3 Høringsuttalelser til NVEs innstilling
Olje- og energidepartementet sendte ved brev av 5. april 2002 NVEs innstilling på høring til Jølster kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. Departementet har også mottatt uttalelser fra Norges Naturvernforbund, Samarbeidsrådet for Naturvernsaker, Sogn og Fjordane Turlag og advokatfirmaet Kluge på vegne av Kjøsnesfjorden Kraftverk AS.
3.1 Kommunal- og regionaldepartementets uttalelse av 16. mai 2002
Kommunal- og regionaldepartementet har ingen merknader til NVEs innstilling av 22.03.2002 vedrørende ovenfor nevnte sak.
3.2 Miljøverndepartementets uttalelse av 6. juni 2002
Vi viser til Deres brev av 5. april og senere samtaler vedrørende utsettelse av høringsfristen.
3.2.1 Søknaden
Det er utredet 4 alternativer. Alle disse alternativene er avklart i forhold til Samlet Plan, senest ved brev fra DN av 19.4.1999.
Alternativ 2 er søkerens primæralternativ og kan gi 229 Gwh i produksjon til en utbyggingspris på 2,30 kr/kwh. Jølster kommune går enstemmig inn for dette alternativet.
Alternativ 4 er søkerens sekundæralternativ og kan gi 178 Gwh til en pris på 2,33 kr/kwh. Fylkeskommunen går inn for dette alternativet.
Søkeren vurderer alternativ 1 og alternativ 3 som uaktuelle å bygge ut for Kjøsnesfjorden Kraftverk AS. Vi omtaler derfor ikke disse alternativene.
3.2.2 NVE's innstilling
NVE's konklusjon i innstillingen inneholder to deler:
a) En fraråding om at konsesjon blir gitt på grunnlag av konflikter knyttet til inngrep i og nær Jostedalsbreen nasjonalpark, konflikt med friluftslivsinteresser og konflikt med politiske føringer for forvaltning av vannkraftressursene.
b) En tilråding om hvilket alternativ som bør velges dersom en politisk vurdering gir som resultat at utbygging allikevel tillates. NVE tilrår alternativ 2 og legger ved forslag til konsesjonsvilkår for dette alternativet.
Del a) i NVE's konklusjon lyder som følger:
«NVE legg vekt på at inngrepa vil føregå så vel innanfor som i nærområdet til ein nasjonalpark med nasjonal og internasjonal merksemd. Fleire bekkeinntak er planlagt innanfor nasjonalparken og vil krevje grensejusteringar. I tillegg vil inngrepa i og rundt Trollavatnet og Langevatnet, som ligg tett opp til grensa for nasjonalparken, føre til ulemper i høve til nasjonalparken og friluftsinteressene.
I St.meld. nr. 37 er det framheva at det skal leggast auka vekt på miljøomsyn i den framtidige forvaltningen av vasskraftressursane, og at ein skal seie nei til nye store prosjekt der ein grip inn i urørt natur som er viktig for miljøet. Dette er ytterlegare skjerpa i Sem- erklæringa som legg opp til ei restriktiv haldning til vidare vassdragsutbygging, og at ein let dei aller fleste vassdrag som står igjen forbli urørt. Dette tilsier ei vesentleg endring i føringane sidan nasjonalparken blei etablert og prosjektet vurdert i Samla plan. Med bakgrunn i dette meinar NVE at ein utbygging ikkje bør aksepterast.»
3.2.3 Miljøverndepartementets vurdering og konklusjon
Vi har forelagt NVE's innstilling for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, DN og Riksantikvaren. Vedlagt følger uttalelser fra fylkesmannen og DN. Riksantikvaren finner det ikke nødvendig å avgi ny uttalelse, men viser til sin høringsuttalelse til NVE der de har pekt på at alternativ 3 har minst negative konsekvenser for kulturminner og kulturmiljø.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane går i sin uttalelse av 29. april 2002 til departementet «inn for alternativ 4 («kompromissløysinga») dersom det vert konkludert med å gje konsesjon.»
Fylkesmannen viser ellers til sin uttalelse av 19.desember 2000 til NVE der oppsummeringen er som følger:
«Oppsummert ser fylkesmannen dette som ei konfliktfylt og vanskeleg kraftutbyggingssak. Vi reknar med at nasjonale styresmakter nøye vil vurdere om det, m.a. i lys av tida som har gått sidan oppretting av nasjonalparken og ein ny energipolitisk situasjon med gasskraft og dels vindkraft som viktige bidrag, er rett å opne for kraftutbygging heilt opptil og delvis innanfor ein nasjonalpark. Dersom det vert konkludert med å gje konsesjon, er alt. 3 det alternativet som gjev klart minst naturinngrep. Etter som dette gjev lite kraft til høg pris, framstår alt. 4 etter vårt skjøn som eit aktuelt kompromiss. Alt. 1 og 2 medfører etter vårt skjøn uakseptabelt store inngrep i landskapet og vassdragsnaturen kring Kjøsnesfjorden og Grovabreen og i høve til nasjonalparken.»
Direktoratet for naturforvaltning uttaler følgende om konsesjonspørsmålet i sin uttalelse til departementet av 6. mai 2002:
«DN vil i likhet med NVE frarå at konsesjon blir gitt. En utbygging som omsøkt vil medføre betydelig konflikter med nasjonalparken, opplevelsesverdier og friluftsinteresser. Utbygging vil være i strid med politiske føringer for vannkraftpolitikken gitt i bl.a. Stortingsmelding 37 (2000-2001), Innst.S.nr 263 (2000-2001) fra energi- og miljøkomiteen og Sem-erklæringen.
Stortingsmelding 37 om Vasskrafta og kraftbalansen ble behandlet for ca. 1 år siden. Vi kan ikke se at energi- og miljøpolitiske forutsetninger har endret seg i en slik grad at en sak som Kjøsnesfjorden utløser behov for en ny politisk gjenomgang av vektlegging av miljøhensyn i forhold til behovet for ny kraft.»
Miljøverndepartementet viser til NVE's og DN's ovenfor siterte konklusjoner. Vi viser også til de grundige vurderingene vedrørende skader og ulemper som er foretatt av disse instanser og av fylkesmannen. I den forbindelse vil vi særlig trekke fram at planene vil medføre en betydelig reduksjon av såkalt villmarkspregede områder.
På denne bakgrunn vil vi frarå at det gis konsesjon til Kjøsnesfjorden kraftverk.
3.3 Jølster kommunes uttalelse av 15. mai 2002
Jølster kommune har motteke NVE si innstilling av 22.03.02 til søknad om regulering av Jølstervassdraget og bygging av Kjøsnesfjorden Kraftverk AS. Olje- og energidepartementet har - med brev av 05.04.02 - sendt innstillinga til ulike instanser, med merknadsfrist 16.05.02.
Saka vart handsama i møte i Jølster kommunestyre 14.05.02, K-sak 13/02. Det vart gjort følgjande vedtak:
«Jølster kommune syner til saksutgreiinga og held fast ved si tidlegare tilråding. Jølster kommune rår med dette Olje- og energidepartementet til å gje konsesjon for utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk etter alternativ 2.
