St.prp. nr. 33 (2006-2007)

Tromsøpakke 2— - utviding av ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om Tromsøpakke 2 – utviding av ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø:

I

Stortinget samtykker i at Tromsø Veg AS får løyve til å utvide innkrevjinga av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø kommune til å delfinansiere utvidinga av Tromsøpakke 2 frå fire til åtte år i samsvar med vilkåra som er gitt i denne proposisjonen.

II

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med Tromsø Veg AS og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.