8 Vurdering og tilråding
Protokollen om eksplosive krigsleivningar representerer eit viktig internasjonalt framsteg på det humanitære området. Den vil kunne bidra til å redusere sivilbefolkninga si liding etter at ei væpna konflikt er over. Protokollen vil vidare bidra til å fremje konkret samarbeid om rydding av områder etter at stridshandlingane er over.