1 Bakgrunn
EU-programmet for livslang læring, Lifelong Learning Programme 2007-2013 (LLP), vart formelt vedteke 15. november 2006 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2007-2013. Programmet avløyser og fører vidare dei tidligare utdanningsprogramma som Noreg tek del i på grunnlag av EØS-avtala del IV, samarbeid utanfor dei fire fridommane, artikkel 78 og protokoll 31, artikkel 4.
Ettersom norsk deltaking i programmet inneber økonomiske plikter over fleire år, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, vert det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.
Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1720/2006/EF i uoffisiell norsk omsetjing og utkast til avgjerd i EØS-komiteen følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.