Jølster kommune presiserer at Jølstravassdraget er utbygd tidlegare og er såleis ikkje eit urørt vassdrag. Det å utnytte det meir effektivt, må vere i tråd med intensjonen i Sem-erklæringa.
Jølster kommune tek til orientering dei konsesjonsvilkåra og det manøvreringsreglementet som NVE har føreslege med følgjande endringar:
Jølster kommune føreset framleis at alle vegar som vert bygde i samband med utbygginga/anlegget må vere av ein slik standard at dei etter utbygginga kan nyttast og vil vere opne for allmenn ferdsel, og såleis vere med å styrke grunnlaget for auka næringsretta reiselivssatsing.»
Vedtaket vart gjort med 24 røyster mot 1 røyst.
Saksutgreiinga som det vert vist til i første avsnitt i vedtaket, følgjer vedlagt.
3.4 Sogn og Fjordane fylkeskommunes uttalelse av 18. juni 2002
Fylkesutvalet gjorde i møte 14.05.2002 slikt vedtak i saksnr. 0033/02.
Fylkeskommunen er usamd i NVE sin konklusjon om å rå i frå utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk. Vi meiner at dei positive sidene ved utbygging er klart større enn dei negative og vil be om at departementet går inn for utbygging.
Eit nei i denne saka sett i samanheng med dei omfattande forslaga om supplering av Verneplan for vassdrag i vårt område, set det regionale og lokale nivået heilt ut av spel når det gjeld forvaltningen av eigne vasskraftressursar. Eit vasskraftpotensiale på om lag 1,5 TWh kan gjennom desse to sakene bli fjerna frå prosjektlistene i Samla Plan kategori I, prosjekt utenfor Samla Plan frigitt for konsesjonshandsaming og småkraftverk under planlegging/vurdering.
I eit klimaperspektiv der gasskraft basert på dagens teknologi mest truleg må fylle opp gapet mellom behov og faktisk energiproduksjon i landet, er beslaglegging av gode vasskraftprosjekt svært vanskeleg å forstå. Vi ber difor om at regionale og lokale politiske signal vert lytta til i ein situasjon der den nasjonale energipolitikken kan virke uklar.
Fylkeskommunen gjekk inn for alternativ 4 framfor alternativ 2 ved handsaming av konsesjonssøknaden i des. 2000. Ei nærare vurdering av dei to omsøkte alternativa sin funksjon når det gjeld flaumavleiing i denne høyringsrunda, tilseier at skilnadene mellom alt. 2 og 4 etter fylkeskommunen si vurdering samla sett har blitt utviska. Fylkeskommunen går difor inn for alternativ 2 for utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk.
3.5 Kjøsnesfjorden Kraftverk AS' uttalelse av 15. mai 2002 v/Kluge advokatfirma ans
Vårt advokatfirma har fått i oppdrag av Kjøsnesfjorden Kraftverk AS å utarbeide fråsegn til NVE si innstilling til Olje- og energidepartementet datert 22. mars 2002 med frist til 15. mai 2002.
3.5.1 Innleiing
På bakgrunn av den føregåande svært omfattande politiske prosessen som utelukkande har vurdert utbygginga som ønskjeleg, er konklusjonen i innstillinga frå NVE overraskande. Utbyggjarane vil i denne merknaden peike på at det vil verke urimeleg dersom utbygginga ikkje skulle bli vedteken. Her vil vi særleg peike på at utbygginga framstår som særs tenleg sett i eit breiare miljøvernperspektiv enn den sterke vektlegginga av omsynet til nasjonalparkgrensa som er gjord i innstillinga. Dersom endeleg vedtak skulle bli treft i tråd med konklusjonen i innstillinga, vil utbyggjarane vurdere å fremje krav om kompensasjon.
3.5.2 NVE si innstilling
Innstillinga frå NVE framstår som to-delt, i ein fagleg og ein politisk del. NVE har etter ei nøye fagleg vurdering kome fram til at det vil tilrå alternativ 2, som er det alternativet utbyggjarane prioriterer høgast, dersom ein går inn for utbygging.
I den politisk tonelagde vurderinga som leier fram til konklusjonen legg NVE hovudvekta på at utbygginga krev små grensejusteringar for Jostedalsbreen nasjonalpark. NVE viser til «ei vesentleg endring i føringane sidan nasjonalparken blei etablert og prosjektet vurdert i Samla plan». Desse «føringane» er for det første tema som er grundig vurdert i samband med vedtaket om nasjonalparken i 1991 og Samla plan seinast i 1993. For det andre er dei tema som er tekne opp frå politisk hald dei to siste åra, og som ikke ikkje treff i høve til utbygginga av Jølstervassdraget, fordi dette allereie er berørt av fleire utbyggingar. Uansett har utviklinga i den siste tida vist at moglegheitene til å utvikle alternativ kraftproduksjon ved gasskraftverk og vindkraftverk har vorte svekke, og at dette ikkje lenger har den same vekt som premiss for å nekte konsesjon til vasskraftutbyggingar.
Sjølv om NVE frårår OED å gje løyve, har direktoratet likevel ved å ha utarbeidd framlegg til konsesjonsvilkår og manøvreringsreglement tilrettelagt sake for å behandle den vidare dersom OED skulle gå inn for utbygging. NVE har då valt alternativ 2. Argumenta til NVE for alternativ 2 i høve til alternativ 4 er større kraftmengder og omsynet til flaumavleiing. I prosjektet ligg flaumavleiing både for Grovaelva og Søgnesandelva, i tillegg til at Lundeelva får større sikring.
3.5.3 Fakta om utbygginga
Det prioriterte alternativet for Kjøsnesfjord-utbygginga er alternativ 2, som gir eit krafttilskot på 245 GWh. Dette er ei relativt lita utbygging samanlikna med den siste godkjente store utbygginga; av Øvre Otta med 525 GWh. NVE har nyleg innstilt positivt på ny Sauda-utbygging på 1.130 GWh. Til samanlikning nemner vi at Alta-krftverket gir knapt 500 GWh.
3.5.4 Tidlegare vurderingar av utbygginga
3.5.4.1 Innleiing
Søkjaren vil innleiingsvis peike på at det er lagt ned store ressursar til planlegging og konsekvensutgreiing av utbygginga, som det i alle offentlege planar og stortingsdokument heilt frå tidleg på 1980-talet og fram til NVE si innstilling i mars 2002 har vore føresett at ville kunne gjennomførast utan å støyte mot dei ulike vedtak som er fatta om vern av naturkvalitetar i området.
