrov eller heilt fram til tilkytingspunktet på Sunde.
Kabling av kraftlinje i vatnet i høve til å nytte eksisterande linjetrasé fram til Sægrov med ny trasé vidare til Sunde, slik det er søkt om, er peika på som eit mogeleg alternativ.
Realitetshandsaming av søknad om framføring av overføringslinje og bygging av elektriske anlegg vil bli gjort av NVE i etterkant av at det er teke endeleg stilling til søknaden om utbygging av kraftverket.
2.2.12 Energiproduksjon og kostnader
NVE har gått gjennom tala for produksjon og kostnader. Utbyggingsprisen for dei omsøkte alternativa er oppgjevne til (tabell 2.1):
Tabell 2.1
Alternativ | Utbyggingpris (kr/kWh) |
1 | 2,52 |
2 | 2,30 |
3 | 3,66 |
4 | 2,33 |
Vår produksjonssimulering viser ca. 5 % lågare vinterproduksjon og tilsvarande høgare sommarproduksjon for alt. 2 i eit midlare år. For alt. 4 finn vi eit tilsvarande avvik på ca. 9 %. Vi finn det sannsynleg at dette har samanheng med at søkjar har lagt meir vekt på detaljerte simuleringar og optimalisering med omsyn til tapping frå magasinet i Trollavatnet.
NVE har utført kostnadskontroll basert på handboka «Kostnadsgrunnlag for vannkraftanlegg» som syner om lag 25 % høgare kostnadsoverslag for alt. 2 og 18 % for alt. 4. Gjennom korrespondanse med tiltakshavar har vi fått oversendt eit meir detaljert kostnadsoverslag enn det som går fram av søknaden, og skilnaden skriv seg i all hovudsak frå reguleringsanlegg, trykktunnel og overføringstunnellar.
NVE vil peike på at det vil vere noko uvisse knytt til kostnadsoverslag av denne storleik. M.a. vil geologiske forhold vere svært avgjerande for framdrift i samband med tunnelboring.
Gjennomsnittleg fastkraftkostnad 1
for attverande tilgjengeleg vasskraft er pr. 2000 utrekna til ca. 23 øre/kWh. For å vurdere kostnaden for Kjøsnesfjorden kraftverk vert fastkraftkostnaden samanlikna med annan ny fastkraftkostnad for vasskraftanlegg med same utrekningsgrunnlag. Med desse føresetnadane vert fastkraftkostnaden for Kjøsnesfjorden kraftverk 27,1 og 26,4 øre/kWh for alternativ 2 og 4, som dermed er høgare enn fastkraftkostnaden for attverande tilgjengeleg vasskraft.
Til samanlikning ligg produksjonskostnaden for ny vindkraft mellom 24-28 øre/kWh, og for t.d. gasskraftverket i Skogn er kostnaden utrekna til 17-20 øre/kWh utan CO 2 avgift. Reinsing av utsleppa vil auke utbyggingsprisen ytterlegare med 10-15 øre/kWh.
Ut frå ei økonomisk vurdering er prosjektet relativt dyrt sjølv med søkjar sitt kostnadsoverslag. NVE sin gjennomgang er basert på våre standardiserte konstnadsoverslag. Dette viser høgare kostnader slik at det er knytt noko uvisse til den økonomiske lønsemda. Miljøkostnader og kortidsfordelar t.d. sysselsetjing er ikkje tekne med i reknestykket.
2.2.13 Kraftbalansen
Elektrisitetsforbruket i Norge har dei siste åra auka sterkare enn tilgangen på ny produksjonskapasitet. Dette har medført at vi etterkvart har fått eit klart underskot i kraftbalansen, også i år med normale nedbørsforhold. I dag er produksjonssystemet utbygd til ei midlare årleg produksjonsevne på 119 TWh, medan forbruket, korrigert til normale temperaturforhold, er i storleiksorden 125 TWh.
