2 Omtale av dagens situasjon og utbygginga
Rv 255 mellom Jørstad ved Fåberg kyrkje i Lillehammer kommune og Segalstad bru i Gausdal kommune er 12,2 km lang, fordelt med 6,4 km i Lillehammer kommune og 5,8 km i Gausdal kommune. Rv 255 er einaste samband til skule, aktivitetar og naboar for mange i området. Vegen er smal og svingete, og det er samanhengande randbusetnad og mange direkte avkøyrsler på strekninga. Med unntak av strekninga gjennom Follebu sentrum og ei kort strekning ved Segalstad bru manglar det gang- og sykkelveg på strekninga. Årsdøgntrafikken (ÅDT) er om lag 4 000 køyretøy, og det er nedsett fartsgrense på størstedelen av strekninga.
Tabell 2.1 Anleggskostnader
Mill. 2006-kr | |
---|---|
Delprosjekt | Kostnad |
Rv 255 Jørstad - Segalstad bru | 203 |
Fv 315 Lundgård - Brubakken | 10 |
Nytt fylkesvegsamband mellom E6 og fv 312 ved Storhove | 25 |
Bomstasjonar på rv 255 og fv 315 | 14 |
Sum | 252 |
På delstrekningane Jørstad - Follebu sør og Aulestad - Segalstad skal rv 255 byggjast om, i all hovudsak langs eksisterande veg. På desse strekningane skal det også byggjast gang- og sykkelveg. Krysset mellom rv 255 og rv 254 skal utbetrast, og det skal byggjast ny bru over elva Gausa ved Segalstad. Gjennom Follebu sentrum (Follebu sør - Aulestad) vil det bli gjennomført trafikktryggleiks- og miljøtiltak, mellom anna bygging av ein fotgjengarundergang. For å betre miljøet er det dessutan lagt opp til å byggje om lag 4,7 km med støyskjermar/vollar langs rv 255. Vegen skal byggjast som avkøyrsleregulert hovudveg med 7,5 meter vegbreidde.
I prosjektet inngår også utbetring av fv 315 på strekninga Lundgård - Brubakken i Lillehammer kommune. Vegen har dårleg standard, og det er behov for utbetring. Fv 315 vil fungere som omkøyringsveg for trafikken på rv 255 i anleggsperioden. Dette forsterkar behovet for utbetring. Dei planlagde tiltaka omfattar breiddeutviding, forsterking og legging av fast dekke.
I tillegg inngår bygging av eit nytt fylkesvegsamband frå E6 til fv 312 ved Storhove, nord for Lillehammer sentrum. Eksisterande kryss mellom rv 255 og E6 skal byggjast om. Den nye vegen vil krysse Dovrebana på bru og knytast til fv 312 sør for Storhove. Det skal byggjast gang- og sykkelveg gjennom kryssområdet og vidare langs den nye vegen opp til fv 312. Tilkomsten til Storhoveområdet frå rv 255 skjer i dag via E6 og fv 312 frå sør. Det nye sambandet vil korte inn køyrelengda for desse trafikantane med nærare 5 km og betre tilkomsten til nordre del av byen og til høgskuleområdet. I tillegg vil det føre til at det blir samanhengande gang- og sykkelveg mellom Lillehammer sentrum og Segalstad.
Reguleringsplanane for rv 255 Jørstad - Segalstad bru vart godkjende av Lillehammer og Gausdal kommunar i juni 2005. Planlagt omkøyringsveg forbi Follebu sentrum inngår ikkje i prosjektet, og reguleringsplan for dei føresette tiltaka i sentrum er venta godkjent av Gausdal kommune i februar 2007. Reguleringsplan for utbetringstiltaka på fv 315 er venta godkjent av Lillehammer kommune i februar 2007. Det nye vegsambandet frå E6 til fv 312 ved Storhove er vist i kommunedelplan. Endring av krysset mellom rv 255 og E6 og delar av det nye vegsambandet er innarbeidde i godkjende reguleringsplanar frå 2004 og 2005. Reguleringsplan for resterande del er venta godkjent av Lillehammer kommune i løpet av første halvår 2007.
Samla kostnadsoverslag for utbygginga er rekna til 252 mill. kr. Fordelinga på delprosjekt framgår av tabell 3.1. Dei føresette tiltaka i Follebu sentrum er kostnadsrekna til om lag 10 mill. kr.
Netto nytte (NN) for prosjektet rv 255 Jørstad - Segalstad bru er rekna til om lag - 125 mill. kr med 4,5 pst. kalkulasjonsrente. Netto nytte-/kostnadsforholdet (NN/K) er rekna til - 2,0. I denne berekninga inngår berre dei statlege vedlikehalds- og investeringskostnadane (60 mill.). I eit tilfelle med rein statleg finansiering ville forholdet mellom netto nytte og kostnader ha vore - 0,3.