3.5.4.2 Politisk vurdering av tilhøvet til nasjonalparken
I dei grundige politiske vurderingar som vart gjorde av Miljøverndepartementet og Stortinget fram mot vedtak av nasjonalparken vart det konkludert at omsynet til nasjonalparken ikkje skulle vere til hinder for ei seinare Kjøsnesfjord-utbygging. Det går fram av vurderingane og vedtaka at utbygginga kan gjennomførast utan å gjere inngrep av betydning i nasjonalparken. Utbygginga eller alternativ 2 vil då også berre føre til at forvaltningsreglane for nasjonalparken må endrast noko, eller at heilt marginale areal fell utanfor nasjonalparken etter ei grensejustering, dersom ei justering i det heile er turvande. Det totale arealet til nasjonalparken er 1310 km2. DN nemner i sitt brev til MD dagsett 6. mai 2002 at endring av forvaltningsreglane for nasjonalparken kan vere tilstrekkeleg.
I «Samla Plan» er utbygginga plassert i kategori I, som tyder at utbygginga ikkje berører vassdrag som er tenkt verna eller er verna i dag. Jølstervassdraget er såleis allereie berørt av fleire utbyggingar. Nedanfor føljer ein gjennomgang av behandlinga fram mot vedtak om nasjonalparken i 1991.
St.meld. nr. 25 (1987-88) Om nasjonalpark i Jostedalsbreområdet:
I stortingsmeldinga om nasjonalparken heiter det:
«Departementet går inn for at nasjonalparken ikkje skal vere til hinder for konsesjonshandsaming av vasskraftprosjekt som er plassert i kategori I i Samla Plan.» (s. 26)
På side 18 er Kjøsnesfjorden teken inn i tabell over aktuelle vasskraftutbyggingar, plassert i kategori I.
Særleg om Kjøsnesfjorden heiter det i meldinga:
«Ved Kjøsnesfjorden har vasskraftprosjektet med magasin i Trollavatnet i stor grad påverka verneframlegget. Under høyringa er det frå Førde og Naustdal Elektrisitetsverk lagt fram skisser for å utvide prosjektet med tunnelar (takrenner) mot nord og vest. Det er og vist skisser der Femtevatnet skal nyttast som magasin i tillegg til Trollavatnet. Departementet er innstilt på mindre justeringar av nasjonalparkforslaget dersom ei vidare bearbeiding av dette vasskraftprosjektet syner at det framleis kan plasserast i kat. I i Samla plan.» (s. 27)
Det heiter vidare:
«For vasskraftinteressene rundt Jostedalsbreen er Regjeringa sitt framlegg slik at alle prosjekt i kategori I i Samla Plan skal kunne konsesjonshandsamast.»
I Innst. S. nr. 273 (1987-88) slutta Stortinget seg til Miljøverndepartementet sitt syn.
Nasjonalparken vart oppretta ved kgl.res. av 25.10.1991 med heimel i naturvernlova § 4. Foremålet med naturvernlova følgjer av § 1
«Inngrep i naturen bør bare foretas ut fra en langsiktig og allsidig ressursdisponering som tar hensyn til at naturen i fremtiden bevares som grunnlag for menneskenes virksomhet, helse og trivsel.»
Kjøsnesfjordprosjektet har nettopp vore gjenstand for ei slik samla vurdering gjennom ei rekkje nasjonale planvedtak, sjå nedanfor. I foredraget til kgl.res. av 25.10.1991 frå MD heiter det:
«Angående Samlet Plan prosjekter i tiknytning til Kjøsnesfjorden vil departementet vise til tidligere grenseendringer for å muliggjøre utbygging av felt som drenerer naturlig til fjorden.»
Seinare er det utarbeidd eigen forvaltningsplan med forskrift for nasjonalparken.
3.5.4.3 Samla plan og verneplanar
Dei fleste planvedtak og utgreiingar av Kjøsnesfjordprosjektet er omtalte i NVE si innstilling. Vi vil i det vidare foreta ein gjennomgang av dei politiske dokumenta vedrørende Samle plan og Verneplan for vassdrag der prosjektet er vurdering.
St.meld. nr. 63 (1984-85).
Stortingsmeldinga utgjer første gongs politisk behandling av Samla plan, som hadde vorte presentert 13. september 1984. I Samla plan og i meldinga var kraftutbygging i Kjøsnesfjorden teken inn under Kategori I - gruppe 3. I kategori I er prosjekt som alle kan konsesjonsbehandlast straks og fortløpande for å bidra til energidekning i åra framover.
St.meld. nr. 53 (1986-87):
Stortingsmeldinga med tittelen «Samlet plan for vassdrag» hadde igjen føre Samla plan, og i vedlegg 3 på s. 104 er Kjøsnesfjorden oppført i kategori I, gruppe 3.
St.prp. nr. 118 (1991-92):
Vi nemner også at St.prp. nr. 118 (1991-92), med tittelen «Verneplan IV for vassdrag», som var sluttsteinen i verneplanen, naturlegvis ikkje inkluderer Kjøsnesfjorden-prosjektet eller nokon av elvane i det, men trekkjer ei tydeleg grense mot Gaularvassdraget, som utbygginga ikkje berører. Stortinget stadfesta tvert imot igjen i Innst. S. nr. 116 (1992-93) vassdraga oppførde i kategori I som vassdrag som kan konsesjonsbehandlast.
St.meld. nr. 60 (1991-92):
Samla plan vart igjen behandla i Stortinget i 1993, i St.meld. nr. 60 (1991-92). Prosjektet vart som tidlegare plassert i kategori I.
Stortingsmeldinga bygde på Samla Plan frå Miljøverndepartementet frå 1990, der det om omsynet til naturvern heiter følgjande:
«Høgste reguleringsnivå av Trollavatnet vil så vidt kome innafor den føreslegne nasjonalparken. Reguleringa av Trollavatnet og Langevatnet vil verke negativt i eit område med urørd natur.
Bekkeinntaka nedafor Lundebreen og i Litlebredalen ligg så vidt innafor den føreslegne grense for nasjonalparken. Dersom ein ser bort frå at område innafor og utafor nasjonalparken må sjåast i samanheng, kan ein seie at det er mogleg å justere grensa utan at verneverdiane innafor nasjonalparken vert vesentleg reduserte. Bekkene/elvane er likevel viktige landskapselement i Lundedalen, og det vil difor verka negativt på landskapet om dei vert turrlagde. Inngrepa vil bli godt synlege.» (s. 42-43)
Etter at Kjøsnesfjorden Kraftverk AS i mars 1998 søkte om ein del endringar i Samla plan-prosjektet, vart tiltakshavar, fylkesmannen, NVE og DN gjennom dialog i april 1999 samde om endringar som ville oppfylle vilkåra for forenkla handsaming eller Samla plan.
DN har i brev av 6. mai 2002 til MD endra haldning etter at NVE si innstilling kom til å frårå konsesjon. Dersom konsesjon blir gitt, vil DN tilrå alternativ 4.
3.5.4.4 Vurderingar av kraftbalansen og vasskraftpolitikken
NOU 1998:11 Energi- og kraftbalansen mot 2020:
I utgreiinga uttrykkjer utvalet at allmenne omsyn til naturvern ved vurderinga av kraftutbyggingsplanar er eit viktig moment opp mot krafttilgangen på mellomlang sikt, men Kjøsnesfjord-utbygginga blir berre omtalt kritisk av utvalgsmedlem Heidi Sørensen, medan både eit fleirtal og eit større mindretal ikkje angrip utbygginga og konflikten med nasjonalparken.
