St.prp. nr. 36 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF av 15. november 2006 om fast­setjing av eit handlingsprogram for livslang læring

Til innhaldsliste

2 Nærmare om programmet for livslang læring

Det nye utdanningsprogrammet, som skal gå over sjuårsperioden frå 2007 til 2013, skal samle dei tidligare utdanningsprogramma til EU for å femne om heile utdanningsløpet under eitt, og for å fremje livslang læring 1 .

Den overordna målsetjinga til EU er å medverke til eit høgt utvikla kunnskapssamfunn med berekraftig økonomisk vekst, fleire og betre arbeidsplassar og større sosial utjamning 2 . Ein tek særleg sikte på å fremje utveksling, samarbeid og mobilitet mellom utdannings- og opplæringssystema i Europa, slik at dei kan verte ein referanse for kvalitet på verdsplan. Det er eit særskilt mål å medverke til å betre kvaliteten, tiltrekkingskrafta og tilgangen til livslang læring. Programmet skal òg medverke til å fremje skaparevne, språklæring og toleranse og respekt for andre menneske og kulturar. Aktivitetane skal støtte og utfylle nasjonale utdannings- og opplæringstiltak.

Programmet for livslang læring omfattar eit tverrgåande program som går på tvers av utdanningsområde og –nivå, og fire sektorprogram som høvesvis dekkjer grunnutdanning, høgare utdanning, yrkesopplæring og vaksenopplæring. I tillegg omfattar programmet støtte til institusjonar og verksemd for europeisk integrasjon, det såkalla Jean Monnet-programmet.

Det tverrgåande programmet skal omfatte følgjande fire typar hovudverksemd:

  • samarbeid om politikk og nyskaping innanfor livslang læring,

  • fremjing av språklæring,

  • utvikling av innhald, tenester, pedagogikk og praksis for livslang læring som er nyskapande og IKT-basert,

  • spreiing og utnytting av resultata frå tiltak som får støtte gjennom dette programmet og dei føregåande programma, og utveksling av god praksis.

Delprogramma for dei ulike sektorane skal vere følgjande:

  • Comenius-programmet, som i hovudsak skal støtte skulesamarbeid frå førskulen til og med den vidaregåande skulen, og utveksling av lærarar og elevar,

  • Erasmus-programmet, som skal rette seg mot studentar i høgre utdanning til og med doktorgradsnivå, og dei fagleg tilsette ved universitet og høgskular,

  • Leonardo da Vinci-programmet, som skal omfatte tiltak innanfor yrkesretta opplæring på vidaregåande nivå og på fagskolenivå, medrekna etter- og vidareutdanning,

  • Grundtvig-programmet, som skal støtte vaksenopplæring og alternative utdanningsvegar.

Jean Monnet-programmet skal støtte studentar, forskarar og institusjonar som arbeider med europeisk integrasjon. Målet er å stimulere undervisning, forsking og refleksjon innanfor europeiske integrasjonsstudium. Det skal omfatte følgjande tre hovudverksemder:

  • støtte til studiar og professorat i europeisk integrasjon,

  • driftstilskot som støtte til særskilde institusjonar som arbeider med spørsmål som er knytte til europeisk integrasjon, slik som College of Europe i Brugge og Natolin, dei europeiske institutta i Firenze og Maastricht, og Akademiet for europarett i Trier,

  • driftstilskot som støtte til andre europeiske institusjonar og organisasjonar på området utdanning og opplæring.

Bortsett frå nokre av Jean Monnet-aktivitetane, har Noreg alt teke del både i samarbeidet om politikkutvikling i det overgripande programmet og i dei aktivitetane som det er gjort greie for ovanfor gjennom programma Leonardo da Vinci og Sokrates som utløp 31. desember 2006. Det sistnemnde programmet omfatta Erasmus-, Comenius- og Grundtvig-aktivitetane.

Frå 2007 vil Erasmus klart vere den største budsjettposten av dei ulike delprogramma. Heile 40 prosent av budsjettet er sett av til høgre utdanning, medan 25 prosent skal gå til yrkesretta opplæring gjennom Leonardo da Vinci-programmet. Skulesamarbeidet Comenius og vaksenopplæringsprogrammet Grundtvig er tiltenkt høvesvis 13 og 4 prosent.

Europakommisjonen skal syte for at alle fellesskapstiltak vert gjennomførde på ein verknadsfull og effektiv måte. Deltakarstatane skal gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at programmet fungerer effektiv på nasjonalt plan. Deltakarstatane skal peike ut og overvake ein føremålstenleg struktur, eit såkalla nasjonalt kontor, for ei samordna nasjonal forvalting av programmet. Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU) i Bergen vil vere norsk nasjonalkontor for livslang læringsprogrammet.

I gjennomføringa av programmet skal Kommisjonen samarbeide med ein programkomité. Komiteen skal særleg rådspørjast før dei årlege arbeidsplanane og budsjetta vert vedtekne. Alle statane som tek del i programmet, skal vere representerte i utvalet. I tillegg kan representantar for partane i arbeidslivet ta del som observatørar når utvalet vert rådspurt i saker som gjeld yrkesretta utdanning og opplæring. I praksis tyder det at dei normalt er til stades på alle møta i programkomiteen.

Norske nasjonale ekspertar tenestegjer i Europa­kommisjonen i 3-4 år. Dei er verdfulle kontaktar for å følje arbeidet på utdanningsområdet både politisk og praktisk, i tillegg til at dei etter endt opphald kjem heim med nyttige erfaringar for arbeidet heime.

Kommisjonen skal i samarbeid med medlemsstatane jamleg vurdere programmet i høve til dei fastsette måla. Det skal gjennomførast uavhengige eksterne vurderingar, og det skal jamleg offentleggjerast statistikk for å overvake framdrifta.

