6 Vurdering av norsk deltaking
Auka internasjonalisering og mobilitet er viktige mål for norsk utdanning på alle nivå 1 . Dette er svært viktig for å stimulere elevar, studentar og lærarar og den faglege utviklinga ved institusjonane. Internasjonalt samarbeid gjev rom for nye impulsar og nytenking. For utdanningsinstitusjonane er internasjonal kontakt med på å styrkje evna til å vurdere eiga verksemd. For elevar og studentar vil internasjonal kontakt fremje ymsesidig toleranse og større utbyte av læringa. Mellommenneskeleg forståing, språkleg kompetanse og kunnskap om andre kulturar er svært viktig for at Noreg og norsk næringsliv skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi. Dette er òg viktige føresetnader for at nyutdanna skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv. Difor har Regjeringa som mål at alle studentar som tek ein høgare eller lågare grad i Noreg, skal få tilbod om å ta delar av utdanninga si i utlandet. Deltaking i det nye europeiske utdanningsprogrammet vil vere eit viktig verkemiddel for å gjennomføre dette. Programmet for livslang læring vil gje svært gode høve til samarbeid og utveksling på tvers av Europa for heile utdannings- og opplæringssektoren. Programmet vil såleis, gjennom tildeling av stipend og anna økonomisk støtte, kome fleire titusen norske elevar, studentar, lærarar og lærlingar til gode.
Høyring av relevante norske aktørar
I arbeidet med det nye programmet for livslang læring har Kunnskapsdepartementet hatt jamleg kontakt med relevante norske aktørar, som til dømes utdanningsorganisasjonane og partane i arbeidslivet, for å høyre synspunkta deira. Tilbakemeldingane når det gjeld eventuell norsk deltaking er eintydig positive.
Fotnotar
Målet om auka internasjonalisering kjem mellom anna fram i Innst. S. nr. 337 (2000-2001) til St.meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt - krev din rett, Innst. S. nr. 268 (2003-2004) til St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring og St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Internasjonalisering er òg eit mål i Kvalitetsreforma for høgare utdanning og i Kunnskapsløftet.