St.prp. nr. 33 (2006-2007)

Tromsøpakke 2— - utviding av ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø

Til innhaldsliste

2 Omtale av Tromsøpakke 2

2.1 Nærare om bakgrunnen for å utvide Tromsøpakke 2

Stortinget gav i 1990 tilslutning til å krevje inn avgift på omsetnad av drivstoff til motorkøyretøy for å delfinansiere hovudvegutvegbygginga i Tromsø (Tromsøpakke 1), jf. St.prp. nr. 7 (1989-90), St.prp. nr. 69 (1989-90) og Innst. S. nr. 116 (1989-90). Det var ikkje heimel i veglova til å krevje inn eit lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff til å delfinansiere vegbygging. Det blei derfor sett i gang eit arbeid for å endre veglova. Resultatet av dette arbeidet var ein ny paragraf i veglova, § 27a, som tok til å gjelde frå 1. juni 1990, jf. Ot.prp. nr. 4 (1989-90) og Innst. O. nr. 26 (1989-90). Innkrevjinga skulle avsluttast i 2001, men blei seinare forlenga ut 2003, jf. St.prp. nr. 1 (1995-96).

Ved slutten av innkrevjingsperioden tok Tromsø kommune initiativ til å forlenge ordninga for å finansiere ei rekkje andre tiltak. I tillegg til vegtiltak var det også ønske om ei sterk satsing på utbygging av gang- og sykkelvegar, kollektivtrafikktiltak og tiltak for å betre miljø og trafikktryggleik. Innkrevjingsordninga er omtala som Tromsøpakke 2. Det blei lagt opp til at innkrevjingsperioden for Tromsøpakke 2 skulle vere 8 år.

Ved handsaminga av saka i departementet blei både den føreslåtte innkrevjingstida og den ønskte økonomiske ramma halvert. Til grunn for ei slik vurdering låg det at den lokale drivstoffavgifta var ei prøveordning, og at ordninga ikkje måtte oppfattast som ei ny kommunal avgift for å løyse ordinære oppgåver på vegnettet. Departementet vurderte det slik at ei innkrevjingstid på fire år ville vere nok til å sikre ei ekstraordinær satsing på vegtiltak i Tromsø innanfor ramma av Tromsøpakke 2. Det blei understreka at viktige infrastrukturtiltak som utbetring av Langnestunnelen og bygging av gang- og sykkelveg på Sandnessundbrua måtte inngå i pakka.

Tromsø kommune ønskjer no å utvide Tromsøpakke 2 til 8 år for å sikre eit finansieringsgrunnlag for dei høgast prioriterte prosjekta i pakka.

2.2 Innhaldet i ei utvida Tromsøpakke 2

I den gjeldande innkrevjingsordninga er det lagt til grunn at dei ulike tiltaka i Tromsøpakke 2 skal prioriterast innanfor fem ulike satsingsområde: Trafikktryggleik, gåande og syklande, kollektivtransport, miljø og veginvesteringar. Dette prinsippet er vidareført i ei utvida Tromsøpakke 2.

I St.prp. nr. 62 (2003-2004) er det lagt til grunn at dei ulike forvaltningsnivåa skal finansiere tiltak innanfor sine eigne ansvarsområde. Det er også lagt til grunn at finansieringstilskottet frå drivstoffavgifta berre kan nyttast til bygging av offentleg veg. Det er derfor knytt klare vilkår til kva slags tiltak som kan finansierast gjennom drivstoffavgifta.

Prinsippet om å prioritere tiltaka innanfor fem satsingsområde samtidig som det er knytt vilkår til kva slags tiltak som kan finansierast av dei ulike finansieringskjeldene, gjer opplegget lite fleksibelt i høve til handtering av kostnadsoverskridingar.

I samband med handsaminga av ei utvida innkrevjingsordning har Tromsø kommune lagt til grunn at det kan skje endringar i prioriteringane mellom tiltaksgruppene. Kommunen har også lagt til grunn at det fysiske innhaldet i pakka skal justerast dersom det er avvik i høve til den inntekta som er føresett. Spørsmålet er derfor korleis slike endringar skal handterast.

Statens vegvesen tok opp problemstillinga i styringsgruppa for Tromsøpakke 2. Styringsgruppa er satt saman av representantar frå Tromsø kommune, Troms fylkeskommune og Statens vegvesen. Styringsgruppa har lagt til grunn at prosjekta i pakka kan delast inn i to grupper. Desse er vegtiltak og «øvrige tiltak». Inndelinga i to grupper er ei praktisk tilnærming til føringane frå Tromsø kommune og Troms fylkeskommune sine vedtak.

Vegtiltak

Det einaste tiltaket innanfor dette satsingsområdet er Langnestunnelen. Prosjektet er starta opp og vil vere ferdig i 2007. Siste kostnadsoverslag er 115 mill. kr. Dette er 5 mill. kr meir enn det som var kjent då Tromsø kommune og Troms fylkeskommune handsama utvidinga av Tromsøpakke 2. Når utbetringa av Langnestunnelen er ferdig, vil det føre til ein reduksjon i trafikken i sentrum og gjennom bustadområda langs Langnesveien, noko som vil redusere støy og lokal luftforureining og gi ein gevinst i høve til trafikktryggleiken. Det vil ikkje bli gjennomført andre større vegtiltak i 8-årsperioden.

Øvrige tiltak

«Øvrige tiltak» er ei fellesnemning for alle prosjekta som er prioriterte innanfor satsingsområda gåande og syklande, trafikktryggleik, kollektivtransport og miljø.

For mange av tiltaka innanfor desse satsingsområda er ikkje planstatusen avklart. Kostnadene er derfor usikre. Den endelege prioriteringa av tiltaka er avhengig av framdrifta på planarbeidet.

Gåande og syklande

Det er prioritert tiltak for å etablere eit samanhengande hovudvegnett for gåande og syklande i Tromsø. Ein del av dette nettet blei fullført i Tromsøpakke 1. I tillegg er gang- og sykkelvegen over Sandnessundbrua bygd ferdig som ein del av Tromsøpakke 2.

Det blir arbeidd med å revidere kommunedelplanen for eit samanhengande hovudvegnett for sykkel. Kommunedelplanen vil gi føringar for korleis gang- og sykkelvegprosjekta i ei utvida Tromsøpakke 2 skal prioriterast. Dei mest aktuelle prosjekta er gang- og sykkelveg og fortau til bustadområdet i Hamna, fortau langs Strandveien og Dramsveien, samt fortau og gang- og sykkelvegar i Tromsdalen og Kroken.

Trafikktryggleik

Innanfor satsingsområdet trafikktryggleik vil ein prioritere tryggare kryssingar for fotgjengarar i sentrumsområda, og tiltak i nærområda til skolane.

Kollektivtransport

Det er prioritert å gjere ferdig Sentrumsterminalen. I tillegg inngår utbetring og bygging av knutepunkt og haldeplassar i bydelane.

Miljø

Dei største tiltaka er støyskjerming og andre miljøtiltak i sentrumsområda.