St.prp. nr. 37 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-EØS-statane i ei fellesskapsordning for sivil krisehandtering

Til innhaldsliste

2 Rådsvedtak av 23. oktober 2001 om skiping av ei fellesskapsordning for å styrkje samarbeidet om hjelpeaksjonar innanfor katastrofevernebuing (2001/792/EF, Euratom)

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 308, og til traktaten om skipinga av Det europeiske atomenergifellesskapet, særleg artikkel 203,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1

,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet 2

,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 3

, med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 4

og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Dei tiltaka som Fellesskapet har gjort for å gjennomføre resolusjonen til Rådet av 8. juli 1991 om betre innbyrdes hjelp mellom medlemsstatane i tilfelle naturkatastrofar eller teknologiske katastrofar 5

    har medverka til å verne personar, miljø og eigedom. Det er no naudsynt å sikre eit endå betre vern i tilfelle naturkatastrofar, teknologiske katastrofar, strålingskatastrofar og miljøkatastrofar, medrekna utilsikta havureining, som finn stad både innanfor og utanfor Den europeiske unionen, og å styrkje føresegnene i resolusjonen.

  2. Konvensjonen til Den økonomiske kommisjonen for Europa til Dei sameinte nasjonane om verknader over landegrensene av industriulykker, som inneheld føresegner m.a. om førebygging, om førebuing i tilfelle katastrofar, om informasjon til og deltaking av ålmenta, om meldingssystem for industriulykker, om innsats og om innbyrdes hjelp, tok til å gjelde 19. april 2000. Denne konvensjonen vart godkjend av Fellesskapet ved vedtak 98/685/EF 6

    .

  3. Ei ordning for å styrkje samarbeidet om hjelpeaksjonar innanfor katastrofevernebuing kan utfylle det noverande fellesskapsprogrammet for katastrofevernebuing 7

    ved at hjelp vert gjort tilgjengeleg dersom det skulle oppstå større katastrofesituasjonar som krev hastetiltak. Ho vil lette mobiliseringa av innsatsgrupper, sakkunnige og eventuelt andre ressursar gjennom ein styrkt struktur for katastrofevernebuing i Fellesskapet, noko som vil omfatte eit overvakings- og informasjonssenter i tillegg til eit felles kommunikasjons- og informasjonssystem i tilfelle katastrofar. Ho vil òg gjere det mogleg å samle inn kontrollerte opplysningar om katastrofar med sikte på å overføre dei til medlemsstatane, og å dele dei røynslene som er gjorde i samband med hjelpeaksjonar.

  4. Ei slik ordning vil ta tilbørleg omsyn til regelverket til Fellesskapet og internasjonale plikter på dette området. Dette vedtaket bør difor ikkje påverke dei innbyrdes rettane og pliktene som medlemsstatane h ar i medhald av tosidige eller fleirsidige avtaler om spørsmål som er nemnde i dette vedtaket.

  5. Førebygging er særs viktig når det gjeld vern mot naturkatastrofar, teknologiske katastrofar og miljøkatastrofar, og vil krevje at ytterlegare tiltak vert vurderte.

  6. Dersom det skulle oppstå eller er fare for at det kan oppstå større katastrofar i Fellesskapet som gjev eller kan gje verknader over landegrensene, eller som kan føre til at det kjem ei oppmoding om hjelp på vegner av éin eller fleire medlemsstatar, bør det meldast frå om katastrofen på ein høveleg måte, eventuelt gjennom eit fastlagt felles og påliteleg kommunikasjons- og informasjonssystem.

  7. Det må gjerast førebuande tiltak på medlemsstats- og fellesskapsplan for at innsatsgrupper snøgt skal kunne mobiliserast og verte samordna på den smidige måten som krevst, og gjennom eit opplæringsprogram sikre at vurderings- og/eller samordningsgruppene, innsatsgruppene og andre tilgjengelege ressursar om naudsynt skal kunne handle effektivt og utfylle kvarandre. Andre førebuande tiltak kan vere å samle opplysningar om naudsynte medisinske ressursar og fremje bruken av ny teknologi.