St.meld. nr.37 (2000-2001) Om vasskrafta og kraftbalansen:
I denne stortingsmeldinga la Olje- og energidepartementet til grunn at ein ville leggje auka vekt på miljøomsyn i den framtidige forvaltningen av vasskraftressursane. Det heiter i meldinga på s. 18 at
«(o)msynet til miljøet har gradvis vorte tillagt større vekt» og at «(d)et står att nokre store prosjekt som vil verta fremja dersom omsynet til miljøet ikkje gjer det ugjennomførleg».
Det er verdt å peike på at departementet i meldinga la som ein grunnleggjande premiss at gasskraftverk og vindkraftverk skulle syte for den naudsynte auken i krafttilgangen. Det heiter m.a. på s. 35:
«Å ta i bruk gasskraft vil gi ei sikrare energiforsyning. Gasskraftverk vil vera særleg viktige i høve til ein tørrårsituasjon fordi slike anlegg produserer for fullt over heile året. Det er førebels knytta noko uvisse til gasskraftprosjekta og selskapa har førebels ikkje teke endeleg stilling til ei eventuell utbygging».
I tida som har gått etter at meldinga vart lagd fram har vi sett at søkjaren av dei ulike omsøkte gasskraftprosjekta i Norge har vedteke førebels ikkje å investere i utbygging. Dette har samband med fleire faktorar som høg gasspris, låg straumpris og politiske hindringar. Samstundes er det temmeleg klårt at CO2-frie gasskraftverk i større skala ikkje vil kunne stå ferdig i det tiåret vi nyleg har byrja på.
Om vindkraft heiter det m.a. på s. 35:
«Noreg har i dag liten produksjon av vindkraft. Men det er planar om større utbyggingar.»
Den nyaste utviklinga viser at også mange av dei større planlagde vindkraftprosjekta er usikre. Det er særleg Forsvaret i tillegg til naturvern- og friluftsinteresser som har vist fast motstand mot desse.
3.5.4.5 Regionale og lokale politiske vurderingar
Jølster kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har frå første stund støtta utbygginga med dei milde inngrep den vil gjere i nasjonalparken og i høve til naturmiljøet. Fylkesmannen som nasjonalparkforvaltar støttar i brev til MD av 29. april 2002 utbygging av alternativ 4. Fylkeskommunen gjorde 14. mai 2002 samrøystes vedtak om å støtte alternativ 2.
3.5.4.6 Konsekvensutgreiing
Ei kraftutbygging som Kjøsnesfjorden krev omfattande utgreiing og prøving av vilkår for å oppnå endeleg løyve. Løyve skal gjevast etter følgjande lover: Vannressurslova. industrikonsesjonslova, vassdragsreguleringslova, energilova, plan- og bygningslova, oreigningslova, forurensingslova, kulturminnelova og ervervslova.
Søkjaren har gjennomført KU samansett av 13 fagrapportar utarbeidd av 9 firma/fagmiljø. Rapportane byggjer på feltarbeid med innsamling av data, intervju av personar med lokal kunnskap og bruk av tidlegare utgjeve fagmateriale. Vidare er det innhenta opplysningar frå lokale, regionale og nasjonale fagstyresmakter. Innsamling av data og arbeidet med fagrapportane har foregått i tida 1997-2000.
Dei utgreiingane som ligg til grunn oppfyller alle krava, noko også NVE viser til i innstillinga si når det heiter at:
«Etter ei samla vurdering, og på bakgrunn av foreliggande kunnskap og kommentarer til KU og utbyggingsplanane gjennom høyring og tiltakshavar sin kommentarar til desse, meinar NVE at den framlagde konsekvensutgreiinga tilfredstiller det fastsette utgreiingsprogrammet og plan- og bygningslova sine krav til konsekvensutgreiingar. Vi konkluderer derfor med at utgreiingsplikta for søknaden om regulering i Jølstervassdraget og bygging av Kjøsnesfjorden kraftverk er oppfylt, jf. plan og bygningslova § 33-6.»
Etter vår vurdering av resultata av desse utgreiingane tilsier desse at dei miljømessige skadeverknadene er små.
3.5.5 Politisk avgjerd
Endeleg vedtak skal treffast som ei politisk avgjerd av Stortinget. Olje- og energidepartementet og Stortinget må gjere den breie vurdering av alle omsyn, både faglege grunnar og breie miljøvernomsyn, inkludert omsynet til kva for kraftproduksjon som er ønskjeleg samla sett når ein også reknar inn klimautsleppsmåla som er sette t.d. i Kyotoavtalen. Departement og Storting må også ta omsyn til den store ulempe søkjaren, grunneigarane (fallrettshavarane), kommune og fylkeskommune ville bli utsett for ved eit avslag, herunder kva for kompensasjonsspørsmål som kan bli aktuelle.
Omsynet til kraftbalansen på kort, mellomlang og lang sikt vil måtte vere sentralt i ei slik vurdering. Med den sterke vekst i forbruket som skjer kvart einaste år, rykkje trugsmål om kraftkrise nærare. Som døme peiker vi på eit intervju i avisa Nationen den 26.4.2002, der forskingssjef Petter Støa ved SINTEF Energiforskning spådde straumkrise om tre-fire år. Vi siterer frå avisa:
«Noreg går mot den verste straumkrisa nokon gong. Sjølv om mange straumleverandørar i deg set ned prisane, må vi rekna med både rasjonering og sjokkprisar på energi innen tre-fire år, trur forskingssjef Petter Støa ved SINTEF Energiforskning. Støa meiner at fleksible energiløysingar vil vera ein føremon dersom det vert mangel på straum. Han trur det vert vanskeleg å koma utanom ei styrd rasjonering av straum. Stortinget har vedteke ei utbygging av både vindkraft, gasskraftverk og meir varmeproduksjon. Men dette ligg så mange år fram i tida at vi er svært utsette for ei akutt straumkrise, seier Støa.»
NVE har i innstillinga vist til det Sem-erklæringa seier om framtidige vasskraftutbyggingar. Her heiter det m.a. under bolken «Vassdrag» at:
«Hensynet til kommende generasjoners naturopplevelser tilsier en restriktiv holdning til videre vassdragsutbygging, og at vi lar de aller fleste vassdrag som står igjen forbli urørt. Samarbeidsregjeringen vil på denne bakgrunn foreta en gjennomgang av vassdragsvernet.»
Vi vil peike på at Jølstervassdraget allereie er berørt av fleire eksisterende utbyggingar, og at det såleis vil vere uriktig å trekkje inn Sem-erklæringa som grunnlag for ikkje å byggje ut ein del av eit allereie utbygd vassdrag.
3.5.6 Gjennomgang av argumenta i saka
Vi skal her føreta ein kort gjennomgang av dei ulike argumenta som har vore framme i vurderingane av utbygginga, og som må liggje til grunn for den politiske avveging av miljøomsyn i høve til trongen for ny kraft som NVE i innstillinga peiker på at det er behov for.
