6 Konklusjon og tilrådning
Det er venta at gjennomføringa av direktivet vil kunne medverke til ein meir effektiv og betre integrert norsk verdipapirmarknad. Verdipapirmarknadsdirektivet harmoniserer regelverket for verdipapirføretak og regulerte marknader i EØS-området ytterlegare, og vert rekna for å medverke til å auke tilliten til verdipapirmarknadene i EØS-området gjennom dei reglane som er nemnde ovanfor. Dette er viktig for den indre marknaden for finansielle tenester.
Finansdepartementet tilrår at verdipapirmarknadsdirektivet vert innlemma i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.