Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 65 av 29. april 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2004/39/EF om marknader for finansielle instrument (verdipapirmarknadsdirektivet).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 65 av 29. april 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2004/39/EF om marknader for finansielle instrument (verdipapirmarknadsdirektivet), i samsvar med eit vedlagt forslag.