3 Avgjerda i EØS-komiteen
EØS-komiteen vedtok 29. april 2005 avgjerd nr. 65 om å endre vedlegg IX, Finansielle tenester, til EØS-avtala til å omfatte direktiv 2004/65/EF om marknader for finansielle instrument.
Avgjerda i EØS-komiteen inneheld ei innleiing og fire artiklar.
Artikkel 1 slår fast at det vert gjort følgjande endringar i vedlegg IX til avtala:
I nr. 14 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/12/EF), nr. 30 (rådsdirektiv 85/611/EØF) og nr. 30a (rådsdirektiv 93/6/EØF) skal nytt strekpunkt lyde: «–32004 L 0039: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/39/EF av 21. april 2004 (EUT L 145 av 30.4.2004, s. 1), retta ved EUT L 45 av 16.2.2005, s. 18.»
Etter nr. 30c (europaparlaments- og rådsdirektiv 97/9/EF) skal nytt nr. 30ca lyde: «30ca. 32004 L 0039: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/39 av 21. april 2004 om marknader for finansielle instrument, om endring av rådsdirektiv 85/611/EØF og 93/6/EØF og europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/12/EF og om oppheving av rådsdirektiv 93/22/EØF/EUT L 145 av 30.4.2004, s. 1), retta ved EUT L 45 av 16.2.2005, s. 18.
Deretter vert det sagt at føresegnene i direktivet skal gjelde med ei tilpassingstekst som har følgjande føremål:
Artikkel 15 i direktivet dreier seg om tilhøvet til tredjestatar og verdipapirføretak med hovudsete utanfor EØS, og gjeld for Noreg med dei tilpassingane som følgjer av EØS-avtala vedlegg IX punkt 30ca. Tilpassingane sikrar m.a. at Noreg får ta del i informasjonsutvekslinga som er omtala i artikkel 15.1 og 15.4 i direktivet, at det skal haldast samråd om saker som er nemnde i artikkel 15.2 og 15.3 i EØS-komiteen, og at Fellesskapet i forhandlingar med ein tredjestat for å oppnå nasjonal handsaming og reell marknadstilgang for investeringsføretaka i Fellesskapet, skal søkje å oppnå den same handsaminga for investeringsføretak i EFTA-statane.
Artikkel 2 fastset at teksta til rettsaktene på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tilegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal gjelde.
Artikkel 3 slår fast at at denne avgjerda tek til å gjelde frå 30. april 2005, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.