  8. I samsvar med nærleiksprinsippet vil ei fellesskapsordning kunne støtte og utfylle den nasjonale politikken med omsyn til innbyrdes hjelp på området katastrofevernebuing. Dersom den oppmodande medlemsstaten ikkje har tilstrekkeleg vernebuing i form av tilgjengelege ressursar til å gripe inn på ein passande måte ved ein større katastrofe, kan han styrkje vernebuinga si gjennom ei slik fellesskapsordning.

  9. Ei ordning bør gjere det mogleg å mobilisere og lette samordninga av hjelpeaksjonar, for å medverke til å sikre eit endå betre vern, først og fremst av personar, men òg av kulturarven, og såleis redusere tap av menneskeliv, personskadar, tingsskadar, økonomiske skadar og miljøskadar og gjere måla om sosial utjamning og solidaritet meir handgripelege.

  10. På grunn av dei geografiske, topografiske, sosiale og økonomiske tilhøva sine har dei isolerte og mest fjerntliggjande regionane og einskilde andre område i Unionen ofte visse særtrekk og særskilde krav. Desse særtrekka påverkar dei negativt, noko som gjer det vanskeleg å kome fram til dei med hjelp og hjelpemannskap, og gjer det naudsynt med med særlege tiltak dersom det skulle oppstå ein større katastrofe. Den planlagde fellesskapsordninga vil òg gjere det lettare å handtere slike situasjonar og stette slike krav.

  11. Når det gjeld hjelpeaksjonar innanfor katastrofevernebuing som vert utførde utanfor Fellesskapet, bør ei ordning kunne nyttast som eit verktøy for å lette og støtte dei tiltaka som Fellesskapet og medlemsstatane gjer innanfor ramma av den høvesvise kompetansen sin.

  12. Ei slik fellesskapsordning kan, på vilkår som vil verte fastlagde seinare, òg nyttast til å lette og støtte den krisehandteringa som er nemnd i avdeling V i traktaten om Den europeiske unionen.

  13. Hjelpeaksjonar bør anten gjennomførast på sjølvstendig grunnlag eller som del av ein aksjon som vert leidd av ein internasjonal organisasjon, og Fellesskapet bør difor utvikle sambandet sitt med relevante verdsomfattande eller regionale internasjonale organisasjonar.

  14. Ordninga bør vere open for deltaking for søkjarstatane.

  15. For å verkeleggjere måla i traktaten er det naudsynt å betre klarleiken og konsolidere og styrkje dei ulike eksisterande tiltaka innanfor katastrofevernebuing.

  16. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre dette vedtaket, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 8

    .

  17. Bruken av eit felles utval for denne ordninga og for fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing bør kunne sikre at det er samanheng og komplementaritet i gjennomføringa av ordninga.

  18. I traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet og traktaten om skipinga av Det europeiske atomenergifellesskapet er det berre artikkel 308 og 203 som gjev heimel for å gjere dette vedtaket -

GJORT DETTE VEDTAKET:

Artikkel 1

  1. Det vert skipa ei fellesskapsordning (heretter kalla «ordninga») for å styrkje samarbeidet mellom Fellesskapet og medlemsstatane ved hjelpeaksjonar innanfor katastrofevernebuing dersom det skulle oppstå eller er fare for at det kan oppstå større katastrofar i Fellesskapet, og som krev hastetiltak.

  2. Føremålet med ordninga er å sikre eit betre vern, først og fremst av personar, men òg av miljø og eigedom, medrekna kulturarven,dersom det skulle oppstå eller er fare for at det kan oppstå større katastrofar , det vil seie naturkatastrofar, teknologiske katastrofar, strålingskatastrofar eller miljøkatastrofar i eller utanfor Fellesskapet, medrekna utilsikta havureining, slik det er fastsett i europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2850/2000/EF av 20. desember 2000 om fastsettelse av en fellesskapsramme for samarbeid om utilsiktet eller tilsiktet havforurensning 9

    .

    Ordninga påverkar ikkje dei pliktene som følgjer av regelverket til Det europeiske fellesskapet eller Det europeiske atomenergifellesskapet eller gjeldande internasjonale avtaler.

