St.prp. nr. 35 (2007-2008)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013)

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget vert bedt om å gjere vedtak om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013), i samsvar med eit framlagt forslag.