NVE legg til grunn at kraftforbruket vil halde fram med å auke, sjølv om det vil bli lagt vekt på energieffektivisering og overgang til vassboren varme basert på fornybare energikjelder. Energiøkonomisering har medført at energiforbruket pr produsert eining og pr kvadratmeter boligareal er sterkt redusert, men andre faktorer som boligstruktur, preferanser og generell vekst i privat og offentlig forbruk, medverkar til sterk vekst i elektrisitetsforbruket. Omfattande energiøkonomisering ser derfor kun ut til å kunne medverke til noko redusert vekst. Forbruksveksten er forventa først og fremst innan alminneleg forsyning. Avgrensa tilgang på ny kraft vil derfor føre til eit aukande underskot i den nasjonale kraftbalansen.
Vasskraftproduksjonen følgjer variasjonane i tilsiget, og kan variere mellom +/- 25 % i forhold til middelproduksjonen. I tørrårssituasjonar kan produksjonen bli så låg som 92 TWh, og dette vil innebere ein problematisk forsyningssituasjon. Ein del av gapet mellom tilvant forbruksnivå og innanlandsk kraftproduksjon kan dekkast ved import, men vi vil ikkje kunne unngå vesentlege forbruksreduksjoner - inntil ca. 15 TWh - i ekstreme tørrår slik overføringssystemet er utbygd i dag. I tørrår vil kraftprisane auke sterkt, ettersom forbruksreduksjonane i eit marknadsbasert kraftsystem er føresett å skje gjennom auka prisar.
Eksisterande sambandslinjer mot utlandet representerer ein kapasitet på omtrent 3 500 MW, som gjer det mogleg med ein import på årsbasis i storleiksorden 30 TWh under normale forhold. Men sidan tørrår sannsynlegvis vil inntreffe samstundes i Sverige og Norge, vil ikkje importkapasiteten over svenskegrensa kunne bli fullt utnytta. Dette vil innebere at våre importmoglegheiter i ekstreme tørrårssituasjoner vil bli redusert til under 20 TWh.
Auka importkapasitet vil kunne avhjelpe situasjonen i tørrår. Tidlegare planer om to kabelsamband mot Tyskland er imidlertid skrinlagt, så mot kontinentet er det no berre planen om kabel til Nederland som framleis kan vere aktuell. I tillegg ligg det føre planer om kabelsamband mot England. Sjølv om begge desse kablane vert lagt, er vi likevel langt frå å kunne oppretthalde normalt forbruk i tørrår. I tillegg ser det generelt ut til å vere betydelege problem med i det heile å få etablert slike kabelsamband.
Stortinget har gjeve si tilslutning til målet om utbygging av 3 TWh vindkraft innen 2010, og det vert føresett at det er politisk vilje til oppfølging med tilstrekkelege økonomiske støtteordningar for å få dette til. Erfaringa med vindkraft så langt er imidlertid at det også i desse sakene er betydelege konflikter med miljø, landskap og arealbruk. Saman med konflikter med forsvarsinteresser vil dette medføre at det kan bli svært vanskeleg å nå målsetjinga for vindkraft.
Bygging av gasskraftverk vil betre kraftbalansen. Sjølv om det er gitt konsesjon for til saman 12 TWh gasskraft fordelt på tre produksjonsstadar, ser vi få teikn til snarleg realisering av prosjekta. Faktorar som medverkar til dette er uvisse omkring framtidige CO2 -avgifter, og ikkje minst mulegheitene og kostnadene for gasskraft utan CO2 -utslipp.
Dei siste vinterane har ein vore nær kapasitetsgrensa for effekt i høglastperioder.
Med dei føresetnadene som er lagt til grunn ovanfor vil ei framleis restriktiv haldning til ny produksjonskapasitet føre til ein vesentleg forverring av kraftbalansen, auka prisar, større sårbarheit i tørrår og risiko for effektproblemer i høglastperioder.
St.meld. nr. 37 (2000-2001) Om vasskrafta og kraftbalansen legg opp til ei restriktiv haldning til nye store vasskraftprosjekt og at urørte vassdrag skal forbli urørt. Det er likevel framheva at vasskraft skal vere ein viktig ressurs for kraftfornying. Det er også lagt vekt på ei betre utnytting av allereie utbygde vassdrag ved opprustingar og utvidingar.
