4 Vurdering
Norsk deltaking i fellesskapsordninga for sivil krisehandtering vil gje gode høve til å ta del i og utforme internasjonal vernebuing i tilfelle kriser. T.d. vil Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) ha både personell og ressursar som kan gjerast tilgjengelege i slike operasjonar, jf. støttegruppene for internasjonal innsats. Dei omfattande opplæringsplanane vil kunne medverke til kompetanseheving innan krisehandtering for norske nasjonale ekspertar på dette feltet. EUs vilje til å skipe ei operativ ordning for betre samordning signaliserer auka fokus på kor viktig det er med sivil vernebuing, og det vil vere til føremon for Noreg å medverke til å styrkje dette feltet også internasjonalt.
Deltaking i fellesskapsordninga vil vere i tråd med dei måla som ligg til grunn for samfunnstryggingsarbeidet, jf. Innst. S. nr. 9 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 17 (2001-2002) «Samfunnssikkerhet».
Under visse føresetnader vil òg fellesskapsordninga kunne vere eit reiskap for å støtte krisehandtering som fell innanfor avdeling V i EU-konvensjonen om EUs felles tryggings- og utanrikspolitikk, jf. artikkel 12 i rådsvedtaket. Norsk deltaking i fellesskapsordninga kan òg gje høve til å kome nærmare arbeidet i ESDP (European Security and Defence Policy). Deltaking i fellesskapsordninga vil vere i samsvar med norske interesser og ha grunnlag i nasjonale prioriteringar.