St.prp. nr. 33 (2006-2007)

Tromsøpakke 2— - utviding av ordninga med innkrevjing av lokalt finansieringstilskott på omsetnad av drivstoff i Tromsø

Til innhaldsliste

5 Forslag til finansieringsplan

Tabell 5.1 viser forslag til revidert finansieringsplan for ei utvida Tromsøpakke 2. I tabellen er det tatt med ei samanlikning av finansieringsplanen i St.prp. nr. 62 (2003-2004). Innkrevjinga av drivstoffavgift til Tromsøpakke 2 starta opp i august 2004. Det blei likevel ikkje starta opp prosjekt i pakka før i 2005. Det er lagt til grunn at innkrevjinga skal avsluttast 31. juli 2012. Finansieringsplanen viser av praktiske årsaker perioden 2005 – 2012. Dette gir ei innkrevjingstid på 8 år slik det er føresett.

Tabell 5.1 Revidert finansieringsplan (tal i mill. 2006-kr)

  St.prp. nr. 62 (2003-2004)Forslag 2005-2012Budsjett 2005-2007HP 2008-2009HP 2010-2012
Finansieringstilskott62144961236
Ordinære statlege midlar50104392045
Statleg refusjon av meirverdiavgift329815
Fylkeskommunale midlar10216510
Kommunale midlar2858211522
Overført frå Tromsøpakke 177
Sum15036617860128

Storleiken på drivstoffavgifta er fastsett ut frå dagens ordning der meirverdiavgifta er inkludert. I tråd med gjeldande praksis er det lagt til grunn at meirverdiavgifta blir refundert gjennom løyvingar over statsbudsjettet. Denne løyvinga er stipulert til å utgjere 4 mill. kr per år.

Rekneskapstala frå Tromsø Veg AS viser at nettoinntekta frå drivstoffavgifta er høgare enn det som blei lagt til grunn i St.prp. nr. 62 (2003-2004). Derfor er netto inntekt frå drivstoffavgifta oppjustert frå 16 mill. kr til 18 mill. kr per år.

Tromsø Veg AS har overført 7 mill. kr frå Tromsøpakke 1 som er brukt til tiltak i Tromsøpakke 2.

Ved kalkulasjonen av statlege midlar og finansieringstilskott frå drivstoffavgifta er det lagt til grunn løyvingar i statsbudsjetta for 2005 og 2006 og føreslåtte løyvingar i 2007. For perioden 2008 – 2009 er det lagt til grunn føresette statsmidlar til Tromsøpakke 2 i handlingsprogrammet som Statens vegvesen har fastsett. For perioden 2010 – 2012 har Troms fylkeskommune gjort vedtak om å prioritere midlar til Tromsøpakke 2 innanfor ramma til øvrige riksvegar på statsbudsjettet, jf. fylkesrådet i Troms fylkeskommune sitt vedtak 4. april 2006.

Når det gjeld kommunale og fylkeskommunale tilskott til pakka, er det lagt til grunn at Tromsø kommune og Troms fylkeskommune følgjer opp eigne vedtak om finansiering av ei utvida Tromsøpakke 2.

Som det går fram av finansieringsplanen er det i perioden 2005 – 2007 lagt opp til å bruke meir pengar av finansieringstilskottet frå drivstoffavgifta enn det som er kravd inn. Dette syner at det er lagt opp til å låne pengar i 2007 for å kunne gjere Langnestunnelen ferdig. Det er lagt til grunn at lånet skal betalast tilbake med finansieringstilskottet frå drivstoffavgifta. Ein stor del av midlane frå drivstoffavgifta i perioden 2008 – 2009 vil derfor gå med til å betale tilbake lånet.

I investeringsplanen er det lagt til grunn at dei prioriterte prosjekta skal finansierast innanfor totalramma for Tromsøpakke 2. Dersom prosjekta blir dyrare, eller føresetnadene om finansiering sviktar, må innhaldet i pakka reduserast. Dersom prosjekta blir rimelegare, vil det føre til at fleire prosjekt kan realiserast. Det er lagt opp til at styringsgruppa for Tromsøpakke 2 kvart år utarbeider eit forslag til prioriteringsliste basert på dei årlege riksvegbudsjetta, samt på føringane som er gitt i denne proposisjonen.

Tabell 5.2 Revidert investeringsplan (tal i mill. 2006-kr)

  St.prp. nr. 62 (2003-2004)Sum 2005-20122005-20072008-20092010-2012
Veginvesteringar7511510780
Øvrige tiltak752517152128
- Gang- og sykkelvegar30
- Miljø7,5
- Kollektivtransport15
- Trafikktryggleik22,5
Sum15036617860128