Jølstervassdraget er allereie berørt av fleire utbyggingar, slik at det ikkje er tale om ei utbygging av eit vassdrag som står igjen som urørd. Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden er regulerte frå tidleg på 1950-talet.
Vidare er miljøulemper for nasjonalparken så vidt små at fordelane med utbygginga er større. For Jostedalsbreen nasjonalpark kan det vere tilstrekkeleg med ei viss endring av forvaltningsreglane for parken. Eventuelt må grensene for nasjonalparken justerast marginalt. Lokalt vil frilufts- og opplevingsinteressene bli minimalt berørte, og desse kan alle avbøtast ved landskapsverntiltak og ved at det «i nedbørsrike periodar vil vere mange mindre elveløp og bekkar som vil kome til syne slik at hovudinntrykket av landskapet til ei viss grad vert oppretthalde» (sitat frå NVE si innstilling). Uansett er desse forholda vurderte i samband med vedtake om oppretting og forvaltning av nasjonalparken, der ein etter vårt syn har konkludert med at utbygginga kan gjennomførast uavhengig av nasjonalparken.
Vurdert i eit breiare mijøperspektiv må standpunktet til utbygging vegast opp mot alternativ framskaffing av den same kraftproduksjonen. Norge opplever eit klart underskot i kraftbalansen, med eit aukande gap mellom kraftproduksjon og forbruk. Det er reell fare for straumrasjonering i tørrår, og uvisse knytt til tilgangen på ny elektrisk kraft og effekt. Utbygging av Kjøsnesfjord-prosjektet kan gje eit monaleg tilskot til kraftbalansen.
Vi vil her særleg peike på at alternativ kraftutbygging i form av gasskraftverk er meir usikker enn tidlegare. For det første er det ikkje lønsamt å byggje slike verk no. Til det er både straumprisen for låg og gassprisen for høg. Samstundes gir dei verka det er søkt om låg energiutnyttingsgrad. Motstanden mot slike kraftverk både på Stortinget og mellom organisasjonane er sterk. Meldingar i massemedia tyder på et EU-kommisjonen arbeider med eit forslag til nytt direktiv som kan hindre ei kvar utbygging av konvensjonelle gasskraftverk frå om lag 2005. Også meir miljøvenlege CO2-frie gasskraftverk ligg framleis langt inn i framtida. Alternative energikjelder er lite tenlege til å styrke kraftbalansen, fordi dei førebels har relativt lågt potensiale samstundes som det er meldt kraftig motstand også mot t.d. vindkraftutbyggingar. Det reelle alternativet kan derfor vere import til Norge av kraft frå utanlandske atomkraftverk og kolkraftverk, eller straumrasjonering.
Krafta frå Kjøsnesfjorden vil bli mata direkte inn på nettet i eit underskotsområde for kraft der tapet i nettet i dag er rekna til å liggje langt over 10 %. Kraftverket er ideelt plassert for å fjerne dette høge tapet, og vil såleis vere eit særleg energiøkonomisk og miljøvenleg verk ved å bidra til å redusere energisløsinga som ligg i tap i overføringsnettet.
Det er grunn til å minne om at Jølster kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune samrøystes har gått inn for utbygging av alternativ 2. Også Fylkesmannen, som er forvalter av nasjonalparken, går inn for utbygging.
Vi har merka oss at NVE har tilrådd ei utbygging i Sauda som er 4-5 gonger større i kraftproduksjon enn Kjøsnesfjorden, og med inngrep i naturkvalitetar. Planene for Sauda-utbygginga omfattar som kjent overføring av fleire heilt urørde vassdrag frå fjell og sjø. Vi finn grunn til peike på risikoen for usakleg forskjellsbehandling, då omsyna mot Kjøsnesfjorden kraftverk bør vere vesentleg svakere enn i Sauda-prosjektet.
3.5.7 Kompensasjon
Søkjaren har lagt ned store ressursar i å førebu utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk. Dersom Olje- og energidepartementet og Stortinget skulle følgje innstillinga frå NVE og stogge utbygginga, vil søkjaren vurdere korleis krav om kompensasjon best kan fremjast overfor staten.
Vi viser her til at spørsmål om kompensasjon for stansa og endra kraftutbyggingar har vore oppe ved fleire høve tidlegare. T.d. viser vi til den kompensasjon Statkraft og Nordland fylkeskommune har fått etter at utbygginga av Beiarn vart stansa, jf. St.meld. nr. 37 (2000-2001) på s. 24 og Innst. S. nr. 263 (2000-2001) på s. 2-3. Statkraft fekk her kompensasjon både for direkte utgifter og etter prinsippet om den positive kontraktsinteresse; altså slik at kompenasjonen vart fastsett på grunnlag av den forvente noverdien knytt til å realisere prosjekta.
Departementet må såleis under alle omstende vurdere ein kompensasjon til grunneigarane og selskapet som har utarbeidd søknad i tilllit til alle tidlegare vedtak om Samla plan.
3.5.8 Møte med synfaring
Avslutningsvis vil vi på vegner av søkjaren be om møte med departementet med synfaring på staden. Framlegg til tidspunkt og stad for oppmøte vil bli sendt direkte frå ordføraren i Jølster kommune, og vi reknar med at vår klient, grunneigarene, kommunen og fylkespolitikarane vil få invitasjon.
3.6 Norges Naturvernforbunds uttalelse av 6. desember 2002
3.6.1 Innledning
Norges Naturvernforbund oppfattar Sem-erklæringa som ein lovnad om ikkje å godkjenne nye utbyggingar av slike dimensjonar som den aktuelle i Kjøsnesfjorden og i så verdfull natur som det handlar om i dette tilfellet. Samarbeidsregjeringa viser til «verdien av å sikre de gjenværende naturområdene» og «hensynet til kommende generasjoners naturopplevelser» som tilseier å la dei aller fleste vassdraga som står igjen bli urørde. Å gå inn i ein nasjonalpark for å få til kraftutbygging vil vere å søkje den maksimale konflikt med omsynet til verdfull natur.
Vi viser òg til Innst.S. nr 263 (2000-2001), der fleirtalet, alle unnateke Framstegspartiet, har om lag same formuleringa som Sem-erklæringa.
Norges Naturvernforbund viser vidare til tilrådinga frå NVE om ikkje å gje konsesjon til utbygginga i Kjøsnesfjorden, og grunngjevinga for standpunktet.
Vi vil nedanfor peike på nokre punkt vi meiner er viktige for avgjerda:
3.6.2 Forholdet til nasjonalparken
Landskapet er etter verneføresegna verna mot alle tekniske inngrep, som er nærare lista opp. Unnateke frå desse reglane er ma.
«- regulering av Trollavatn (998 moh) som ligg delvis innanfor vernegrensa i Jølster kommune, i samband med eventuelle utbyggingstiltak utanfor nasjonalparken dersom dette blir plassert i kategori I i Samla plan for vassdrag.»