Etter NVE sitt syn er det nødvendig at omsynet til kraftbalansen og framtidig leveringstryggleik vert tillagt vesentleg vekt ved vurderinga av nye prosjekt.
Kjøsnesfjordprosjektet vil med søkjar sine prioriterte alternativ tilføre energisystemet netto i eit midlare år 227,5 GWh ved alt. 2, eller knapt 178 GWh ved alt. 4. I tillegg vil produksjonen i eksisterande kraftverk i vassdraget nedanfor auke med 4,8 GWh. Alternativ 2 og 4 vil ha ein installert effekt på høvesvis 56 og 43 MW. Samla kan denne energi- og effektmengda vere viktig inn i eit forbruksområde som i periodar har vanskar med både energioppdekking og effektbalanse.
2.3 NVEs konklusjon
2.3.1 Ikkje omsøkte alternativ
NVE vurderer alternativ 1 til å gjere store og omfattande inngrep i lett tilgjengeleg friluftsområder i Fagredalen og området rundt Grovabreen. Bekkeinntaket i Fagredalen blir liggjande om lag 500 m inn i nasjonalparken og vil krevje framføring av anleggsveg og kraftlinje. Området framstår i dag som urørt. Samanlikna med alternativ 2 føreset alternativ 1 om lag 3 km lenger overføringstunnel for å ta inn ca. 14 % av driftsvatnet til kraftverket, og auken i kraftproduksjonen, ca. 5 GWh, må karakteriserast som marginal. Kostnaden for auken i produksjonen er ca. 63 mill. kr, dvs. 12,60 kr/kWh.
Alternativ 1 med 8 bekkeinntak medfører også særleg store inngrep ved Trollavatnet/Langevatnet gjennom bygging av dammar og deponering av massar. Trollavatnet og Langevatnet er planlagt regulert høvesvis 40 m og 20 m. I tillegg til anleggsveg opp frå Lundebotnen, delvis i tunnel, må det byggast midlertidige anleggsvegar ved Trollavatnet. Alternativet gjev etter vår vurdering store inngrep spesielt i høve til landskap, friluftsliv og naturvern i eit stort område inntil nasjonalparken. Den vestlege delen av utbyggingsområdet omkring Fagredalen med oppgang til Grovabreen er regionalt viktig for friluftslivet.
Vi viser elles til den avklaring alternativ 1 har fått gjennom den administrativt forenkla handsaminga i Samla plan i 1999 i samband med søknad om endring av delar av prosjektet, jf. brev frå Direktoratet for naturforvaltning dat. 19.04.1999. Mellom anna er bekkeinntak i Fagredalen og inngrep i/ved Vidunderdalsvatnet sløyfa.
Alternativ 3 føreset kun regulering av Trollavatnet og Langevatnet. Talet på inngrepsstadar vert redusert, men fordi reguleringshøgdene i hovudsak er samanfallande med alternativ 1 må omfanget og konsekvensane av inngrepa i Trollavatnområdet sidestillast med alternativ 1. Innvunnen kraftmengde vert vesentleg redusert, og utbyggingsprisen på 3,66 kr/kWh er etter vårt syn svært høg.
Alternativa 1 og 3 er utgreia i tråd med fastsett konsekvensutgreiingsprogram for Kjøsnesfjorden kraftverk. Ingen av alternativa er omsøkt. Med tilvising til vurderingane ovanfor finn NVE ikkje grunnlag for å tilrå nokon av desse alternativa.
2.3.2 Omsøkte alternativ
Utbygging etter alternativ 2 omfattar regulering av Trollavatnet og Langevatnet med 33 m og 2 m, og 11 bekkeinntak mellom Litlebredalen i nordaust og Sægrova i vest. Fem av bekkeinntaka ligg like innanfor grensa til nasjonalparken. Inngrepa i Søgnesandsdalføret og ved Trollavatnet/Langevatnet, i randsona og nær inntil til Jostedalsbreen nasjonalpark, er negativ for landskapsbiletet og opplevinga av urørt natur. Dessutan vil damanlegga ved Trollavatnet og Langevatnet krevje periodevis vedlikehald slik at det i framtida må påreknast anleggsaktivitet som kan fordre nye inngrep i området. Etter vår oppfatning er dei negative konsekvensar ved inngrepa, særleg for friluftsliv og naturvern, samla sett høge.
