6 Dei ulike artiklane i protokoll V om eksplosive krigsleivningar
Protokollen består av 11 artiklar.
Artikkel 1 fastset protokollen sitt generelle virkeområde. Den slår fast at protokollen også skal omfatte interne konfliktar.
Artikkel 2 definerer eksplosive krigsleivningar. Ein har lagt til grunn ei generell tilnærming, der ein i staden for å liste opp våpen- og ammunisjonstypar har valt å skilje ut miner som er regulerte gjennom andre instrument. Eksplosive krigsleivningar som stammar frå konfliktar før den nye protokollen trer i kraft er ikkje omfatta av protokollen.
Artikkel 3 omhandlar rydding, fjerning og destruering av eksplosive krigsleivningar. Artikkelen fastset ansvaret til den part som har kontroll over territoriet der det finst eksplosive krigsleivningar, brukarar som ikkje har slik kontroll, andre statspartar og det internasjonale samfunnet. Den slår fast at humanitære omsyn skal liggje til grunn ved prioritering av rydding, fjerning og/eller destruering.
Artikkel 4 omtalar partane sine plikter til å registrere, ta vare på og utveksle opplysningar om bruk av eksplosiv, og til å gjere opplysningane tilgjengeleg for alle partar som har eit rydde- og opplysningsansvar etter at stridshandlingane er over.
Artikkel 5 gjeld åtgjerder til vern av sivilbefolkninga og sivile føremål mot farene og verknadene av eksplosive krigsleivningar. I det tekniske vedlegget er det oppgitt nærmare forholdsregler om varsling og informasjon samt rettleiing for merking av områder.
Artikkel 6 regulerer vern av humanitære oppdragseiningar og organisasjonar mot verknaden av eksplosive krigsleivningar. Reguleringane omfattar partane i ei konflikt si plikt til å verne slike mot verknadene av eksplosive krigsleivningar, samt partane si plikt til å gi relevant informasjon om kjend og mogleg lokalisering av slike leivningar dersom ein involvert humanitær oppdragseining eller organisasjon ber om det.
Artikkel 7 gjeld støtte med omsyn til eksisterande eksplosive krigsleivningar. Protokollen har ikkje tilbakeverkande kraft, men alle statspartar har rett til å be om støtte til handtering av slike eksplosive krigsleivningar.
Artikkel 8 slår fast at alle partar som evnar skal yte støtte til merking, rydding, fjerning eller destruering av eksplosive krigsleivningar, samt gje informasjon til sivile. Artikkelen presenterer moglege kanalar for slik støtte bilateralt, gjennom FN, Raude Kross- og Raude Halvmåne-systemet eller andre friviljuge organisasjonar. Partane pliktar å gi opplysningar om databasar, ulike metodar og teknologiar, og på friviljug basis, teknisk informasjon om relevante typar eksplosiv.
Artikkel 9 oppfordrar partane til å treffe generelle førebyggjande tiltak med sikte på å redusere førekomsten av eksplosive krigsleivningar slik det vert omtala i det tekniske vedlegget, del 3.
Artikkel 10 slår fast at dersom 18 statspartar ber om det, vil det bli kalla inn til konferanse for dei høge kontraherande partar for å handsame alle spørsmål som gjeld protokoll V.
Artikkel 11 pålegg statspartane å sørgje for at forsvaret og relevante nasjonale institusjonar sender ut naudsynte instruksar for å følgje opp pålegga i protokollen. Partane pliktar å samrå og samarbeide bilateralt, gjennom FN eller eigna internasjonale prosedyrar for å løyse eventuelle vanskar med tolking eller bruk av reguleringane i protokollen.