Det er altså ikkje opne for å godta andre inngrep enn regulering av Trollavatnet innanfor vernegrensa. Det aktuelle alternativ 2 for Kjøsnesfjorden kraftverk inneber 5 bekkeinntak innanfor nasjonalparkgrensa. Dette bør i seg sjølv vere nok til å avvise søknaden. Den er ikkje utforma etter dei vilkåra som gjeld.
Det er etter vår oppfatning ikkje dekning for, slik m.a. søkjaren har hevda, at Stortinget eller regjeringa i tidlegare dokument har opna for den aktuelle utbygginga. I St.meld. nr. 25 (1987-88) Om nasjonalpark i Jostedalsbreområdet skriv Miljøverndepartementet at dei var innstilte på «mindre justeringar av nasjonalparkforslaget» dersom prosjektet framleis kunne komme i kategori I i Samla plan. Dette var altså i forslaget frå departementet, ikkje i det endelege vedtaket frå regjeringa. Etter vedtaket gjeld vernereglane, som vi har nemnt ovanfor.
Det må vere svært tungtvegande grunnar som skal til for å flytte nasjonalparkgrensa, både av omsyn til den storarta naturen i området og av omsyn til konsekvansane i andre tilfelle. Slike grunnar ligg ikkje føre.
Etter vår oppfatning er det heller ikkje slik at plassering av eit prosjekt i kategori I inneber lovnad om konsesjon til prosjektet. Vi viser her til vurderinga frå NVE i ei anna sak i Jølster. Det galdt søknaden om regulering av Trollebotsvatnet, som då ligg inne i nasjonalparken. I dette tilfellet var det i foredraget til kgl.res. av 25.10.91 opna for å justere grensene dersom ei regulering skulle bli aktuelt. Prosjektet vart på denne bakgrunnen plassert i kategori I.
NVE la ikkje vekt på kategoriplasseringa og vurderte at
«det er ikke avgjørende om man må flytte grensene for nasjonalparken eller ikke. Stortinget har tidligere i forbindelse med behandlingen av stortingsmeldingen om Jostedalsbreen nasjonalpark gitt uttrykk for at man må være varsom med inngrep i nærområdene til nasjonalparken og . . . . verdien av urørt natur i denne saken må veies mot de økonomiske fordele samfunnet oppnår ved reguleringen.»
Norges Naturvernforbund er samd i at det må vere realitetane i saka som er avgjerande. Det er ingenting ved nasjonalparkprosessen eller Samla Plan som gjev argument for konsesjon til utbygging.
Ei framtidsretta forvaltning av nasjonalparkane må hindre inngrep i randsonene for å ta vare på dei verdiane som låg til grunn for vernet. Det vanlege i Norge har vore, som for Jostedalsbreen, å verne berre det som i andre land ville vere kjerneområdet i ein større nasjonalpark med restriksjonar også i dei ytre delane. Naturen er normalt ikkje slik at vi kan sikre verdiane innanfor ei grense dersom vi slepper til større inngrep like utanfor grensa.
3.6.3 Reduksjon av inngrepsfrie område
I landet sør for Nordland er berre rundt 5 prosent av arealet villmarksprega område. Sogn og Fjordane har mindre, vel 4 prosent. Utbygging i Kjøsnesfjorden vil redusere dette arealet med litt over 12 kvkm, som meir enn det doble av det årlege bortfallet i 1988-98. Også inngrepsfrie areal i sone 1 (3-5 km frå større inngrep) vil minke med over ein tredel av det årlege gjennomsnittet i den same perioden.
Etter vår oppfatning er dette uakseptabelt mykje, og ei viktig innvending mot planane. Søgnesanddalen er den einaste av sidedalane i Jølster som ikkje har veg. Som naturfenomen og landskap er Jostedalsbreen med dei næraste sidedalane og moreneområda eit svært verdifullt naturområde utan større inngrep.
3.6.4 Direkte negative konsekvensar
Konsekvensutgreiinga for Kjøsnesfjorden Kraftverk viser at alternativ 2 vil gje svært store eller store negative konsekvensar for både naturvern og friluftsliv middels negative konsekvensar for geologi, landskap og kulturminne og kulturmiljø.
Med sine mange breelvar er Lundebotnen inst i den trange Kjøsnesfjorden ein spesiell og vekslande dramatikk, ulikt resten av Sunnfjord. Turruta opp Lundeskaret og over til Fjærland er ei av dei klassiske over den sørvestre delen av Jostedalsbreen. Terrenget er bratt, men tilkomsten er likevel enkel frå vegen. At området ikkje har spesielt stor trafikk, kan ikkje vere eit argument for at det er mindre verdt. Ein del av poenget med å ta vare på inngrepsfrie område er å sikre for framtida dei spesielle opplevingane slike område gjev. Dette er ein av kvalitetane ved vårt land, og vi kan ikkje forvalte natur som om vi var dei siste med meining om saka.
3.6.5 Omsynet til kraftbalansen
Vidare kraftutbygging kan ikkje sikre straum nok til eit stadig veksande forbruk. I lengda ville det rasere vår vassdragsnatur. Norges Naturvernforbund støttar den satsinga regjeringa har lagt opp til for å spare elektrisitet og å nytte meir varmeenergi til oppvarming. Stigande elprisar gjev betre økonomisk grunnlag for alternativ oppvarming. Regjeringa bør halde konsekvent fast ved alternativsatsinga og ikkje gje konsesjonar som kan skape inntrykk av at ny vasskraft likevel er eit forsvarleg innslag i energiforsyninga. Vi viser til at NVE i dette tilfellet har komme til at omsynet til naturen bør gå framom omsynet til kraftbalansen.
3.6.6 Konklusjon
Norges Naturvernforbund meiner både saklege omsyn til Jostedalsbreen nasjonalpark og dei negative konsekvensane av utbygginga for naturvern og friluftsliv tilseier at regjeringa må avslå konsesjonssøknaden for Kjøsnesfjorden Kraftverk. Det dreiar seg om eit svært konfliktfylt inngrep i nasjonalparken og eit verdfullt nærområde. Nei til konsesjon i Kjøsnesfjorden er ja til den gode ånda i Semerklæringa.
3.7 Norges Naturvernforbunds uttalelse av 8. mai 2003
Avisene fortel at Kjøsnesfjorden kraftverk har endra planen slik at vegen til Søgnesandsdalen går ut, og at dei i staden vil føre trafikken i tunnel. Vi kjenner elles ikkje detaljane i planendringa.
For Naturvernforbundet vil eg gjerne ha sagt frå om at å sløyfe vegen er isolert sett bra. Men det endrar ikkje det vesentlege grunnlaget for våre innvendingar mot utbygginga.
Reguleringane og takrennesystemet er dei same. Inngrepa i nasjonalparken og nærområda til parken er dei same. Konsekvensane for naturopplevingane på og ved breen er dei same. Tapet av inngrepsfrie område er vesentleg. Som naturinngrep er dette ei stor utbygging.
