2 Nærmare om fellesskapsordninga
2.1 Føremål
Intensjonen bak Europakommisjonens initiativ til skiping av fellesskapsordninga er å medverke til å sikre betre vern av menneske, miljø, eigedom og kulturelle verdiar i tilfelle naturlege, teknologiske, radiologiske og miljømessige kriser, og i tilfelle ureiningsulykker til havs, både innanfor og utanfor Den europeiske unionen. I lys av terroraksjonane hausten 2001 er arbeidet med gjennomføringa av fellesskapsordninga endå meir intensivert. Ordninga rører ikkje ved plikter under eksisterande relevant lovgjeving i EU eller andre internasjonale avtaler. Søkjarstatane til EU vil òg få høve til å ta del i ordninga.
Det overordna føremålet med fellesskapsordninga er at EU på førespurnad kan gje støtte ved ulike typar kriser, og dessutan leggje til rette for ei betre samordning av støttande operasjonar gjennom medlemsstatane og Det europeiske fellesskapet. Ordninga vil leggje til rette for mobilisering av innsatsgrupper, ekspertar og andre ressursar gjennom ein styrkt struktur for sivil vernebuing, som m.a. er samansett av eit overvakings- og informasjonssenter og eit felles krisekommunikasjons- og informasjonssystem. I tillegg vil ordninga gje betre høve til å samle informasjon om kriser og distribuere informasjon til medlemsstatane, og til å utveksle røynsler frå hjelpoperasjonar.
Gjennomføringa av ordninga skal evaluerast av Kommisjonen kvart tredje år frå ordninga tek til å gjelde, og konklusjonane skal, samen med eventuelle framlegg til endringar, leggjast fram for Europaparlamentet og Rådet.
2.2 Ansvaret til medlemsstatane, jf. artikkel 3 i rådsvedtaket:
Dei statane som knyter seg til ordninga, pliktar til å identifisere, formidle og ajourføre oversikter over operative innsatsgrupper som kan sendast til eit kriseområde. Det vert òg lagt opp til at EU skal sende ut ekspertar som kan evaluere krisa og samordne den internasjonale hjelpa. Desse ekspertane må òg peikast ut frå deltakarstatane på førehand, slik at dei kan følgje opplæringsprogrammet til Kommisjonen. I tillegg vert Noreg bede om å identifisere, formidle og ajourføre oversikter over medisinske ressursar, og om å peike ut og informere Kommisjonen om eit nasjonalt kontaktpunkt.
2.3 Ansvaret til Kommisjonen, jf. artikkel 4 i rådsvedtaket:
For å kunne gjennomføre fellesskapsordninga har òg Kommisjonen teke på seg ein del ansvar, ettersom han pliktar seg til å skipe eit overvakings- og informasjonssenter som er tilgjengeleg heile døgnet, og eit felles, sikkert kommunikasjons- og informasjonssystem. Dette vil gjere det mogleg snøgt å mobilisere og sende ut ekspertgrupper som kan vurdere kva hjelp som trengst, og samordne hjelpa. I tillegg vil Kommisjonen i samarbeid med nokre av medlemsstatane, setje i verk felles treningsprogram og øvingar. Kommisjonen vil òg ha ansvar for å samle og systematisere den naudsynte informasjonen om ressursane til medlemsstatane, og vil distribuere informasjon om kriser og om dei operasjonane som eventuelt vert sette i verk.
2.4 Varsling og assistanse, jf. artikkel 2 i rådsvedtaket:
Varsling om alvorlege kriser eller eit trugsmål om ei krise, skal helst skje gjennom kommunikasjons- og informasjonssystemet. Det er opp til den staten som står overfor ei krise, å be om støtte frå andre statar og frå Kommisjonen gjennom fellesskapsordninga. Dersom det kjem ei oppmoding om hjelp, skal Kommisjonen sende denne vidare til kontaktpunkta i dei andre medlemsstatane, leggje til rette for mobilisering av grupper, ekspertar og anna støtte til den kriseramma staten og samle inn stadfesta informasjon om krisen og distribuere dette til medlemsstatane.