    Hovudføremålet med ordninga er på oppmoding å yte hjelpved slike katastrofar, og å medverke til ei betre samordning av dei hjelpeaksjonane som medlemsstatane og Fellesskapet utfører, samstundes som det vert teke omsyn til dei særskilde krava til dei isolerte og mest fjerntliggjande regionane eller øyane i Fellesskapet.

  3. Ordninga omfattar ei rekkje element og tiltak, medrekna

    • registrering av innsatsgrupper og andre hjelpemannskap som er tilgjengelege i medlemsstatane til å gjennomføre hjelpeaksjonar dersom det skulle oppstå katastrofar,

    • utarbeiding og gjennomføring av eit opplæringsprogram for innsatsgrupper og andre hjelpemannskap i tillegg til sakkunnige frå vurderings- og/eller samordningsgrupper,

    • arbeidsgrupper, seminar og forsøksprosjekt om viktige sider ved hjelpeaksjonar,

    • oppnemning og eventuelt utsending av vurderings- og/eller samordningsgrupper,

    • skiping og drift av eit overvakings- og informasjonssystem,

    • skiping og drift av eit felles kommunikasjons- og informasjonssystem i tilfelle katastrofar,

    • andre støttetiltak, som t.d. tiltak for å lette transporten av ressursar som skal nyttast ved hjelpeaksjonar.

Artikkel 2

Dersom det skulle oppstå eller er fare for at det kan oppstå ein større katastrofe i Fellesskapet som gjev eller kan gje verknader over landegrensene, eller som kan føre til at det kjem ei oppmoding om hjelp på vegner av éin eller fleire medlemsstatar, skal den medlemsstaten der katastrofen har skjedd, straks melde frå til

  1. dei medlemsstatane som kan verte omfatta av den aktuelle katastrofen, dersom det ikkje allereie er teke omsyn til denne meldingsplikta i medhald av det aktuelle regelverket til Det europeiske fellesskapet eller Det europeiske atomenergifellesskapet eller gjeldande internasjonale avtaler, og

  2. Kommisjonen, dersom det kan ventast ei oppmoding om hjelp gjennom overvakings- og informasjonssenteret, slik at Kommisjonen om naudsynt kan informere dei andre medlemsstatane og mobilisere dei rette tenestene sine.

2. Slik melding skal eventuelt gjevast gjennom kommunikasjons- og informasjonssystemet.

Artikkel 3

For å vere sikre på at dei kan gripe inn på ein effektiv måte dersom det oppstår større katastrofar, skal medlemsstatane

  1. på førehand peike ut, innanfor dei rette tenestene sine og særleg innanfor katastrofevernebuingstenestene eller andre naudtenester, dei innsatsgruppene som kan vere tilgjengelege for deltaking i slike aksjonar, eller som kan sendast ut på svært kort varsel, vanlegvis innan 12 timar etter at oppmodinga om hjelp vart gjeven, samstundes som det vert teke omsyn til at samansetnaden av gruppa bør vere avhengig av kva slags katastrofe det dreier seg om og kva som krevst i den aktuelle situasjonen,

  2. peike ut sakkunnige som kan tilkallast for å ta del i ei vurderings- og/eller samordningsgruppe i katastrofeområdet,

  3. skaffe relevante allmenne opplysningar om desse mannskapa og dei sakkunnige, og dessutan om dei medisinske ressursane som er nemnde i artikkel 4 bokstav e), innan ein frist på seks månader etter at dette vedtaket er gjort, og straks ajourføre desse opplysningane dersom det er naudsynt,

  4. vurdere om det er mogleg å eventuelt stille andre former for støtte til rådvelde gjennom dei relevante tenestene, som t.d. spesialisert personale og spesialutstyr til å handsame ein særskild katastrofe, og å setje inn ressursar frå ikkje-statlege organisasjonar og andre relevante organ,

  5. for å gjennomføre dette vedtaket, peike ut dei rette styresmaktene og kontaktpunkta og melde frå til Kommisjonen om desse.