Å gå inn i ein nasjonalpark for å gjennomføre kraftutbygging er alvorleg, og vi kjenner ikkje til at det har hendt før. Jostedalsbreen nasjonalpark er avgrensa som ein heilskap i den grad det var mogeleg. Omsynet til naturverdiane var for ti år sidan avgjerande for at Statkraft ikkje fekk konsesjon til utbygging i Stryn. Den politiske oppgraderinga av vassdragsnaturen som kjem til uttrykk i Innst.S.nr 263 og Semerklæringa tilseier ikkje mindre vekt på naturkvalitetane og heilskapen i brelandskapet enn den gongen.
Ut frå dei samla konsekvensane har både NVE og DN gått imot å gje konsesjon.
Eg viser elles til vårt brev av 6.12.2002.
3.8 Samarbeidsrådet for naturvernsakers uttalelse av 3. juli 2003
3.8.1 Innledning
Samarbeidsrådet for Naturvernsaker (SRN), som samler landets største frilufts- og naturvernorganisasjonar, er bekymra for at planane om vasskraftutbygging i Kjøsnesfjorden skal bli realisert. Dette vil vere svært uheldig, både i forhold til framtidig nasjonalparkpolitikk og kraftutbygging i urørt natur, jfr. Semerklæringas understreking av urørt natur og å ta vare på gjenverande vassdragsnatur.
3.8.2 Bakgrunn
Som statsråd har du lagt vekt på meir fleksibilitet i norsk energiforsyning, bl.a. at vi må bli mindre avhengig av vasskraft og i større grad satse på varme og ny, fornybar energi. Dette støtter SRN fullt ut, og derfor har vi i den energipolitiske debatten tatt til orde for meir satsing på å utnytte spillvarme frå industrien, bygge lokale/regionale biobrenselsanlegg samt installere pelletsomnar, varmepumper og energistyringssystem i industri, offentlige bygg og hos privatpersonar. Dette er desentraliserte, lokale tiltak som vil gi hardt tiltrengte arbeidsplassar ute i distrikta. Særlig satsing på bioenergi vil gi varig sysselsetting pga. produksjon og transport av ved, pellets, flis osv. til brukarane.
I samband med regjeringas innstilling og Stortingets behandling av kraftutbygging i Sauda la du vekt på at dette ikkje var ei ny utbygging, men oppgradering og utviding av eksisterande kraftverk, og derfor ikkje i konflikt med Semerklæringa. SRN støtter ikkje heilt denne tolkinga av Semerklæringas omtale av gjenverande natur og eksisterande vasskraftstruktur. At urørte vassdrag som Lingvang og Tengesdal tilfeldigvis ligg nær Sauda er ikkje noe argument for å overføre dei til eksisterande kraftverk.
3.8.3 Konsekvensar av utbygging ved Kjøsnesfjorden
Uavhengig av synet på Sauda, er utbygging i Kjøsnesfjorden eit heilt nytt prosjekt i verna og urørt natur. Utbygginga inneber eit titals bekkeinntak, der 5-6 av dei er inni Jostedalsbreen nasjonalpark, samt regulering av Trollavatn innafor nasjonalparkgrensa. I samband med etablering av Jostedalsbreen nasjonalpark vart eit kraftprosjekt i Samla plan klarert (jfr. St.meld. nr 25, 1987-88 og Innst. S. nr 273, 1987-88) men dette prosjektet var langt mindre omfattande enn det som det nå er konsesjonssøkt.
Bl.a. var Samla plan-prosjektet på 72 GWh, mens det konsesjonssøkte er på ca. 230 GWh. Også langt fleire bekkeinntak er planlagt, og fem av dei innafor nasjonalparkgrensa (gjeld alt. 2 som er førsteprioritet) Ved etablering av nasjonalparken vart det ikkje opna for andre inngrep i nasjonalparken enn regulering av Trollavatnet.
SRN vil også peke på at ei realisering av prosjektet etter alt. 2 vil redusere arealet med villmarksprega område med over 12 km2. Dette er nettopp den type natur vi har mindre og mindre att av, og som storting og regjering har understreka at det er svært viktig å ta vare på. Utbygging i Kjøsnesfjorden vil også ha store negative konsekvensar for friluftsliv og naturoppleving. Bl.a. vil mye brukte turruter over breen bli umulig å bruke fordi heving av Trollavatnet hindrer trygg passasje ned frå breen.
SRN vil også vise til at både Direktoratet for naturforvaltning og Norges vassdrags- og energidirektorat går mot utbygging pga. konflikt ved inngrep inntil og i Jostedalsbreen nasjonalpark, negative konsekvensar for friluftsliv og at prosjektet er i strid med overordna mål om å ta vare på urørt natur og resterande vassdrag. Begge direktorata peker på at utbygging vil krevje justering av nasjonalparkgrensa, noe som etter SRNs syn er relativt dramatisk. Randområde til nasjonalparkar bør ikkje vere dominert av tyngre tekniske inngrep som vasskraftutbygging.
At søkar nå, etter kontakt med OED, har greidd ut eit alternativ med tunneldrift opp Søgnesandsdalen i staden for anleggsveg, endrer ikkje hovudkonflikten; inngrep i eit sårbart og urørt bre- og dallandskap delvis inni ein nasjonalpark. I tillegg vil dette fordyre eit i utgangspunktet kostbart kraftprosjekt.
3.8.4 Konklusjon
I lys av Semerklæring, Stortingets behandling av St.meld. 37 (2000-01) og regjeringas uttalte mål om å gjere norsk energiforsyning mindre avhengig av vasskraft, ber SRN om at OED følgjer NVEs innstilling og avslår konsesjonssøknaden om utbygging av Kjøsnesfjorden kraftverk. Dei negative verknadene for eit heilskaplig naturlandskap med nasjonale friluftsinteresser, der nasjonalparkgrensa må flyttast, er altfor store målt mot å realisere eit marginalt kraftprosjekt når utfordringa er å legge om energipolitikken. SRN ber samtidig om eit møte med statsråden for å drøfte utbyggingsprosjektet.
3.9 Sogn og Fjordane Turlags uttalelse av 22. september 2003
Gjennom media ser vi at OED er inne i siste fase av vurderinga av eventuell kraftutbygging i Kjøsnesfjorden, og at OED er under sterkt press frå politikarar frå Sogn og Fjordane om å gje konsesjon. Dette har gitt oss grunn til å kome med nokre siste moment/synspunkt frå vår side:
Utbygginga vil føre til inngrep inne i Jostedalsbreen nasjonalpark på 5-6 ulike stader. Dette er prinsipielt uheldig fordi nasjonalparkar ikkje skal utsettast for den slags. Det er også uheldig fordi inngrepa i og utanfor parken vert svært sjemmande. Dei siste åra har ein i samband med landskapsvern vorte meir og meir opptekne av at ein ikkje berre skal ta vare på verneområda, men også «inngangsportane» og randsonene rundt. Her står ein i fare for å gå motsatt veg. Dessutan, kva skal ein seie til dei som ønskjer å drive helikopterturisme inne i nasjonalparken viss ein tillet kraftutbygging?