Alternativ 4 gjeld 6 bekkeinntak mellom Litlebredalen og Søgnesandsdalen, og regulering av Trollavatnet og Langevatnet. Tre bekkeinntak ligg inne i nasjonalparken. Inngrep i vestlege delen av Kjøsnesfjorden og overføring av Breskardelva og Sægrova med Storefossen er utelate. Alternativet minskar skadane i eit område av Kjøsnesfjorden med verdi for friluftsliv og turisme. Hovudområda for inngrep knytt til reguleringsmagasin, tunneldrift og anleggsveg er i stor grad samanfallande med alternativ 2. Dei negative konsekvensane for friluftsliv og naturvern i nærområdet til Jostedalsbreen nasjonalpark ved Trollavatnet vurderer vi i det alt vesentlege til å ligge på same nivå som for alternativ 2. Innvunnen kraftmengde vert redusert utan at skadene og ulempene vert tilsvarande minska.
NVE legg vekt på at inngrepa vil føregå så vel innanfor som i nærområdet til ein nasjonalpark med nasjonal og internasjonal merksemd. Fleire bekkeinntak er planlagt innanfor nasjonalparken og vil krevje grensejusteringar. I tillegg vil inngrepa i og rundt Trollavatnet og Langevatnet, som ligg tett opp til grensa til nasjonalparken, føre til ulemper i høve til nasjonalparken og friluftslivsinteressene.
I St.meld. nr 37 er det framheva at det skal leggast auka vekt på miljøomsyn i den framtidige forvaltninga av vasskraftressursane, og at ein skal seie nei til nye store prosjekt der ein grip inn i urørt natur som er viktig for miljøet. Dette er ytterlegare skjerpa i Sem-erklæringa som legg opp til ei restriktiv haldning til vidare vassdragsutbygging, og at ein let dei aller fleste vassdrag som står igjen forbli urørt. Dette tilseier ei vesentleg endring i føringane sidan nasjonalparken blei etablert og prosjektet vurdert i Samla plan. Med bakgrunn i dette meinar NVE at ei utbygging ikkje bør aksepterast.
På den andre sida er det eit aukande gap mellom kraftproduksjon og forbruk. Det er òg knytt stor uvisse til innfasing av føresette alternative energikjelder og moglege løysingar for import. Vi syner til at omsøkte utbygging kan gje eit monaleg tilskot til kraftbalansen. NVE syner vidare til kommunestyret si einstemmige positive innstilling i saka.
Ut i frå trongen for å sikre kraft og effekttilgang i framtida, finn vi det derfor rett å påpeike behovet for ei politisk vurdering av vektlegginga av miljøomsyn i høve til trongen for ny kraft.
Alternativ 2 og 4 er like når det gjeld inngrepa ved Trollavatnet og Langevatnet. Skilnaden mellom alternativa er at alternativ 4 sløyfer overføringstunnel og bekkeinntaka mot vest. På bakgrunn av dei vurderingane som er nemnt ovanfor og omsynet til flaumavleiing vil vi tilrå at alternativ 2 blir valt dersom ein går inn for utbygging.Som grunnlag for vidare handsaming har vi lagt ved forslag til vilkår for utbygging og regulering.
I NVE si totalvurdering inngår også konsekvensane av elektriske anlegg som er naudsynt for å gjennomføre bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk. Etter vår vurdering medfører ikkje dei elektriske anlegga skader og ulemper av eit slikt omfang at det har avgjerande vekt for om det omsøkte tiltaket kan få løyve. Søknaden om konsesjon etter energilova vert slutthandsama i NVE når det er teke endeleg stilling om det skal gjevast løyve til utbygging av vassdraget.
Fotnoter
Fastkraftkostnad - gjennomsnittsprisen utbygginga må oppnå på fastkrafta for å få ei kapitalavkastning minst lik kalkulasjonsrenta