1 Bakgrunn
EØS-komiteen vedtok 29. april 2005 å endre vedlegg IX (Finansielle tjenster) til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/39/EF om marknader for finansielle instrument (verdipapirmarknadsdirektivet).
I tillegg inneber direktivet òg einskilde endringar i følgjande direktiv som er innlemma i EØS-avtala:
direktiv 85/611/EØF om samordning av lover og forskrifter om visse føretak for kollektiv investering i verdipapir,
direktiv 93/6/EØF om kapitaldekningsgraden til investeringsføretak og kredittinstitusjonar.
Alle direktiva som vert endra eller bytte ut, er ein del av EØS-avtala i dag.
Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og verdipapirmarknadsdirektivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.