Arealet «kvalifisert villmark» vert redusert. Slike areal har vi svært lite att av i Sør-Noreg. I Sogn og Fjordane har vi store deler arealet nettopp på Jostedalsbreen.
«Naturkatedralen» i lundebotnen vert øydelagd. Denne kan nesten kven som helst oppleve ved å gå berre 10-15 minuttar austover frå riksvegen ved Jølster-enden av Fjærlandstunnelen.
Fotturruta Lunde-Fjærland misser sin verdi. Dette er den mest tradisjonsrike, og ein av dei finaste overgangene over Jostedalsbreen. Dessutan den lettaste. Fleire tusen menneske har gått denne overgangen gjennom åra, mange gonger i følgje på langt over 100.
NVE har gått mot konsesjon. Når NVE går mot ein konsesjon, må det tilleggast vekt!
Utbygging vil øydelegge enda ein bit av reiselivet sin infrastruktur. Grunnen til at turistar kjem til Sogn og Fjordane, er kombinasjonen av mektig, stort sett urørt natur, og kulturlandskap. Dette er dermed reiselivet sin viktigaste infrastruktur - det er sjølve grunnlaget for at vi har eit godt utbygd reiseliv i fylket vårt. Dessverre er det alt for mange politikarar frå Sogn og Fjordane som arbeider hardt for å øydelegge større og større deler av denne infrastrukturen. Det ser ut som reiseliv er ei mindreverdig næring for desse politikarane. Dette trass i at reiseliv gir store inntekter, og er ei av dei viktigaste og mest distriktsvenlege næringane vi har.
Utbygging vil vere i strid med Sem-erklæringa. Dette er dermed også eit spørsmål om politikarane er til å stole på. Politikarar frå Sogn og Fjordane har kome med ymse «kreative» tolkingar av Sem-erklæringa, men dei held ikkje mål for ei så kontroversiell utbygging.
Ein årsproduksjon i Kjøsnesfjorden dekker det gjennomsnittlege kraftforbruket i heile Norge i berre 16,5 timar. Er dette nok til å forsvare ei så kontroversiell utbygging?
Litt om friluftsliv og naturopplevingar i Kjøsnesfjorden
Det viktigaste området for friluftsliv i Kjøsnesfjorden er «Naturkatedralen» i Lundebotnen og fotturruta opp Lundeskaret, kloss forbi dei planlagde reguleringsmagasina, og opp til breen. Dessutan er Søgnesandsdalen, med m.a. «Pissaren», viktig. Ei svært fin, litt hard rute, er å gå rundturen opp Lundeskaret, gjennom Kinnaklypa, og ned Søgnesandsdalen. Ei anna fin, litt hard rute, er å gå rundturen opp Lundeskaret, gjennom Kinnaklypa, og ned Søgnesandsdalen. Ei anna fin, men mindre brukt rute, er å gå opp frå Sægrov til stølane, og vidare til Vidunderdalsvatnet og eventuelt til/over Grovabreen.
Dei «naturstidige» elvane er viktig for naturopplevinga i dette området. Desse elvane vert i motsetning til andre større og større, vakrare og vakrare, dess tørrare og varmare været blir.
«Naturkatedralen» i Lundebotnen får ein tilgang til ved å starte frå rasteplassen for turistar ved Jølster-enden av Fjærlandstunnelen og gå austover stien på høgre side av elva (Stien mot Lundeskaret). Alt etter 10-15 min. relativt lett gange er ein inne i «sin eigen naturkatedral». Naturen er mektig, ikkje minst når elvane er på sitt mest «naturstridige». Breane heng nedover kanten av fjella, og ikkje eit einaste menneskeleg inngrep er å sjå, bortsett frå stien ein går på. Vi veit ikkje om ein einaste liknande stad som er så lett tilgjengeleg frå ein hovudveg. Etter ei utbygging vil elvane forsvinne, og dette vil igjen «bane veg» for trafikkbråket som ein i dag ikkje høyrer i denne «Katedralen» pga. elvesusen.
Stien opp Lundskaret er ein av dei finaste og «tøffaste» oppgangane på breen. Stien i seg sjølv er eit kulturmine, og vert halden vedlike på dugnad. Dette er ein av berre 3 vanleg brukte oppgangane til breen frå Sunnfjord. Det vert årleg arrangert fleire turlagsturar opp her. Ein av dei saman med bygdefolket i Fjærland. I tillegg er det ei rekkje private turar og turar med profesjonell førar.
Kva meiner jølstringane om utbygginga?
Sett utanfrå, kan ein få inntrykk av at alle jølstringar er for utbygging, men det er ikkje tilfelle. Det kjem berre ikkje til uttrykk i avisene. Vi har berre registrert ein einaste jølstring, frå inst i Kjøsnesfjorden, som gjennom avisa har gått sterkt mot utbygging. Dei mange andre motstandarane kontaktar representantar for Turlaget, Naturvernforbundet og andre, og ber oss stå på for å hindre utbygging. Eit par døme: Ein lokalpolitikar i Jølster hevdar ikkje å kjenne ein einaste utbyggingsmotstandar i Jølster. Trass i dette: Ektefellen til politikaren, som er svært glad i, og aktiv brukar av Jølster-naturen, er sterkt mot, og heilt fortvila over utsiktene til utbygging i Kjøsnesfjorden!
Ein annan jølstring, svært glad i naturen, er også sterkt mot utbygging. Men han seier ikkje eit ord om det offentleg, sjølv om han har gått rutene både i Lundeskaret og Søgnesandsdalen mange, mange gongar.
Ein ung innflytta jølstring ville til kommunevalet stemme på eit parti som går mot utbygging, og spurde ein turlagsmedlem om råd. Ho fekk ikkje noko råd, dessverre. Turlagsmedlemen hadde ikkje kjennskap til eit einaste miljøvenleg parti på Jølster. Alle tenkjer utelukkande på kommuneøkonomien (som er dårleg og som Regjering/Storting bør gjere noko med) og nedprioriterer miljø. Men etter valet fekk vi vite at Venstre er splitta, og at det der er nokre som går mot utbygging.
Meir miljøvenleg utbygging?
Vi har sett at OED vurderer meir miljøvenlege utbyggingsløysingar. Det er klårt at viss ein går inn for alternativ 4, unngår veg og steinfyllingar i Søgnesandsdalen, sparar «Pissaren», og lagar demninga til hovudmagasinet nokre meter lægre, så vil skadeverknadene av utbygginga bli redusert. Men det like klårt at dei aller største verdiane både for friluftsliv og turisme, dei finn ein aust for Lunde, inkl. der reguleringsmagasina er. Og der blir konsekvensane av utbygginga om lag like ille uansett kva ein gjer. Så det suverent mest miljøvenlege, er ingen utbygging. Det går vi inn for.
Som olje- og energiminister var du på synfaring, og så kor fint det er i Kjøsnesfjorden. Slik bør det halde fram å bli.
Etter vedtaket om Sauda bør Kjøsnesfjorden sparast.