4 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking frå EØS/EFTA-statane i EU-programmet om narkotikaførebygging og -informasjon (2007-2013), vil EØS-komiteen vedta ei endring av protokoll 31 artikkel 16 i EØS-avtala, slik at avtala òg omfattar narkotikaprogrammet. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg gjennom vedtak i EØS-komiteen å endre vedlegg til avtala.
I artikkel 1 i utkastet er det gjort framlegg om at denne avgjerda blir innlemma i protokoll 31 artikkel 16 nr. 1 i EØS-avtala.
I artikkel 2 er det slått fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
I artikkel 3 er det slått fast av avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.