Artikkel 4

For å verkeleggjere dei måla og gjennomføre dei tiltaka som er fastsatte i artikkel 1, skal Kommisjonen

  1. som eit ledd i ordninga skipe og drive eit overvakings- og informasjonssenter som skal vere tilgjengeleg og i stand til straks å gripe inn 24 timar i døgnet, og som skal stillast til rådvelde for medlemsstatane og Kommisjonen,

  2. skipe og drive eit påliteleg felles kommunikasjons- og informasjonssenter i tilfelle katastrofar, som gjer kommunikasjon og utveksling av opplysningar mogleg mellom kommunikasjons- og informasjonssenteret og dei kontaktpunkta som medlemsstatane har peikt ut for det føremålet,

  3. gjere det mogleg å mobilisere og på kortast mogleg varsel sende ut små grupper med sakkunnige som skal

    • gje medlemsstatane, vurderings- og informasjonssenteret og den oppmodande medlemsstaten ei vurdering av situasjonen,

    • om naudsynt lette samordninga av hjelpeaksjonane på staden, og eventuelt vere eit bindeledd til dei rette styresmaktene i den oppmodande staten,

  4. utarbeide eit opplæringsprogram som skal betre samordninga av hjelpeaksjonar innanfor katastrofevernebuing ved å sikre at det er samverknad og komplementaritet mellom dei innsatsgruppene som er nemnde i artikkel 3 bokstav a), eller eventuelt andre hjelpemannskap som er nemnde i artikkel 3 bokstav b), og ved å betre vurderingsevna til dei sakkunnige. Programmet bør omfatte felles kurs og øvingar i tillegg til ei utvekslingsordning som gjer det mogleg å utplassere einskildpersonar til teneste i andre medlemsstatar,

  5. samle opplysningar om kva kapasitet medlemsstatane har til å halde ved lag produksjonen av serum og vaksinar eller andre naudsynte medisinske ressursar, og om kva lager som kan gjerast tilgjengelege dersom det skulle oppstå større katastrofar, og samle desse opplysningane i informasjonssystemet,

  6. skipe eit program på grunnlag av dei røynslene som er gjorde i samband med ordninga, og spreie desse røynslene gjennom informasjonssystemet,

  7. stimulere og oppmuntre til bruk av ny teknologi innanfor ordninga, medrekna meldings- og alarmsystem, informasjonsutveksling, bruk av satellitteknologi og støtte til avgjerdstaking i samband med handtering av katastrofar,

  8. gjere tiltak for å lette transporten av ressursar til hjelpeaksjonar og andre støttetiltak.

Artikkel 5

  1. Når det oppstår ein katastrofe i Fellesskapet, kan ein medlemsstat på ein mest mogleg spesifikk måte oppmode om hjelp

    1. frå dei andre medlemsstatane gjennom overvakings- og informasjonssenteret. Når Kommisjonen har motteke ei slik oppmoding, skal han straks og på høveleg vis

      • sende vidare oppmodinga til kontaktpunkta i dei andre medlemsstatane,

      • lette mobiliseringa av innsatsgrupper, sakkunnige og andre hjelpemannskap,

      • samle inn kontrollerte opplysningar om katastrofen og spreie dei til medlemsstatane, eller

    2. direkte frå dei andre medlemsstatane.

  2. Ein medlemsstat som vert oppmoda om å hjelpe, skal snøgt avgjere om han er i stand til å gje den hjelpa som krevst og melde frå til den oppmodande medlemsstaten om dette, anten gjennom overvakings- og informasjonssenteret eller direkte, og deretter, alt etter omstenda, melde frå til senteret og opplyse om omfanget av og vilkåra for den hjelpa han kan gje.

  3. Den oppmodande medlemsstaten er ansvarleg for å leie hjelpeaksjonane. Styresmaktene i den oppmodande medlemsstaten skal fastsetje retningslinjene og om naudsynt rammene for dei oppgåvene som innsatsgruppene er vortne pålagde, utan å gje detaljar om korleis dei er utførde, noko som skal overlatast til den personen som den hjelpeytande medlemsstaten har peikt ut som ansvarleg.

