6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Utbetring av rv 255 Jørstad - Segalstad bru med tilstøytande vegsystem vil føre til enklare og tryggare forhold for alle trafikantgrupper på strekninga. I tillegg vil tilhøva bli betra for dei som er busette i området. Det er stor lokal semje om å prioritere utbetring av rv 255 og delfinansiere utbygginga med bompengar.
Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette medfører at overskridingar på inntil 10 pst. på fylkesvegprosjekta skal dekkast med fylkeskommunale midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som i finansieringsplanen. Overskridingar ut over 10 pst. er fylkeskommunen sitt ansvar. Samferdselsdepartementet føreset at Oppland fylkeskommune sluttar seg til eit slikt opplegg før bompengeavtalen blir underskriven og før anleggsstart. Departementet føreset elles at Statens vegvesen vurderer tiltak for å redusere kostnadene dersom det oppstår risiko for kostnadsoverskridingar.
Bygginga av eit nytt fylkesvegsamband mellom E6 og fv 312 ved Storhove er føresett delfinansiert med bompengar frå bomstasjonane på rv 255 og fv 315. Eit slikt opplegg er i utgangspunktet i strid med prinsippet i bompengesaker om at dei som har nytte av eit tiltak også skal bidra til finansieringa. Samferdselsdepartementet er likevel samd med Vegdirektoratet i at det er føremålstenleg at tiltaket inngår i totalprosjektet. Departementet legg særleg vekt på at tiltaket kan vurderast som del av eit samanhengande transportnett i området.
Det er ein føresetnad at bompengeselskapet har ein renteavtale som sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i finansieringsplanen. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivået blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.
Samferdselsdepartementet har merka seg at med dei føresetnadene som er lagt til grunn for det pessimistiske alternativet, er ein betinga refusjon på 25 mill. kr tilstrekkeleg til å sikre at innkrevjingsperioden ikkje overskrir 20 år. Departementet føreset derfor at fylkeskommunen sluttar seg til at den betinga refusjonen blir avgrensa til 25 mill. kr, med evt. utbetaling i 2011-2013.
Samferdselsdepartementet har og merka seg at det ikkje føreligg tilstrekkeleg planavklaring på einskilde mindre tiltak i totalprosjektet. Dersom manglande planavklaring fører til endringar i framdrifta i prosjektet, vil Samferdselsdepartementet seinare orientere Stortinget om dette.