6 Vurdering
Til no har det ikkje vore så enkelt for Noreg å ta del i narkotikasamarbeidet til EU. Deltakinga i dette programmet vil gje Noreg nytt og betre høve til å kome inn i dette samarbeidet. Det vil gje meirverdi til Noreg sitt medlemskap i EUs senter for overvaking av narkotika og narkotikamisbruk (EMCDDA), med særleg tanke på at dette gjev gode høve til å utveksle røynsler og framskaffe gode data som kan jamførast.
Målet med dette programmet er å førebyggje og å redusere vanebruk og skadeverknader ved bruk av narkotiske stoff. Til dette trengst det friske midlar, og i folkehelseprogrammet (2003-2008) er det berre få søknader som gjeld rusmiddelspesifikke tiltak, som har kunna nå opp.
Noreg kan ha utbyte både økonomisk, fagleg og fagpolitisk, ved at norske tiltak kan vere ein del av europeiske prosjekt og få økonomisk støtte frå programmet. Noreg kan starte eigne prosjekt der ein kan få finansiell støtte gjennom programmet, noko som såleis vil kunne gjere det enklare for Noreg å gjennomføre verksame folkehelsestrategiar på rusmiddelområdet som er retta mot særlege folkesetnadsgrupper.
Det finst ei rekkje frivillige organisasjonar som kan gjere ein nyttig innsats, og dette programmet kan medverke til å leggje til rette for frivillig engasjement, og for at frivillige aktørar kan drive nettverksarbeid og ta del i internasjonale prosessar som er viktige for rusfeltet.