St.prp. nr. 37 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-EØS-statane i ei fellesskapsordning for sivil krisehandtering

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 111/2002 av 12. juli 2002 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte rådsvedtak 2001/792/EF, Euratom av 23. oktober 2001 om skiping av ei fellesskapsordning for å styrkje samarbeidet om hjelpeaksjonar innanfor katastrofevernebuing 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2003 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 til avtala vert det gjort følgjande endringar i artikkel 10 (Katastrofevernebuing):

1.Nr. 5 skal lyde:
«EFTA-statene skal delta i fellesskapshandlingsprogrammene og -ordningene som er nevnt i nr. 8.»
2.I nr. 6 og 7 vert »fellesskapshandlingsprogrammene» endra til«fellesskapshandlingsprogrammene og -ordningene» .
3.I nr. 8 skal teksta før strekpunkta lyde:
«Følgende fellesskapsrettsakter, samt rettsakter i henhold til disse, omfattes av denne artikkel:
a.Fellesskapsrettsakter som får anvendelse fra 1. januar 2000 eller tidligere:»
4.I nr. 8 etter bokstav a) skal ny bokstav b) lyde:
«b.Fellesskapsrettsaktersom får anvendelse fra 1. januar 2003:
-32 001 D 0792: Rådsvedtak 2001/792/EF, Euratom av 23. oktober 2001 om skiping av ei fellesskapsordning for å styrkje samarbeidet om hjelpeaksjonar innanfor katastrofevernebuing (TEF L 297 av 15.11.2001, s. 7).
For føremåla med denne avtala skal føresegnene i vedtaket gjelde med følgjande tilpassing:
EFTA-statane skal rette meldingar etter artikkel 2 nr. 1 bokstav b) til Kommisjonen.»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde 28. september 2002, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2003.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, 27. september 2002.

For EØS-komiteen
Formann
Gunnar Snorri Gunnarsson
Sekretærar for EØS-komiteen
P.K. MannesM. Brinkmann

Fotnotar

1.

Enno ikkje kunngjord.

2.

TEF L 297 av 15.11.2001, s. 7.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.