  4. Den oppmodande medlemsstaten kan be innsatsgruppene om å leie aksjonen på vegner av medlemsstaten. I slike tilfelle skal gruppene frå medlemsstatane og Fellesskapet leggje vinn på å samordne innsatsen sin.

  5. Vurderings- og/eller samordningsgruppa bør lette samordninga mellom innsatsgruppene, og eventuelt vere eit bindeledd til dei rette styresmaktene i den oppmodande medlemsstaten.

Artikkel 6

Føresegnene i artikkel 5 kan på oppmoding òg nyttast på aksjonar som vert gjennomførde utanfor Fellesskapet. Desse hjelpeaksjonane kan anten utførast på sjølvstendig grunnlag, eller vere ein del av ein aksjon som vert leidd av ein internasjonal organisasjon.

Dei hjelpeaksjonane innanfor katastrofevernebuing som vert gjennomførde utanfor Fellesskapet innanfor ramma av denne ordninga, skal samordnast av den medlemsstaten som har formannskapet i Rådet for Den europeiske unionen.

Artikkel 7

Ordninga skal vere open for deltaking for

  • søkjarstatane i Sentral- og Aust-Europa i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda,

  • Kypros, Malta og Tyrkia på grunnlag av tosidige avtaler som skal inngåast med desse statane.

Artikkel 8

  1. Kommisjonen skal gjennomføre dei tiltaka som høyrer inn under ordninga, i samsvar med dei framgangsmåtane som er nemnde i artikkel 9 nr. 2.

  2. Kommisjonen skal òg i medhald av dei framgangsmåtane som er nemnde i artikkel 9 nr. 3, fastsetje felles reglar, sæleg med omsyn til

    1. dei ressursane som vert stilte til rådvelde ved ein hjelpeaksjon, i samsvar med artikkel 3,

    2. overvakings- og informasjonssenteret, i samsvar med artikkel 4 bokstav a),

    3. det felles kommunikasjons- og informasjonssystemet, i samsvar med artikkel 4 bokstav b),

    4. vurderings- og/eller samordningsgruppene, i samsvar med artikkel 4 bokstav c), medrekna kriteria for utveljing av sakkunnige,

    5. opplæringsprogrammet, i samsvar med artikkel 4 bokstav d),

    6. opplysningar om medisinske ressursar, i samsvar med artikkel 4 bokstav e),

    7. aksjonar som vert gjennomførde innanfor Fellesskapet på grunnlag av resolusjonen av 8. juli 1991, i tillegg til aksjonar som vert gjennomførde utanfor Fellesskapet, i samsvar med artikkel 6.

Artikkel 9

  1. Kommisjonen skal få hjelp av det utvalet som er oppnemnt ved artikkel 4 nr. 1 i vedtak 1999/847/EF.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast.Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  3. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 5 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast. Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 5 nr. 6 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere tre månader.

  4. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 10

Kommisjonen skal vurdere gjennomføringa av dette vedtaket kvart tredje år frå dagen då det tok til å gjelde, og leggje fram konklusjonane frå denne vurderinga for Europaparlamentet og Rådet saman med evenetuelle framlegg til endringar av vedtaket.

Artikkel 11

Dette vedtaket skal nyttast frå 1. januar 2002.

Artikkel 12

Dette vedtaket er retta til medlemsstatane.

Utferda i Luxembourg, 23. oktober 2001.

For Rådet

A. NEYTS-UYTTEBROECK

Formann

Fotnotar

1.

TEF C 29 E av 30.1.2001, s. 287.

2.

Fråsegn gjeven 14. juni 2001 (enno ikkje offentlegjord i TEF).

3.

TEF C 139 av 11.5.2001, s. 27.

4.

TEF C 253 av 12.9.2001, s. 17.

5.

TEF C 198 av 27.7.1991, s. 1.

6.

TEF L 326 av 3.12.1998, s. 1.

7.

Rådsvedtak 1999/847/EF av 9. desember 1999 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing (TEF L 327 av 21.12.1999, s. 53).

8.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

9.

TEF L 332 av 28.12.2000, s. 1.