2 Nærmare om programmet
Programmet skal medverke til å styre, gjennomføre og evaluere definerte tiltak i handlingsplanane til EU fram til 2012 (Handlingsplan mot narkotika 2005-2008 og 2009-2012). Målet med programmet er å førebyggje og å redusere vanebruk og skadeverknader ved bruk av narkotiske stoff. Det skal medverke til å utvikle ein politikk der det vert lagt særleg vekt på å verne folkehelsa, og medverke til utvikling av nettverk på tvers av faggrensene.
Det vert lagt opp til å engasjere frivillige organisasjonar i å utvikle og gjennomføre narkotikastrategien og handlingsplanane til EU. Programmet rettar seg mot alle samanslutningar/miljø som direkte eller indirekte er engasjerte i narkotikaproblematikken. Ungdommar flest og grupper som vert rekna for å vere sårbare og utsette, er definerte som risikogrupper. Av andre aktuelle målgrupper er sosialarbeidarar, undervisningspersonell, nasjonale og lokale styresmakter, helsepersonell, juridisk personell, frivillige organisasjonar, fagforeiningar og religiøse samfunn nemnde.
Det vil bli lagt vekt på å oppnå synergieffektar med andre program som har relevans for narkotikaproblematikken, som t.d. helseprogrammet og EUs 7. rammeprogram for forsking. For å kunne nytte tilgjengeleg informasjon og statistikk, vert det lagt opp til eit samarbeid med EUs senter for overvaking av narkotika og narkotikamisbruk (EMCDDA). Noreg er òg medlem i dette EU-byrået, som samlar inn og analyserer data for å utvikle og gjere det lettare å jamføre data på tvers av grenser.
Programmet vil gje støtte til innsamling, utvikling og spreiing av data, statistikk og forsking, opinionsgranskingar, så vel som utarbeiding av indikatorar og felles metodeval. Programmet skal støtte seminar, konferansar og ekspertmøte, vedlikehald av Internett-sider og tiltak for å gjere det informasjonsmateriellet som ligg føre, kjent for ålmenta. Programmet vil gje støtte til nettverk av ekspertar og aktivitetar som analyserer, styrer og evaluerer tiltak.
Programmet skal gje støtte til prosjekt etter kunngjering. Det vil bli skipa ein programkomité med representantar for dei deltakande statane, som skal utarbeide årlege arbeidsprogram. Summane som det kan søkjast om, skal spesifiserast i dei årlege programma. Kommisjonen skal syte for at retningslinjene for dei årlege arbeidsprogramma vert kontinuerleg evaluerte og etterlevde.