3 Forhandlingsprosessen
Stortinget vedtok 14. juni 2001 å be Regjeringa om «å gi aktiv støtte til internasjonalt arbeid som kan føre til et forbud mot klasebomber, på linje med forbudet mot antipersonellminer». Vedtaket vart fatta i samband med handsaminga av St.meld. nr. 46 (2000-2001) om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2000.
I brev av 14. august 2001 frå Utanriksdepartementet, gjengitt i St.meld. nr. 4 (2001-2002), side 42, gjorde den dåverande Regjeringa greie for oppfølginga av Stortinget sitt vedtak. Regjeringa peika på at den «støtter internasjonalt arbeid som har til hensikt å regulere og, om nødvendig forby bruk av våpen og ammunisjon som kan ha en utilsiktet inhuman effekt. På den internasjonale nedrustningsarena foregår det imidlertid intet arbeid som på kort eller mellomlang sikt har som målsetting å komme fram til et totalforbud mot «klasebomber». Ingen stater har på det nåværende tidspunkt tatt til orde for dette. Det gjør heller ikke Det Internasjonale Røde Kors.»
Avslutningsvis seier Regjeringa som følgjer: «En tilnærming basert på i første omgang regulering av bruk, for så å bevege seg over til et forbud mot nærmere definerte «klasebomber», vil forøvrig være i tråd med den som førte fram til totalforbudet mot antipersonellminene.»
Den noverande Regjeringa tok på seinhausten 2001 ytterlegare initiativ med sikte på å følgje opp Stortinget sitt vedtak av 14. juni 2001. Det vart konsultert med nære allierte og partnarar om det var mogleg å sette i gang arbeid med sikte på å forby «klasebomber» i tråd med vedtaket, men det var inga støtte for tanken om eit totalforbod. I desse konsultasjonane vart eit totalforbod avvist som ei uaktuell problemstilling på grunn av bombene si militære rolle. Alternative våpen eller ammunisjonstypar vart framheva for å ha vel så store negative humanitære konsekvensar.
Utanriksministeren orienterte Stortinget 28. februar 2002 om Regjeringa si oppfølgjing av Stortinget sitt vedtak. Han viste m.a. til at: «Ut fra de drøftinger vi har hatt, er grunnlaget ikke til stede for et selvstendig norsk initiativ om et totalforbud. Jeg har derfor lagt til grunn at vi fra norsk side nå konsentrerer oss om i første omgang å videreføre arbeidet for å samle enighet om reguleringer av bruk av klasebomber». Ingen representantar hadde substansielle merknader til utanriksministeren si utgreiing på dette punktet.
Frå norsk side valde ein derfor å vidareføre arbeidet på dette feltet innafor ramma av FN-konvensjonen om inhumane våpen med sikte på å einast om så omfattande reguleringar som mogleg. Ein gjekk inn for at forhandlingsmandatet ikkje skulle avgrensast til berre å omhandle tiltak etter at ei væpna konflikt er over, men også opne for førebyggjande tiltak, som til dømes forbod mot bruk av visse ammunisjonstypar mot militære mål i tettbygde strøk. Dette gjaldt i særleg grad klaseammunisjon. Ein gjekk også inn for å stille strenge krav til kor påliteleg ammunisjonen skal vera (dvs. redusere talet på blindgjengarar), i tillegg til tiltak som stilte krav til opprydding, hjelp og assistanse.
Under førebuingane til den andre tilsynskonferansen for FN-konvensjonen om inhumane våpen, la den Internasjonale Raude Kross-komiteen (IRKK) fram eit forslag om ein ny protokoll om eksplosive krigsleivningar. IRKK la til grunn fire prinsipp som skulle inngå i ein slik protokoll: ryddeansvar, varsling til sivilbefolkninga, utveksling av informasjon, og forbod mot bruk av visse ammunisjonstypar mot militære mål i tettbygde strøk. Noreg høyrde til kretsen av land som støtta IRKK sitt forslag, inkludert dei fire prinsippa.
Tilsynskonferansen etablerte ei ekspertgruppe med mandat til å setje i gang konsultasjonar om problem knytte til eksplosive krigsleivningar, ut frå eit humanitærrettsleg, tryggingspolitisk og teknisk perspektiv.
Det vaks etter kvart fram semje om eit forhandlingsmandat der ein først og fremst skulle ta sikte på eit instrument for tiltak etter at ei væpna konflikt er over. Dette skulle gjelde ansvar for rydding og utveksling av informasjon, støtte til ofre for eksplosive krigsleivningar, og varsling av sivile. Det var også semje om ei tilnærming som gjorde det mogleg å fange opp relevante våpentypar, også klaseammunisjon. Ekspertgruppa sitt arbeid førte til at det neste statspartsmøtet i desember 2002, ga mandat til formelle forhandlingar om eit nytt instrument om dette.
Sjølv om forhandlingsmandatet, slik det vart vedteke, ikkje opna for arbeid for eit totalforbod mot klaseammunisjon, opna det for ei drøfting om tiltak for å avgrense dei humanitære skadeverknadene av bruken av slik ammunisjon.
Ekspertgruppa arbeidde vidare med dette i 2003 og tilrådde ein ny protokoll V for statspartsmøtet om hausten.