1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av rv 255 frå Jørstad i Lillehammer kommune til Segalstad bru i Gausdal kommune med tilstøytande vegsystem. Prosjektet er føresett finansiert med statlege midlar, bompengar og lokale tilskot. Det er lagt opp til anleggsstart i juni 2007, og prosjektet er planlagt opna for trafikk hausten 2009.
Prosjektet er omtalt i St.prp. nr. 1 (2005-2006), side 125, og i St.prp. nr. 1 (2006-2007), side 78.