Programmet for livslang læring er ope for deltaking frå somme statar som ikkje er medlemmer av EU, til dømes for EFTA-statane og statane på Vest-Balkan. Det er venta at 31 statar vil ta del frå starten 3 . I tillegg vil land som Kroatia og Sveits mest sannsynleg komme med i løpet av programperioden.

Norsk deltaking i EU-programma for utdanning fram til i dag

Som eit ledd i førebuingane til det nye programmet for livslang læring har Kunnskapsdepartementet bede dei nasjonale operatørane for deltaking i det gjeldande utdanningsprogrammet, Teknologisk Institutt (TI) og Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), om å evaluere den norske deltakinga fram til i dag. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet er det blitt gjort undersøkingar blant ’brukarane’ av tilboda. Undersøkinga har i første rekkje gått ut på å kartleggje oppslutning og ringverknader, og kva verdi deltakinga har hatt for den einskilde student, elev, lærar eller utdanningsinstitusjon.

Oppslutninga og aktivitetsnivået talar eit tydeleg språk. Gjennom denne deltakinga har norske elevar, studentar og lærarar fått faglege utfordringar og møtt andre europeiske språk og kulturar. Til dømes har fleire enn 14 000 norske studentar vore på utveksling gjennom Erasmus-programmet frå 1995 og fram til i dag. Samstundes har over 100 000 norske elevar teke del i skulesamarbeid gjennom Comenius. Om lag 11 000 elevar og 1 300 lærarar tek kvart år del i skulesamarbeidsprosjekt. I skuleåret 2005-06 tok 740 norske elevar og lærlingar innanfor yrkesfaga del i utveksling i Europa.

Internasjonalt utdanningssamarbeid vert oppfatta som eit verdifullt og styrkjande tillegg til nasjonal satsing og nasjonalt læringsmiljø. Gjennom Comenius-samarbeidet har fleire hundre norske skular hausta verdfulle røynsler og fått nye perspektiv og dimensjonar inn i undervisninga. Møtet med framande kulturar og andre undervisningssystem har brakt med seg nye synsmåtar, idear og impulsar som har ført til endringar i haldningar og i undervisnings-, kommunikasjons- og organisasjonsformer. Nøkkelorda i tilbakemeldingane frå elevar som har teke del i skulesamarbeid er større sjølvstende, betre prestasjonar og auka motivasjon til læring.

Erasmus er den største ordninga for studentutveksling til Noreg. Stadig fleire norske studentar grip den sjansen og dei føremonene som Erasmus gjev. Veksten dei siste tre åra i talet på norske studentar som studerer i utlandet under Erasmus, var på høvesvis 14, 11 og 11 prosent. Den norske oppslutninga ligg framleis under dei nordiske og europeiske gjennomsnitta, men auken er klart høgare enn i dei fleste andre landa. Det er òg interessant at norske studentar i stadig større grad vel andre statar enn dei engelskspråklege. I dag er Spania, Frankrike og Tyskland viktige mottakarstatar. Det er òg verd å merkje seg at det er fleire utanlandske studentar som kjem til Noreg gjennom Erasmus enn det er norske som reiser ut, og at dette talet stig stadig. I 2005 kom det heile 2 200 innreisande Erasmusstudentar til Noreg, mot 1 299 utreisande.

Den norske lærarmobiliteten innanfor Erasmus ligg over både dei nordiske og europeiske gjennomsnitta, og veksten var i 2004-05 på 20 prosent. Dette gjeld ikkje berre tradisjonelle samarbeidsstatar, men òg dei nye medlemsstatane i EU. Erasmus har ei solid forankring i norske institusjonar. Mange institusjonar for høgare utdanning nyttar programmet medvite som eit verktøy for å heve det akademiske nivået sitt og synleggjere seg internasjonalt. Heile 46 institusjonar tok aktivt del i Erasmus i 2006. Det vert meldt om god regional spreiing når det gjeld deltakarane, men òg om rom for betringar og endå betre utnytting av programmet.

Tilbakemeldingane frå deltakinga i programmet for vaksenopplæring, Grundtvig, er òg positive. Jamført med fleire andre statar har Noreg vore rimeleg bra representert i desse tiltaka, og søknadene i fjor var fleire enn nokon gong. Deltakinga har hatt særleg mykje å seie for tverrgåande institusjonssamarbeid, undervisning av norsk som andrespråk og fengselsundervisninga. Gjennom Grundtvig har undervisninga i norske fengsel vorte gjort meir synleg, både nasjonalt og i Europa.

Det å kunne tilby internasjonale prosjekt vert nytta for å auke statusen til yrkesretta utdanning, og vert sett på som ei konkurranseføremon for å tiltrekkje seg elevar. Oppslutninga om Leonardo da Vinci-programmet er svært god, og tilbakemeldingane talar for at deltakinga bør vidareførast. Interessa frå vidaregåande skular, opplæringskontor og fylkeskommunar er stadig aukande. Ei rekkje norske skular har aktivt nytta dei tilboda som Leonardo gjev, og verkar i dag å ha ein klar internasjonal profil.

Fotnotar

1.

I denne samanhengen tyder «livslang læring» all allmennutdanning, yrkesretta utdanning og opplæring og ikkje-formell og uformell opplæring som ein person tek del i gjennom livet, og som fører til betre kunnskapar, dugleik og kompetanse både i eit personleg, samfunnsmessig, sosialt og/eller yrkesmessig perspektiv. Det omfattar òg rettleiings- og rådgjevingstenester.

2.

Jf. konkurranseevnestrategien som vart vedteken på EU-toppmøtet i Lisboa i mars 2000, med tilhøyrande revisjonar.

3.

EU-statane, EFTA/EØS-landa og Tyrkia