St.prp. nr. 35 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av rv 255 Jørstad - Segalstad bru med tilstøytande vegsystem i Oppland

Til innhaldsliste

4 Utbyggings- og finansieringsopplegg

Det er lagt opp til anleggsstart på prosjektet rv 255 Jørstad - Segalstad bru i juni 2007, og prosjektet er planlagt opna for trafikk hausten 2009. Utbetringa av fv 315 er føresett gjennomført i 2008, medan bygginga av det nye fylkesvegsambandet mellom E6 og fv 312 ved Storhove er føresett gjennomført i 2009.

Statlege midlar

I tråd med fastsett handlingsprogram for perioden 2006-2009 er det lagt til grunn 42 mill. kr i statlege løyvingar til utbygginga av rv 255.

Bomstasjonsplassering og bompengeopplegg

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt opp til å etablere bomstasjonar på rv 255 ved Fåberg kyrkje og på fv 315 ved Lundgård. Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i automatiske, ubemanna bomstasjonar.

Det er føresett takst- og rabattsystem i tråd med gjeldande retningslinjer. Følgjande takstar er lagt til grunn (2006-kr):

  • Lette køyretøy (tillatt totalvekt t.o.m. 3 500 kg): 16 kr

  • Tunge køyretøy (tillatt totalvekt over 3 500 kg): 32 kr.

Det er føresett at takstane blir regulerte i samsvar med prisutviklinga. Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Delar av trafikken som passerer bomstasjonane på rv 255 og fv 315, vil også bruke det nye fylkesvegsambandet mellom E6 og fv 312 ved Storhove. Sambandet vil i tillegg føre til at det blir samanhengande gang- og sykkelveg mellom Lillehammer sentrum og Segalstad. Etter Vegdirektoratet sitt syn kan det nye fylkesvegsambandet derfor vurderast som del av eit samanhengande transportnett i området. Direktoratet legg vidare vekt på at det er lokalpolitisk tilslutning til det foreslåtte bompengeopplegget og sluttar seg derfor til at sambandet inngår i bompengeprosjektet.

Lokale tilskot

Oppland fylkeskommune har innarbeidd 5 mill. kr til utbetring av fv 315 Lundgård - Brubakken i handlingsprogrammet for fylkesvegar i perioden 2006-2009, med utbetaling i 2008. Vidare har fylkeskommunen forplikta seg til å dekke 7 mill. kr av kostnadene ved bygging av det nye fylkesvegsambandet mellom E6 og fv 312 ved Storhove, med utbetaling i 2010.

Gausdal og Lillehammer kommunar har sett av høvesvis 5 mill. kr og 7 mill. kr til prosjektet.

Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vart lagt om frå 1. januar 2004. Stortinget fatta i samband med behandlinga av St.prp. nr. 1 (2003-2004) vedtak om kompenserande tiltak, og etablerte samstundes ei ordning med Næringsretta utviklingstiltak. Midlar frå denne ordninga (DA-midler) skal nyttast på ein måte som gir varige og positive effektar for næringslivet i regionane. Lokalt i denne regionen er det etablert ei samarbeidsgruppe for DA-midlane med representantar for næringslivet i Gausdal, Lillehammer og Øyer. Til saman er det løyvd vel 5 mill. (vel 2,5 mill. i 2004 og 3 mill. i 2005) kr til utbygginga av rv 255.

Forslag til finansieringsplan

Finansieringsplanen som er lagt til grunn er vist i tabell 4.1.

Tabell 4.1 Forslag til finansieringsplan

      Mill. 2006-kr
  2006-20092010Sum
Statlege midlar4242
Bompengar188-7181
Tilskot frå Oppland fylkeskommune5712
Tilskot frå Gausdal kommune55
Tilskot frå Lillehammer kommune77
Lokale tilskot - kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift55
Sum252252

Eventuelle kostnadsoverskridingar skal dekkast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette prosjektet omfattar eitt riksvegprosjekt og to fylkesvegprosjekt. Dette medfører at kostnadsoverskridingar på inntil 10 pst. på riksvegprosjektet skal dekkast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som i finansieringsplanen. Overskridingar ut over 10 pst. er staten sitt ansvar, og skal dekkast innafor investeringsramma til øvrige riksvegar i Oppland. Tilsvarande skal kostnadsoverskridingar på inntil 10 pst. på fylkesvegprosjekta dekkast med fylkeskommunale midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som i finansieringsplanen. Overskridingar ut over 10 pst. er fylkeskommunen sitt ansvar.

Andre føresetnader for finansieringsplanen

På rv 255 ved Fåberg kyrkje var ÅDT i 2004 om lag 4 200 køyretøy, medan fv 315 hadde ein ÅDT på om lag 300 køyretøy ved Lundgård. Det er rekna med at innføring av bompengeinnkrevjing vil føre til ein reduksjon i trafikken på om lag 15 pst. Vidare er det lagt til grunn trafikkutvikling i samsvar med prognosane som er utarbeidde for Oppland i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2006-2015. Dette medfører ein årleg trafikkvekst på 1,6 pst. i perioden 2006-2011, 1,0 pst. i perioden 2012-2020 og 0,9 pst. etter 2020. Etter dette er det lagt til grunn ein samla ÅDT gjennom dei to bomstasjonssnitta på om lag 4 150 køyretøy i 2009.

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Årleg prisstigning: 2 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 4 mill. kr.

  • Gjennomsnittleg bompengetakst: om lag 13 kr.

Lånerente på 6,5 pst. føreset at det før anleggsstart ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innafor denne renta i ein periode på 10-15 år. Med desse basisføresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år.

Det er også rekna på eit alternativ med følgjande pessimistiske føresetnader:

  • Kostnadsauke på 10 pst. og bompengeselskapet dekker sin del av auken.

  • Ingen årleg trafikkvekst etter 2006.

  • Trafikkreduksjonen som følgje av innføring av bompengeinnkrevjing aukar til 25 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader aukar til 5 mill. kr

  • Takstauke på 20 pst. etter to år.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 24 år. I ein slik situasjon vil ordninga med betinga refusjon bli nytta, jf. pkt. 5. Med utbetaling av til saman 25 mill. kr i 2011-2013, er innkrevjingsperioden rekna til om lag 20 år.