7 Konklusjon og tilråding
Deltakinga for Noreg i programmet i medhald av EØS-avtala er i tråd med norske utdanningspolitiske interesser. Deltaking i desse tiltaka vil medverke til å verkeleggjere livslang læring for alle. Norske og europeiske målsetjingar på dette området er i høg grad samanfallande. Deltaking i internasjonalt utdanningssamarbeid er dessutan eit viktig ledd i kvalitetsutviklinga i vårt eige utdanningssystem. Det støttar opp om undervisninga i framandspråk og bruk av IKT i utdanninga, og medverkar til ny kunnskap og større forståing mellom menneske og kulturar.
Noreg har i mange år teke del i dei europeiske utdannings- og opplæringsprogramma. Dei er ein av berebjelkane i EØS-avtala og ein viktig faktor i kontakten med EU. Det geografiske nedslagsfeltet for dette utdanningssamarbeidet er òg veksande. Det er lagt opp til at det nye programmet for livslang læring skal kunne omfatte opptil 39 europeiske statar.
Kunnskapsdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i avgjerda til EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 1720/2006/EF om fastsetjing av eit program for livslang læring. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.